Småviltjakt for utanbygdsbuande - Vågå fjellstyre.

Jaktkortet gjeld utanbygds utan hund i Langmorkje statsallmenning i Vågå kommune. Både lirype, fjellrype, røy og orrhøne er freda for jakt sesongen 2023/24, samt tiur og orrhane frå 30.09.

Arter

  • Småvilt
  • Røy
  • Tiur
  • Orrfugl
  • Hare
  • Rødrev
  • Grevling
  • Røyskatt
  • Mår
  • And

Beliggenhet

Viktige datoer


09.06.2023 kl. 09:00

Kontakt selger

Vågå fjellstyre

Oskar Pettersen / Knut Øyjordet

99599440 / 90966277

vaga@fjellstyrene.no

Kjøp/søk kort her

Om selger

Jaktkort for småviltjakt utan hund blir i perioda 15.09-29.09 tildelt etter søknad og trekning. Jaktkorta er fordelt på tre 5-dagarsperiodar,  periode 1: 15.09 – 19.09, periode 2: 20.09 –24.09 og periode 3: 25.09 – 29.09. Det blir tildelt maksimalt 125 kort i kvar periode. Etter trekning i 2023 vart det ein del ledige kort i periode 2 og 3. På seinsommaren vart alle kort i periode 2 seld. Rypa vart freda for jakt heile sesongen 2023/24. 137 valgte å overføre kortet sitt til i år. Derfor blir det færre ledige kort for trekning i år. 

Frå 30.09 og ut februar er det normalt fritt kortsal, men både i 2021 og 2022 vedtok fjellstyret å stoppe jakta på rype frå og med 30. september og ut sesongen pga. dårleg produksjon. For sist sesong (2023/24) vart lirype, fjellrype, røy og orrhøne freda heile sesongen, og tiur og orrhane frå 30. september. Jakt på dei andre artane gjekk som normalt. 

Utanbygds som er interessert i jakt med hund må sende søknad innan 1. april ved å nytte søknadsskjema på heimesida til fjellstyret.

Vågå fjellstyre nyttar seg av dagskvote for rype. For jaktsesongen 2022/23 vart det ei dagskvote på 1 rype pr. jeger, same som året før. Kvota blir bestemt med bakgrunn i takseringar, bruk av treningsfeltet og andre tilbakemeldingar. For sesongen 2023/24 er kvote ikkje aktuelt fordi rypa er freda.

Jaktkvoter

Dagskvote (gjeld rype) for jaktsesongen (2022/23) var på 1 rype pr. jeger.  Alle som har løyst jaktkort har plikt på seg til å sjekke her på Inatur, eller på fjellstyret si heimeside www.vaga-fjellstyre.no om årets dagskvote før ein dreg ut på jakt. Vedtak om dagskvote for sesongen blir gjort med bakgrunn i resultat frå takseringar, bruk av treningsfeltet og andre tilbakemeldingar. Flytting av kvoter mellom jegere og mellom dagar er ikkje tillatt. Ungdom som er med på opplæringsjakt (er under 16 år) jaktar på tilsynsjegeren si dagskvote. Jegerane blir elles oppfordra til å ikkje skyte enkeltfuglar eller av einslege par.

 

Vågå fjellstyre kan elles vedta å avslutte jakta før dato for opplyst jaktslutt dersom produksjonen av ein viltbestand blir vurdert som dårleg, slik det vart gjort for jakt på rype i 2021 og 2022. Da vart jakt både lirype og fjellrype stoppa frå og med 30.09 og ut sesongen. Bakgrunnen for dette var bestandsmessige forhold, dvs. at etter dei fyrste 10 dagane av jakta, med større sikkerheit enn før jaktstart kunne slå fast at årets produksjon generelt er låg når ein ser heile Langmorkje statsallmenning under eitt. Jakt på dei andre småviltartane som det er opna for jakt på, heldt fram som tidlegare vedtatt. Det er difor fritt kortsal for utanbygds utan hund frå 30.09, og det frie kortsalet for innanbygds med og utan hund held fram, men jaktkortet opna altså ikkje for jakt på rype. Men for sesongen 2023/24 har altså fjellstyret gjort vedtak om å frede lirype, fjellrype, røy og orrhøne.

 

Jakttid, jaktområde og kvoter kan endrast før og under jakta utan at dette gjev rett til at ein får pengane tilbake (jf. angrerettsloven §22, pkt. m).

 

Fangstrapportering

For å jakte her må du levere fangstrapport etter turen.

Rapporter fangst

Mer detaljert beskrivelse

Eventuelle reguleringer av jakta 

Både i 2021 og 2022 vedtok fjellstyret å stoppe jakta på rype frå og med 30. september og ut sesongen pga. dårleg produksjon. For sesongen 2023/24 har fjellstyret vedteke å frede lirype, fjellrype, røy og orrhøne heile sesongen, samt tiur og orrhane frå 30. september.

