Småviltjakt utan hund i Ulvik statsallmenning, UTANBYGDS Allmenning med 4 jaktfelt
Ulvik statsallmenning kan skilte med 363.000 dekar med høgfjellsterreng. Lett tilgjengeleg med tog eller bil. Variert, vilt og vakkert terreng. Velkomen!
Arter
- Småvilt
- Lirype
- Fjellrype
- Hare
- Rødrev
- Røyskatt
- Gjess
- And
- Vadefugler
Kjøp/søk kort her
Veibeskrivelse
Allmenninga vert enklast nådd med tog til Finse eller Hallingskeid. I barmarksperioden er det ope asfaltert anleggsveg frå Osa i Ulvik opp på Osafjellet. Der har ein eit fint utgangspunkt for jaktturar i allmenninga.
Kontakt oss
90213685
Lenker på denne siden
- Ingen lenker
Jaktkvoter
Det er vedteke fyljande kvotar for 2019:
Dag: 2 ryper
Veke: 5 ryper
Sesong: 8 ryper
Fangstrapportering
For å jakte her må du levere fangstrapport etter turen.
Rapporter fangstMer detaljert beskrivelse
Bestand
Etter 5 år med freding av rypa i Ulvik Statsallmenning ( 2013-2017 ) ser ein no at bestanden har teke seg opp att. Fjellrype og hare er dominerende viltartar.
Beliggenhet og terrengbeskivelse
Allmenninga ligg i verhardt høgfjellsterreng mellom 1100 - 1800 m.o.h. Ulvik fjellstyre har totalt 9 husvere i allmenninga.3 av desse er opne steinbuer, 6 er låste hytter. Sju av husvera ligg i områda sørvest for Finse mot Ulvik, ei på Finse og ei steinbu i Lengjedalen.
På Finse har fjellstyret hytta Finsebu, som ligg rett ved Finse stasjon. Her er det sengeplass til 8 (9), straum og god standard. Dei andre hyttene har ved og gass, og ligg innan 1-4 timars gange frå veg/jernbane. For tinging av hytter ta kontakt med Stig Yngve Røkenes 480 95 710. For tinging av Finsebu, sjå inatur.no.
Det er knytt stor usikkerheit ift koronasituasjonen og korleis dette vil påverke sommar- og haustsesongen. Fjellstyret legg ut kort for sal, men kjøpar må vere klar over at det kan kome begrensingar på ferdsel og bruk av hytter også framover. Fjellstyret presiserar at kort som vert kjøpt IKKJE vert refundert og det er såleis kjøpar sin risiko å velge å kjøpe kort.
INNANBYGDS HAR HALV PRIS PÅ KORT og skal velge korttype for innanbygds på eige salsside. Utanbygds kan IKKJE kjøpe desse korta og dei vil ikkje vere gyldige dersom slikt kjøp vert gjort. Kjøpt kort vert ikkje refundert!!
Anbefalte lenker
Jaktregler
Jakta skjer innenfor statsallmenningens grenser, og på det jaktfeltet jaktkortet gjeld, sjå kartet.
Det vert berre seld eit begrensa ta vekeskort dei to fyrste vekene i jakta, samt 4 sesongkort på kvart jaktfelt. Etter dei to fyrste vekene vert det seld dagskort
På strekningen Storurdi - Lågheller er det jaktforbud 500 meter på hver side av Rallarveien. Jakt med hund er ikkje tillatt, dette gjeld og hund i band!
Kjøpte jaktkort vert ikkje refundert, jf. angrerettsloven § 22 m.
Husk å sende inn fangstrapport!