Småviltjakt i Aurland statsallmenning.

Det er opna for eit avgrensa sal av jaktkort for rype og anna småvilt hausten 2023. Dagskvoten er sett til 2 rype per jeger. Fjellstyret tilbyr jakt på smårovvilt i Aurland statsallmenning,

Arter

  • Småvilt
  • Lirype
  • Fjellrype
  • Hare
  • Rødrev

Beliggenhet

Viktige datoer


01.09.2023 kl. 09:00

Kontakt selger

Aurland fjellstyre

57633566

aurland@fjellstyrene.no

Kjøp/søk kort her

Om selger

Fjellstyret skal, i følgje Fjellova, forvalta bruksrettane i statsallmenningen. I Aurland statsallmenning gjeld dette rettar som fiske, villreinjakt, småviltjakt, stølar og beite.

 

Hugs fangstrapportering!
Me ynskjer at alle sender inn fangstrapport om det er fangst eller ikkje til aurland@fjellstyrene.no, eller bruk Inatur sin rapporteringsmal.

Jaktkvoter

Det er fastsett dagskvote på 2 rype per jeger. Jaktstart er sett til 25. september og jakta på rype stoppar 23.desember. Aurland fjellstyre oppfordrar interesserte til å jakte på smårovvilt. For raudrev er jaktperioden frå 15.juli fram til 15.april. Ta kontakt med fjellstyrekontoret aurland@fjellstyrene.no, eller ring 57633566, så skriv me ut og sender sesongkort for smårovviltjakt for kr. 100. Det er tilbod om jakt på hare i perioden 1.1.-28.2. Kontakt fjellstyret for jaktkort for denne perioden.

Fangstrapportering

For å jakte her må du levere fangstrapport etter turen.

Rapporter fangst

Mer detaljert beskrivelse

Generell beskrivelse

437.000 daa. av statsallmenningen er høgfjell, med ei gjennomsnittshøgd på ca. 1400 meter. Her finst frodige beitedalar som Stemmerdalen, og meir høgalpine område innover fjellet.

 

Bestand

Fjellrypa står for 85% av fangstane på statsallmenningen. Kun 10% lirype og resten hare.

 

Terrenget
Statsallmenningen i Aurland har eit variert terreng frå fjorden i Nordheimsdalen til Store Liahovden på 1762 m.o.h. Størstedalen av statsallmenningen er i det ein kallar høgalpint område.

 

Sjå heimeside for mer informasjon. Hjortejakt i Aurland. Innlandsfiske i Aurland. Småviltjakt Broksfjell.

Jaktregler


1. Jakttid for småviltjakt 25. september til 23.desember.

2. Avgrensa tal kort for småviltjakt i hausten 2021.

3. Dagskvote per jeger er 2 ryper.

4. Jakt på hare i tida 25.9.-23.12 og 1.1.- 28.2. (Kontakt fjellstyret for vinterjakt).

5. I Aurland statsallmenning er det ikkje lov å jakta med hund før 1. oktober.

6. Rapport over jaktutbytte skal sendast fjellstyret etter jakt, send gjerne på e-post aurland@fjellstyrene.no, eller bruk Inatur sin rapportmal.

7. Det er forbod mot skogsfugljakt i Nordheimsdalen, Aurland Nordre statsallmenning, innanfor grensa for naturreservatet.

Veibeskrivelse

E 16 går tvers gjennom Aurland. Fjellvegane Aurland-Lærdal eller Hol-Aurland er greie måtar å ta seg inn i til jaktterrenget på. Frå desse vegane går det fleire opne anleggsvegar som fører endå lenger inn i statsallmenningen.