Småviltjakt utanbygdsbuande i Finndalen statsallmenning

Jaktkortet gjeld småviltjakt utan hund i Finndalen statsallmenning i Lom og Vågå kommunar. Dagskvote rypejakt sesongen 2022/2023: 1 rype (lirype/fjellrype) pr. jeger.

Arter

  • Småvilt

Beliggenhet

Viktige datoer


09.09.2022 kl. 09:00

12.03.2022 kl. 09:00

01.04.2022 kl. 23:59

Kontakt selger

Finndalen fjellstyre

Knut Øyjordet

90966277

finndalen@fjellstyrene.no

Kjøp/søk kort her

Om selger

Finndalen fjellstyre forvaltar bruksrettar i Finndalen statsallmenning, som ligg i Lom og Vågå kommunar. Totalareal: 267.200 daa, det meste av arealet er snaufjell.

SMÅVILTJAKT: Rype, hare, skogsfugl og andre jaktbare artar. Fritt kortsal for jakt u/hund 15.09 - ut februar. Fuglejakt m/hund 15.09-29.09 (18 kort a 5 dagar fordelt på tre 5-døgnsperiodar), harejakt m/hund 11.-17/10 (5 kort a 7 dagar). Jakt med hund blir tildelt etter søknad og trekning. Søknadsfrist 1/4. Kortsal på Inatur. VILLREINJAKT: Eigen kvote til utanbygdsbuande (ca. 15 kort). Søknad på Inatur for alle, både innan- og utanbygds. ELGJAKT: Eitt felt som går på omgang mellom innanbygds lag i Lom, Skjåk og Vågå. Blir lyst ut på Inatur dei åra det er ledig.

INNLANDSFISKE: 10 vatn og 26 km elv med aure. Stongfiske. Oter- og garnfiske på Honnsjoen også for utanbygds. Kortsal på Inatur.

To hytter/buer, ei ved Honnsjoen og ei ved Råkåvatnet. Sjå eigne sider her på Inatur for meir opplysningar og evt. booking.

Kontaktinformasjon:

Sekretær/fjellstyrekontor: 

Knut Øyjordet 909 66277

Fjelloppsyn:

Kjell Gaukstad 901 57362

Jaktkvoter

Finndalen fjellstyre vedtok for jaktsesongen 2022/23 ei dagskvote på 1 lirype/fjellrype pr. jeger pr. dag. Vedtak er gjort med bakgrunn i  eigne registreringar og andre tilbakemeldingar om observasjon av rype. 

Om fjellstyret ser det nødvendig kan kvota bli endra i løpet av jakta, og det kan og bli innført periode/sesongkvote.

 

Fangstrapportering

For å jakte her må du levere fangstrapport etter turen.

Rapporter fangst

Mer detaljert beskrivelse

Salget av jaktkort blir opna når dagskvote for rype er fastsett. Ved normal produksjon av rype går opplegget for småviltjakta som vanleg, med fritt kortsal for jakt utan hund. Dersom det blir svært dårleg produksjon av rype, kan det bli vurdert å stoppe jakt på rype tidlegare, eventuelt å ikkje opne for jakt på rype i det heile tatt. Jakttid, jaktområde og kvoter kan endrast før og under jakta, utan at dette gjev rett til at ein får pengane tilbake (jf. angrerettsloven §22, pkt. m).

Jakt med hund er avgrensa og blir tildelt etter søknad og trekning. Søknad sender du frå denne sida. Det er tildelt totalt 18 jaktkort fordelt på tre 5-døgnsperioder (6 kort i kvar periode). Finndalen fjellstyre har ei ordning med 3-års avtaler, slik at den som blirt uttrekt til jakt i 1. periode får tilbod om jakt i Finndalen i tre år etter kvarandre, dvs. 2. periode (20-24/9) andre året, og 3.periode (25-29/9) siste året. Dette betyr at ein kvar haust har 6 ledige kort i fyrste periode, i tillegg kjem dei som av ulike årsaker takkar nei til å fortsetja i 2. og 3. periode. 

Blir det vedteke å ikkje opne for rypejakt vil sjølvsagt alle som har fått tilbud om jakt med hund få tilbakebetalt kortprisen.

Harejakt med hund er opna i perioden 11-17/10. Totalt 5 kort. Jaktkortet gjeld i heile statsallmenningen.

 

Terrenget ligg på nordsida av Ottadalen, og grensar inn mot Skjåk og Lesja i vest og nord. Mykje av området ligg innanfor Reinheimen nasjonalpark/ Finndalen landskapsvernområde. Området ligg mellom ca. 800 m.o.h og 1883 m.o.h, der snaufjell utgjer størstedelen av arealet,men statsalmenningen har namnet sitt etter Finndalen, ein frodig seterdal, der elva Finna renn. Terrenget stig bratt opp frå dalbotnen dei fleste stadar, men er litt rolegare i området omkring Vangen. 

 

Jaktkortet dekkjer eit areal på 267 000 da, der mesteparten (257 000 da) er høgfjell. Hovuddelen av arealet er difor fjellrypeterreng, men ein finn og gode lirypebiotopar på enkelte plassar, m.a i området rundt Vangen. Området ligg på nordsida av Ottadalen, i kommunene Lom og Vågå. Det er bilveg inn til Vangen, som er open så lenge den er farbar utover hausten (tek av frå Slådalsvegen som går mellom Lesja og Vågå). På Vangen finn ein også ein enkel campingplass. Fjellstyret har ei hytte for utleige ved Råkåvatnet, og ei lita bu ved Honnsjoen. Enkelte setereigarar leiger også ut seterhus.

 

Bestand

Bestanden av både lirype og fjellrype har variert ein god del i dei seinare åra. I fjor (2021) var produksjonen dårlegare enn vanleg.

Jaktregler

Jegeren skal ha med seg jaktkort og andre nødvendige dokument under utøving av jakta. For utfyllande reglar sjå jaktreglane for Finndalen fjellstyre.

Andre aktuelle tilbud