 

Om kortsalget

Det frie kortsalget frå 30.september for utanbygds jegere utan hund vil ibli lagt ut i god tid før jaktstart.  

 

Generell beskrivelse

Jaktkortet dekkjer eit areal på totalt 884 000 da. Innanfor eit så stort område finn ein sjølvsagt eit svært vekslande landskap med gode leveområde for alt frå rådyr til fjellrype. Området strekkjer seg frå skogkledde lier på ca 800 moh til dei høgste toppane på over 2300 moh.
Trening av fuglehund skal, om hausten, foregå innanfor treningsfeltet i området Hoskelia/ Maurvangen/ grensa mot ØystreSlidre. Om vinteren er det opna for trening i heile Langmorkje statsallmenning, unntatt den delen av allmenninga som ligg innanfor grensene til Jotunheimen nasjonalpark.
For nærare opplysningar sjå Vågå fjellstyre si heimeside på: www.vaga-fjellstyre.no

 

Bestand
Vi har dei siste åra hatt dårleg/middels bestand av både lirype og fjellrype, som i store delar av distriktet. Vågå fjellstyre takserer seks område frå ca. 20. august til ca. 5. september, og med rapportar frå treningsfeltet inst i Sjodalen og andre tilbakemeldingar i tillegg blir det fastsett ei dagskvote på rype. Dei siste to sesongane har dagskvota vore på ei rype pr. jeger. Både i 2021 og i 2022 fann fjellstyret det nødvendig å frede både lirypa og fjellrypa frå 30.09 og ut jaktsesongen. Dette vart gjort av bestandsmessige årsaker, etter at det vart tatt ei ny vurdering av bestandane etter ca. ti dagar med jakt. For 2023 blir det ikkje opna for jakt på lirype, fjellrype, røy og orrhøne, samt at tiur og orrhane er freda frå 30. september.

  

Beliggenhet og terrengbeskrivelse
Området ligg sør for Ottadalen og dekkjer områda frå omkring Lemonsjøen, innover Sjodalen til Gjendetraktene, på båe sider av elva Sjoa. Langmorkje statsallmenning grensar mot Lom i vest, Vang/ Øystre Slidre i sør, og Sel/Nord-Fron i aust. Terrenget er svært variert frå tette bjørkelier til snaufjell og vidstrakte steinflyer. Mykje av området er lett tilgjengeleg, og ligg i nærheit til bilveg. Men for dei som foretrekkjer å ha fjellet for seg sjølve, er det ikkje problem å finne område der ein svært sjeldan ser andre jegarar. Erfaringane viser at jegarane har ein tendens til å samle seg på dei mest "kjende" plassane. Dette gjeld spesielt dei første dagane av jakta. Det kan difor vera lurt å prøve å finne seg område utanfor dei mest brukte delane av terrenget.

 

Jakt med hund

Alle som jaktar med hund eller går saman med nokon som jaktar med hund, må ha løyst jaktkort for jakt med hund. Det er lov å nytte berre ein hund  laus om gongen.

 

Vilkår

Jaktkortet er personleg og kan ikkje overførast til andre. Løyste jaktkort blir normalt ikkje refundert. Vanskelege vær- og føreforhold er ikkje grunnlag for å få tilbakebetalt jaktkortet, heller ikkje stengte vegar. Endring av felt, og/eller dato er ikkje mogleg for dei med jakt i periode med begrensa kortsal. Utanbygdsbuande er dei som har fast bustadadresse i ei anna kommune enn Vågå.

 

Lenker

Jaktregler

Ved utøving av jakta, skal jegeren kunne vise jaktkortet sitt. For utfyllande reglar, sjå jaktreglane på heimesida til fjellstyret. Kort for trening av fuglehund kan løysast for hausten, frå 21. august til 14. september, eller for vintesesongen frå 1. februar til 31. mars. Treninga skal skje utan gevær, innanfor områda som er beskrive i reglane.

Veibeskrivelse

Fylkesveg 51 går tvers gjennom området, slik at det er lett tilgjengeleg både frå Valdressida om Beitostølen, og frå Gudbrandsdalssida. Vegen over Valdresflya er vinterstengt. Dersom ein kjem Gudbrandsdalen kan ein anten ta av på Sjoa og kjøre Heidalen til Randsverk, eller kjøre rv.15 frå Otta og ta av ved Randen ca. 5 km. vest for Vågåmo. Når det gjeld overnatting finn ein langs rv. 51 alt frå enkle campingplassar til fjellstuer og høgstandard utleigehytter. 

Andre aktuelle tilbud