Småviltjakt i Luster Austre Statsallmenning

Luster Austre Statsallmenning tilbyr småviltkort i allmenningen sitt område. Allmenningen ligg i dei store områda Vest-Jotunheimen og Breheimen.

Arter

  • Småvilt
  • Lirype
  • Fjellrype
  • Hare
  • Rødrev
  • Grevling
  • Røyskatt
  • Mår

Beliggenhet

Kontakt selger

Luster Austre Fjellstyre

Inger Moe

91713559

fjellstyret@lusteraustre.no

Kjøp/søk kort her

Om selger

Luster Austre Statsallmenning dekker 580 km2 høgfjellsterreng med fleire brear, tindar over 2000 m (Hurrungane), villrein og ei mengd fiskevatn. Nasjonalparkane Breheimen og Jotunheimen ligg delvis i allenningen. Fjellstyret forvaltar jakt- og fiskeressursane her, og har to hytter, Prestasteinshytta og Gjertvasshytta, samt tre båtar til utleige på inatur.no. Du kan følgja oss på (2) Facebook

Jaktkvoter

Luster Austre Fjellstyre opnar for jakt fram til 23. desember, med begrensa tal kort. Det vert ikkje lagt ut 3-dagarskort i år, og sesongkorta er kun for innanbygdsbuande jegrar. Jakttid, jaktområde og kvoter kan endrast før og under jakta, uten at dette gjev rett til at ein får pengane tilbake (jf. angrerettsloven §22, pkt. m).

For alle korta gjeld bag limit på maksimalt 3 ryper pr. dag uavhengig om dette er lirype, eller fjellrype. Det er tillate å jakta med hund etter 1. oktober (pristillegg).

 

Fangstrapportering

For å jakte her må du levere fangstrapport etter turen.

Rapporter fangst

Mer detaljert beskrivelse

Vest-Jotunheimen og Breheimen er høgfjellsområde og blant Noreg sine flottaste og villaste villmarksområde.
Fjellstyret har to hytter, Presteinshytta og Gjertvasshytta, som du kan leiga på inatur.no. Presteinshytta ligg ved Prestesteinsvatnet med køyreveg heilt fram frå Sognefjellsvegen medan Gjertvasshytta ligg øvst i Gjertvassdalen mellom Keisaren og Simlenosi (sjå bilete). Alle bilete Christian Hillmann.

Av jaktbare artar er det stort sett fjellrype og hare i området. Tettleiken varierar frå år til år og innad i området etter varierande næringsgrunnlag. Generelt er det ein bra fjellrypebestand i området Vest-Jotunheimen og i enkelte lågareliggande område av Breheimen.

Dersom ein ynskjer å kun jakte smårovvilt så ta kontakt med fjellstyret. 

"inaturkode10655"

Jaktregler

Ein kan både jakte småvilt (lirype, fjellrype og hare) og smårovvilt (raudrev, mår, grevling, røyskatt og mår) på dette kortet. Jakt med hund er tillate etter 1. oktober. Det vert forventa at kvar jeger set seg grundig inn i gjeldande regelverk. Miljødirektoratet har mykje god informasjon på sine nettsider. Brot på jaktreglane medfører utestenging frå jakta, inndrege kort vert ikkje refundet.

Andre aktuelle tilbud