Småviltjakt i Ullensvang statsallmenning
Småviltjakt i Ullensvang statsallmenning på Hardangervidda.
Arter
- Småvilt
- Lirype
- Fjellrype
- Hare
- Rødrev
- Gjess
- And
Beliggenhet
Viktige datoer
06.06.2024 kl. 09:00
Kontakt selger
Video
Kjøp/søk kort her
Om selger
Sjå heimesida for Ullensvang statsallmenning, her vil du finna fortløpande info om jakt, fiske, fjellstyrehytter, og fjellstyra sitt arbeid.
www.hardangervidda-fjellstyra.no
Ullensvang fjellstyre ynskjer å kartlegge alle båtvrak i Ullensvang statsallmenning. Båtvrak av plast og trebåtar med maling, lakk og bunnstoff er ein kilde til mikroplast, som ein ynskjer å fjerne frå naturen.
Fjellstyre ber brukarane av statsallmenningen om å melde i frå om dei kjem over øydelagde båtar, og dokumentere dette med bilete og stad, helst med koordinatar. Informasjon sendes til ullensvang@fjellstyrene.no, eller tlf: 482 70 778
Her finn du meir informasjon om båtvrak-prosjektet:
https://www.fjellstyrene.no/aktuelt/bter-ryddet-p-statsallmenningene
Jaktkvoter
Maks tre ryper pr. jeger/dag (ikkje samle opp frå dag til dag).
Fangstrapportering
For å jakte her må du levere fangstrapport etter turen.
Rapporter fangstMer detaljert beskrivelse
Høgtliggjande, alt areal over 1000 m.o.h. Mesteparten av terrenget ligg inne i Hardangervidda nasjonalpark.
Ikkje bilveg eller tilkomst med anna motorisert køyretøy i samband med småviltjakt. Difor eit "fredeleg" terreng med omsyn til andre jegerar. Fjellstyra har husvære/hytter i Bjødnabotn, ved Kvennsjøen, ved nedsta Krokavatn og ved Hansbu som kan leigast i sommarhalvåret i samband med utøving av jakta. Sjå nettsida til Ullensvang fjellstyre for nærare informasjon om leige av husvære.
Fangststatistikk: http://www.hardangervidda-fjellstyra.no/smaviltjakt-ullensvang
Fjellstyret har hytter som kan leigast i sommarhalvåret, sjå meir info på nettsida til Ullensvang fjellstyre.
Andre overnattingstilbod er turisthyttene Litlos, Tyssevassbu og Torehytten.
NB! Hyttene til Ullensvang fjellstyre kan leigast i oktober, men hugs på at dette ligg høgt til fjells, og det kan kome mykje snø på denne tida. Tinnhølvegen er normalt stengt frå 1. oktober.
Kartbladet "Hardangervidda Vest" i M1:100 000 viser det meste av området med vegar og turstiar.
"inaturkode10655"
Jaktregler
Generelle reglar
- Kortet gjeld for alt jaktbart småvilt.
- Generelle jaktreglar gjeld, jf. Forskrift om utøvelse av jakt, felling og fangst og Forskrift om jakt- og fangsttider fra og med 1. april 2022 til og med 31. mars 2028.
- Jakttid: 15.9-28.2/29.2., med avgrensingar innanfor denne ramma for kvar einskild art, jf. Forskrift om jakt- og fangsttider fra og med 1. april 2022 til og med 31. mars 2028.
- Jaktkvote på tre ryper pr. jeger/dag (ikkje samle opp frå dag til dag).
- Ingen restriksjonar på bruk av hund i rypejakta.
- Jegerane skal levere jaktrapport etter avslutta jakt.
- Jegerane blir oppfordra til å telte i nærleiken av hytter i reinsjakta (15.9-30.9).
Smårovviltkort
- Kortet gjeld for artane raudrev, røyskatt, mår, mink, kråke og ravn.
- Jeger skal ha jaktkort med seg under jakta, og pliktar å vise det fram når dette vert kravt av jaktoppsynet, politiet eller nokon frå fjellstyret.
- Generelle jaktreglar gjeld, jf. Forskrift om utøvelse av jakt, felling og fangst og Forskrift om jakt- og fangsttider fra og med 1. april 2022 til og med 31. mars 2028.
- Jakttid: 15.7-15.4., med avgrensingar innanfor denne ramma for kvar einskild art, jf. Forskrift om jakt- og fangsttider fra og med 1. april 2022 til og med 31. mars 2028.
- Jakt er ikkje tillate i tida frå og med 24. desember til og med 31. desember, og ikkje på langfredag, påskeaftan og fyrste påskedag.
- Jeger skal levere jaktrapport etter avslutta jakt.
Brot på desse reglane er straffbart.
Kjøpte kort blir ikkje refundert, jf. angrerettloven § 22 m).
Veibeskrivelse
Ullensvang statsallmenning ligg midt inne på Hardangervidda og det er langt å gå. Dette gjeld sama kva rute du vel. https://ut.no/kart gir ei grei oversikt over avstandar.
Det er to hovudruter inn i Ullensvang statsallmenning:
Alt: 1: Du kan ta Rv. 7 over Hardangervidda til Tråastølen, (Eidfjord statsallmenning), køyr Tinnhølvegen (bomveg) til parkeringsplass ved Tinnhølen. Derfrå ta beina fatt på turstien innover mot Sandhaug og vidare i retning t.d. Litlos. NB! Vegen til Tinnhølen blir ikkje brøyta om vinteren, og ein kan ikkje rekne med at han er open på hausten etter 1. oktober. Frå Tinnhølen går det ei traktorslepe mot Sandhaug, og vidare mot Hansbu. Det er mogleg å sykle på traktorslepa, men standarden er ikkje god. Merk at det er forbode å sykle utanom traktorslepa, jf. verneforskrifta for Hardangervidda nasjonalpark.
Alt: 2: Køyr E-134 til Røldal, ta av innover Valldalsvegen, 14 km til parkering. Så er det beina fatt opp Vivassdalen, gå turvegen i retning Litlos. Her går du over Røldal statsallmenning før du kjem inn i Ullensvang statsallmenning. NB! Om vinteren er det parkering før Valldalsdammen, som gir ein mykje lenger tur inn til statsallmenningen.
Eit tredje alternativ er å gå frå Haukelisæter (på E-134 over Haukelifjell) innover mot/over Røldal statsallmenning og vidare til Ullensvang statsallmenning. Dette alternativet er kanskje det lengste og tyngste, men ein flott tur.
Kartbladet "Hardangervidda Vest" i M1:100 000 viser det meste av området med vegar og turstiar.
Motorferdsel i Hardangervidda nasjonalpark:
Motorferdsel er i utgangspunktet forbode i Hardangervidda nasjonalpark. Det er mogleg å søke om landingsløyve for helikopter/sjøfly i samband med blant anna storviltjakt og garnfiske. Det er ikkje opning for å få løyve til motorferdsel i samband med stongfiske og småviltjakt. Søknad om løyve til motorferdsel i nasjonalparken skal sendast til Tilsynsutvalet i Vestlandet for Hardangervidda nasjonalpark. For meir info om motorferdsel, kontakt Tilsynsutvalet: https://ullensvang.kommune.no/artikkel/tilsynsutvalet-i-vestland-for-hardangervidda-nasjonalpark/