Småviltjakt for utanbygdsbuande - Vågå fjellstyre.
Jaktkortet gjeld utanbygds utan hund i Langmorkje statsallmenning i Vågå kommune. Både lirype og fjellrype er freda frå 30. september og ut sesongen.
Arter
- Småvilt
- Røy
- Tiur
- Orrfugl
- Hare
- Rødrev
- Grevling
- Røyskatt
- Mår
- And
Beliggenhet
Viktige datoer
10.09.2021 kl. 09:00
Kontakt selger
Kjøp/søk kort her
Veibeskrivelse
Fylkesveg 51 går tvers gjennom området, slik at det er lett tilgjengeleg både frå Valdressida om Beitostølen, og frå Gudbrandsdalssida. Vegen over Valdresflya er vinterstengt. Dersom ein kjem Gudbrandsdalen kan ein anten ta av på Sjoa og kjøre Heidalen til Randsverk, eller kjøre rv.15 frå Otta og ta av ved Randen ca. 5 km. vest for Vågåmo. Når det gjeld overnatting finn ein langs rv. 51 alt frå enkle campingplassar til fjellstuer og høgstandard utleigehytter.
Om selger
Jaktkort for småviltjakt utan hund blir i perioda 15.09-29.09 tildelt etter søknad og trekning. Jaktkorta er fordelt på tre 5-dagarsperiodar, periode 1: 15.09 – 19.09, periode 2: 20.09 –24.09 og periode 3: 25.09 – 29.09. Det blir tildelt maksimalt 125 kort i kvar periode. Etter trekning i 2022 vart det ein del ledige kort i periode 2 og 3, som vart lagt ut for sal frå sist i mai.
Frå 30.09 og ut februar er det normalt fritt kortsal. Både i 2021 og 2022 vedtok fjellstyret å stoppe jakta på rype frå og med 30. september og ut sesongen pga. dårleg produksjon. Dette kan også skje i år etter ei ny vurdering av rypebestanden når jakta har pågått ca. 10 dagar. Dersom takseringsresultat viser svært dårleg produksjon, kan rypa bli freda frå 15. september. Jaktkorta blir da tilbakebetalt med fråtrekk av eit administrasjonsgebyr.
Utanbygds som er interessert i jakt med hund må sende søknad innan 1.april ved å nytte søknadsskjema på heimesida til fjellstyret.
Vågå fjellstyre nyttar seg av dagskvote for rype. For årets jaktsesong (2022/23) vart det ei dagskvote på 1 rype pr. jeger, same som i fjor. Kvota blir bestemt med bakgrunn i takseringar, bruk av treningsfeltet og andre tilbakemeldingar.
Jaktkvoter
Dagskvote (gjeld rype) for årets jaktsesong (2022/23) var på 1 rype pr. jeger. Alle som har løyst jaktkort har plikt på seg til å sjekke her på Inatur, eller på fjellstyret si heimeside www.vaga-fjellstyre.no om årets dagskvote før ein dreg ut på jakt. Vedtak om dagskvote for sesongen blir gjort med bakgrunn i resultat frå takseringar, bruk av treningsfeltet og andre tilbakemeldingar. Flytting av kvoter mellom jegere og mellom dagar er ikkje tillatt. Ungdom som er med på opplæringsjakt (er under 16 år) jaktar på tilsynsjegeren si dagskvote. Jegerane blir elles oppfordra til å ikkje skyte enkeltfuglar eller av einslege par.
Vågå fjellstyre kan elles vedta å avslutte jakta før dato for opplyst jaktslutt dersom produksjonen av ein viltbestand blir vurdert som dårleg, slik det vart gjort for jakt på rype i fjor. Da vart jakt både lirype og fjellrype stoppa frå og med 30.09 og ut sesongen. Dette skjedde også for denne sesongen (vedtak i fjellstyresak 31/22). Bakgrunnen for dette var bestandsmessige forhold, dvs. at etter dei fyrste 10 dagane av jakta, med større sikkerheit enn før jaktstart kunne slå fast at årets produksjon generelt er låg når ein ser heile Langmorkje statsallmenning under eitt. Jakt på dei andre småviltartane som det er opna for jakt på, held fram som tidlegare vedtatt. Det er difor fritt kortsal for utanbygds utan hund frå 30.09, og det frie kortsalet for innanbygds med og utan hund held fram, men jaktkortet opna altså ikkje for jakt på rype.
Jakttid, jaktområde og kvoter kan endrast før og under jakta utan at dette gjev rett til at ein får pengane tilbake (jf. angrerettsloven §22, pkt. m).
Fangstrapportering
For å jakte her må du levere fangstrapport etter turen.
Rapporter fangstMer detaljert beskrivelse
Om kortsalget
Det frie kortsalget frå 30.09 for utanbygds jegere utan hund, vil ikkje bli lagt ut for sal før ca. 25.09. Dette fordi fjellstyret da vil ta endeleg stilling til vidare jakt på rype når vi veit enda meir om årets produksjon.
Generell beskrivelse
Jaktkortet dekkjer eit areal på totalt 884 000 da. Innanfor eit så stort område finn ein sjølvsagt eit svært vekslande landskap med gode leveområde for alt frå rådyr til fjellrype. Området strekkjer seg frå skogkledde lier på ca 800 moh til dei høgste toppane på over 2300 moh.
Trening av fuglehund skal, om hausten, foregå innanfor treningsfeltet i området Hoskelia/ Maurvangen/ grensa mot ØystreSlidre. Om vinteren er det opna for trening i heile Langmorkje statsallmenning, unntatt den delen av allmenninga som ligg innanfor grensene til Jotunheimen nasjonalpark.
For nærare opplysningar sjå Vågå fjellstyre si heimeside på: www.vaga-fjellstyre.no
Bestand
Vi har dei siste åra hatt dårleg/middels bestand av både lirype og fjellrype, som i store delar av distriktet. Vågå fjellstyre takserer seks område frå ca. 20. august til ca. 5. september, og med rapportar frå treningsfeltet inst i Sjodalen og andre tilbakemeldingar i tillegg blir det fastsett ei dagskvote på rype. Dei siste to sesongane har dagskvota vore på ei rype pr. jeger. Både i 2021 og i 2022 fann fjellstyret det nødvendig å frede både lirypa og fjellrypa frå 30.09 og ut jaktsesongen. Dette vart gjort av bestandsmessige årsaker, etter at det vart tatt ei ny vurdering av bestandane etter ca. ti dagar med jakt.
Beliggenhet og terrengbeskrivelse
Området ligg sør for Ottadalen og dekkjer områda frå omkring Lemonsjøen, innover Sjodalen til Gjendetraktene, på båe sider av elva Sjoa. Langmorkje statsallmenning grensar mot Lom i vest, Vang/ Øystre Slidre i sør, og Sel/Nord-Fron i aust. Terrenget er svært variert frå tette bjørkelier til snaufjell og vidstrakte steinflyer. Mykje av området er lett tilgjengeleg, og ligg i nærheit til bilveg. Men for dei som foretrekkjer å ha fjellet for seg sjølve, er det ikkje problem å finne område der ein svært sjeldan ser andre jegarar. Erfaringane viser at jegarane har ein tendens til å samle seg på dei mest "kjende" plassane. Dette gjeld spesielt dei første dagane av jakta. Det kan difor vera lurt å prøve å finne seg område utanfor dei mest brukte delane av terrenget.
Jakt med hund
Alle som jaktar med hund eller går saman med nokon som jaktar med hund, må ha løyst jaktkort for jakt med hund. Det er lov å nytte berre ein hund laus om gongen.
Vilkår
Jaktkortet er personleg og kan ikkje overførast til andre. Løyste jaktkort blir normalt ikkje refundert. Vanskelege vær- og føreforhold er ikkje grunnlag for å få tilbakebetalt jaktkortet, heller ikkje stengte vegar. Endring av felt, og/eller dato er ikkje mogleg for dei med jakt i periode med begrensa kortsal. Utanbygdsbuande er dei som har fast bustadadresse i ei anna kommune enn Vågå.
Lenker
Jaktregler
Ved utøving av jakta, skal jegeren kunne vise jaktkortet sitt. For utfyllande reglar, sjå jaktreglane på heimesida til fjellstyret. Kort for trening av fuglehund kan løysast for hausten, frå 21. august til 14. september, eller for vintesesongen frå 1. februar til 31. mars. Treninga skal skje utan gevær, innanfor områda som er beskrive i reglane.