Fiskedamskoia – ei lett tilgjengeleg hytte i naturskjønne omgjevnader
Fiskedamskoia er ei lita og sjarmerande hytte ved Bottsætrene i Skjåk. Hytta ligg like ved bilveg om sommaren, og passar godt for deg som ønskjer eit enkelt og roleg opphald tett på naturen.
Størrelse og ankomst
- Senger til
- 3 personer
- Antall soverom
- 1
- Areal
- 20 m2
- Ankomst
- tidligst kl 15:00
- Avreise
- senest kl 13:00
- Avstand fra vei
-
0 km (sommer)
0,6 km (vinter)
- Adresse
- Industrivegen.10
- Poststed
- 2690 Skjåk
Adresse
Beliggenhet
Kontakt utleier
61 21 39 00
Velg ankomst og avreise
Om utleier
Skjåk Almenning er ei bygdealmenning frå 1798, og er Noregs største private grunneigar med i underkant av 2 millionar dekar areal. Hovudverksemda vår er skogbruk, trelast, hytter, jakt og fiske.
Skjåk Almenning er særleg kjent for villreinjakt, med om lag 400 fellingsløyver kvart år. Etter kvart har området også blitt kjent for gode moglegheiter for fjellfiske. Det finst totalt 17 utleigehytter fordelt på heile området. I Skjåk er det i alt 18 toppar over 2000 meter, med Tverrådalskyrkja som den mest kjente og Nordre Hestbrepiggen som den høgste (2172 moh.).
Skjåk Almenning er også eit sentralt punkt mellom aust- og vestland, der Oppland møter Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Store delar av området er verna gjennom Breheimen og Reinheimen nasjonalparkar. Landskapet ber preg av urørt natur og viktige verneverdiar.
Skjåk Almenning har administrasjonsbygg i Bismo, der seks tilsette har kontorstad, i tillegg til tilsette frå Statens naturoppsyn, Mjøsen Skog, Dokkadeltaet, Skjåk idrettslag, DNT Gudbrandsdalen og Breheimen nasjonalparkstyre.
Kontaktinformasjon til dei enkelte finn du på heimesida vår, eller ta gjerne ein tur innom oss.
Opningstid:
Vinter (1. okt.–31. mars):
Måndag, tysdag og torsdag
09.00–14.00
Sommar (1. apr.–30. sept.):
Måndag–torsdag
09.00–15.00
Sommer høgsesong (1. juni.–14. aug.):
Måndag–fredag
08.00–15.00
Bedriftstelefonen er betent kvar dag kl. 08.00–15.30. Telefon: 61 21 39 00. E-post: firmapost@skjak-almenning.no
Om hytta
Skjåk ligg øvst i Gudbrandsdalen, lengst nordvest i Oppland fylke, på grensa mot Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.
Frå aust følger ein riksveg 15 frå Lom, og frå vest via Stryn om Grotli.
Kommunesenteret Bismo ligg ved Riksveg 15, 18 km vest for Lom.
Fiskedamskoia er ei lita og sjarmerande hytte ved Bottsætrene i Skjåk. Hytta ligg lett tilgjengeleg like ved bilveg om sommaren, og passar godt for deg som ønskjer eit enkelt og roleg opphald tett på naturen.
Med plass til tre personar er hytta eit fint utgangspunkt for både korte og lengre opphald. Fiskedamskoia er eit godt utgangspunkt for turar i både Reinheimen og Breheimen nasjonalpark. Her har du kort veg til flotte naturopplevingar, anten du ønskjer fotturar, skiturar, jakt eller fiske. Her kan du nyte stilla, prøve fiskelykka på Glittervatnet eller Pollvatnet, eller utforske den flotte naturen i nærområdet.
Om sommaren kan du køyre heilt fram til hytta. Om vinteren er det om lag 600 meter å gå/stå på ski frå parkeringa.
Hytta ligg ved Bottsætrene, like ved riksveg 15. Avkøyringa ligg på nedsida av vegen, om lag 100 meter sør for Pollfoss Hotell.
Adresse: Bottvegen 126, 2693 Nordberg.
Fiskedamskoia passar godt for deg som ønskjer ei enkel, triveleg og lett tilgjengeleg hytte – med flotte naturopplevingar rett utanfor døra.
Hytte-/Avbestillingsregler
No refund if you change your mind, but contact us if you want to change the date or cabin, and we’ll try to help.
Hytta skal reingjerast etter opphald. Vask kjøkkenutstyr, koketopp, benker, bord og golv. Mangelfull reingjering medfører eit gebyr på kr 2 500.
Nøkkelhenting
Denne hytta har nøkkelboks, du vil få koden på kvitteringen. Ta kontakt oss (tlf. 61 21 39 00) hvis du har spørsmål.
Ved booking på kort varsel utanom ordinær opningstid er Messenger føretrekt løysing for å nå oss raskt i samband med nøkkellevering.
Dersom ein nøkkel blir mist, må både nøkkel og tilhøyrande lås bytast. Den som har mist nøkkelen er ansvarleg for kostnadene. Det påløper eit gebyr på kr 5 000 for å dekke utskifting av lås og ny nøkkel.
Turtips
Turkart Skjåk i målestokk 1:60 000 dekker heile Skjåk, med alle utleigehytter og merka turstigar innteikna.
Meir kart og info
http://www.ut.no/hytte/3.1955/
For meir info om turar i Skjåk: