Småviltjakt i Ullensvang statsallmenning
Småviltjakt i Ullensvang statsallmenning på Hardangervidda.
Arter
- Småvilt
- Lirype
- Fjellrype
- Hare
- Rødrev
- Gjess
- And
Beliggenhet
Viktige datoer
01.06.2023 kl. 09:00
Kontakt selger
Video
Kjøp/søk kort her
Om selger
Sjå heimesida for Ullensvang statsallmenning, her vil du finna fortløpande info om jakt, fiske, fjellstyrehytter, og fjellstyra sitt arbeid.
Jaktkvoter
Maks tre ryper pr. jeger/dag (ikkje samle opp frå dag til dag).
Fangstrapportering
For å jakte her må du levere fangstrapport etter turen.
Rapporter fangstMer detaljert beskrivelse
Høgtliggjande, alt areal over 1000 m.o.h. Mesteparten av terrenget ligg inne i Hardangervidda nasjonalpark.
Ikkje bilveg eller tilkomst med anna motorisert køyretøy i samband med småviltjakt. Difor eit "fredeleg" terreng med omsyn til andre jegerar. Fjellstyra har husvære/hytter i Bjødnabotn, ved Kvennsjøen, ved nedsta Krokavatn og ved Hansbu som kan leigast i samband med utøving av jakta. Sjå nettsida til Ullensvang fjellstyre for nærare informasjon om leige av husvære.
Jaktregler
Generelle reglar
- Kortet gjeld for alt jaktbart småvilt.
- Generelle jaktreglar gjeld, jf. Forskrift om utøvelse av jakt, felling og fangst og Forskrift om jakt- og fangsttider fra og med 1. april 2017 til og med 31. mars 2022.
- Jakttid: 15.9-28.2/29.2., med avgrensingar innanfor denne ramma for kvar einskild art, jf. Forskrift om jakt- og fangsttider fra og med 1. april 2017 til og med 31. mars 2022.
- Jaktkvote på tre ryper pr. jeger/dag (ikkje samle opp frå dag til dag).
- Ingen restriksjonar på bruk av hund i rypejakta.
- Jegerane skal levere jaktrapport etter avslutta jakt.
- Jegerane blir oppfordra til å telte i nærleiken av hytter i reinsjakta (15.9-30.9).
Smårovviltkort
- Kortet gjeld for artane raudrev, røyskatt, mår, mink, kråke og ravn.
- Jeger skal ha jaktkort med seg under jakta, og pliktar å vise det fram når dette vert kravt av jaktoppsynet, politiet eller nokon frå fjellstyret.
- Generelle jaktreglar gjeld, jf. Forskrift om utøvelse av jakt, felling og fangst og Forskrift om jakt- og fangsttider fra og med 1. april 2017 til og med 31. mars 2022.
- Jakttid: 15.7-15.4., med avgrensingar innanfor denne ramma for kvar einskild art, jf. Forskrift om jakt- og fangsttider fra og med 1. april 2017 til og med 31. mars 2022.
- Jakt er ikkje tillate i tida frå og med 24. desember til og med 31. desember, og ikkje på langfredag, påskeaftan og fyrste påskedag.
- Jeger skal levere jaktrapport etter avslutta jakt.
Brot på desse reglane er straffbart.
Kjøpte kort blir ikkje refundert, jf. angrerettloven § 22 m).
Veibeskrivelse
Ullensvang statsallmenning ligg midt inne på Hardangervidda og det er langt å gå. Dette gjeld sama kva rute du vel. https://ut.no/kart gir ei grei oversikt over avstandar.
Det er to hovudruter inn i Ullensvang statsallmenning:
Alt: 1: Du kan ta Rv. 7 over Hardangervidda til Tråastølen, (Eidfjord statsallmenning), køyr Tinnhølvegen (bomveg) til parkeringsplass ved Tinnhølen. Derfrå ta beina fatt på turstien innover mot Sandhaug og vidare i retning t.d. Litlos. Frå Tinnhølen går det ei traktorslepe mot Sandhaug, og vidare mot Hansbu. Det er mogleg å sykle på traktorslepa, men standarden er ikkje god. Merk at det er forbode å sykle utanom traktorslepa, jf. verneforskrifta for Hardangervidda nasjonalpark.
Alt: 2: Køyr E-134 til Røldal, ta av innover Valldalsvegen, 14 km til parkering. Så er det beina fatt opp Vivassdalen, gå turvegen i retning Litlos. Her går du over Røldal statsallmenning før du kjem inn i Ullensvang statsallmenning.
Eit tredje alternativ er å gå frå Haukelisæter (på E-134 over Haukelifjell) innover mot/over Røldal statsallmenning og vidare til Ullensvang statsallmenning. Dette alternativet er kanskje det lengste og tyngste, men ein flott tur.
Kartbladet "Hardangervidda Vest" i M1:100 000 viser det meste av området med vegar og turstiar.
Motorferdsel i Hardangervidda nasjonalpark:
Motorferdsel er i utgangspunktet forbode i Hardangervidda nasjonalpark. Det er mogleg å søke om landingsløyve for helikopter/sjøfly i samband med blant anna storviltjakt og garnfiske. Det er ikkje opning for å få løyve til motorferdsel i samband med stongfiske og småviltjakt. Søknad om løyve til motorferdsel i nasjonalparken skal sendast til Tilsynsutvalet i Vestlandet for Hardangervidda nasjonalpark. For meir info om motorferdsel, kontakt Tilsynsutvalet: https://ullensvang.kommune.no/artikkel/tilsynsutvalet-i-vestland-for-hardangervidda-nasjonalpark/
Fjellstyret har hytter som kan leigast i sommarhalvåret, sjå meir info på nettsida til Ullensvang fjellstyre.
Andre overnattingstilbod er turisthyttene Litlos, Tyssevassbu og Torehytten.
NB! Hyttene til Ullensvang fjellstyre kan leigast i oktober, men hugs på at dette ligg høgt til fjells, og det kan kome mykje snø på denne tida. Tinnhølvegen er normalt stengt frå 1. oktober.
Kartbladet "Hardangervidda Vest" i M1:100 000 viser det meste av området med vegar og turstiar.