Rolleivstad, ein fin gamal fjellgard i Fyresdal. Fritt fiske, og 2 robåtar er med i leiga.
Eit fredeleg område med historie heilt frå steinalder. Villaen frå 1910 ligg aleine på ei høgde, som eit av 4 hus. Dei siste fastbuande flytta frå garden i 1896 og har sidan vore bruka som støyl.
Størrelse og ankomst
- Senger til
- 6 personer
- Antall soverom
- 3
- Areal
- 70 m2
- Ankomst
- tidligst kl 17:00
- Avreise
- senest kl 12:00
- Avstand fra vei
-
0 km (sommer)
0 km (vinter)
- Adresse
- Rolleivstad
- Poststed
- 3870 Fyresdal
Adresse
Beliggenhet
Kontakt utleier
Velg ankomst og avreise
Om utleier
Rolleivstad, hytteutleige i Fyresdal
Einar og Bergit O.Mikkelsen er grunneigarar og utleigerar.
Om hytta
Rolleivstad er ein gamal fjellgard i Fyresdal, Telemark.
Området har ein lang historie, det er gjort 3 steinalder funn ved Rolleivstad vatnet og det er gjort funn av 3 jarnvinner ( Utvinning av jarn frå myrmalm) den eldste er i underkant av 2000 år gml.
Det er fem hus på garden, der eit er frå 1600-talet og difor automatisk freda. Resten av husa er frå 17-1800-talet. Dei seiste fastbuande flytta frå garden i 1896; sidan har det vore bruka som støyl.
Villaen ligg aleine på ei høgde og er den hytta som blir utleigd frå juni til august. Den er bygd i 1910.
Det er to stoger, kjøkken med kokeutstyr og servise. I gangen er det propankjøleskåp.
I 2.etg .er det 3 soverom i bruk med tilsaman 9 sengeplassar ( 3 dobbeltsenger ). Der er sumardyner og puter i sengene, gjester må ha med eigne sengeklede, (Dynetrekk, putevar og laken )
I uthuset er det ved til oppvarming. Der er og biologisk utedo med snurredass.
Til matlaging blir det nytta propan; til ljos er det solcellepanel og til oppvarming blir det bruka ved.
Vatn må hentast i ein brønn nede på garden
Det fyljer med to robåtar med årer. Desse ligg ved vatnet ca 1 km frå garden.
Når ein brukar båt skal ein ha på godkjente reddningsvestar.
Ein må ha med eige, reingjort fiskeutstyr for fiske. Rolleivstadvatnet er kjent for fin fisk. Er du vant til og legge garn, kan du få låne 4 garn og bruke dei så mykje du vil. Fiske er inkludert i leiga.
Hytte-/Avbestillingsregler
Hytteregler
- Villaen kan bookes seinast 5 døgn før ankomst.
- Minimum leieperiode er 2 døgn.
- Hvis villaen bookes for mindre enn 2 sammanhengande døgn, eller seinare enn 5 døgn før ankomst, vil bookingen bli avvist og refunderast med 85% av ordrebeløpet.
- Det er 6 senger i villaen, men 9 soveplasser hvis to personer sover sammen i hver av dei 3 dobbeltsengene. Maks antall personer tillatt er 9.
- Ta med eigne sengeklær og handklede.
- De kan rydde og vaske hytta sjølv. Eller leige til vasking for kr. 700,-. Villaen skal allikevel forlates ryddig. Alt av søppel, tomflasker og aviser må takast med og kastas på tilvist stad.
- Det du tek med av mat, også tørrmat og drikke, tar du med heimatt.
- Søppelcontainer finnes langs fylkesveg 355. Kart over kvar dei er, ligg i info-perm i Villaen.
- Røyking innendørs er ikkje tillatt. Vær forsiktig med bruk av open ild, inne- og ute. Generelt forbud mot bålbrenning i utmark mellom 15. april og 15. september. Sneiper leggast i en skål med vann.
- Maks to hundar er tillatt. Reglar for båndtvang skal fyljast.
- Dersom det er tydlege mangler ved rydding kan det føre til ekstra gebyr.
- Eventuelle skadar og manglar meldast straks til hytteeigarane. Leietakar kan bli erstatningspliktig for skader som blir gjort av leigetakar og fylje deira under opphaldet.
- Ein må ha med eige, reingjort fiskeutstyr for fiske. Er du vant til og legge garn, kan du få låne 4 garn og bruke dei så mykje du vil. Fiske er inkludert i leiga.
Avbestillingsreglar
- Opphaldet betalas på inatur.no ved bestilling.
- Ved avbestilling inntil 30 dager før opphaldet starter, refunderast 85 % av beløpet.
- Ved avbestilling mellom 30-10 dager før opphaldet startar refunderast 50 % av beløpet
- Servicegebyret refunderast ikkje.
- Ved avbestilling 10 dager eller mindre før opphaldet startar gjevast ikkje refusjon.
Vi tilrår alle leietakarane å ha si reise-/avbestillingsforsikring i orden.
Avbestilling/endring i leieforhaldet rettast til hytte-eigarane.
Nøkkelhenting
Eigar av Rolleivstad møter dere på avtala plass når de kjem. Ta kontakt før du reiser hjemmefra hvis du ikkje har høyrt frå oss.
Veibeskrivelse
For å kome til Rolleivstad må ein ta av riksveg 355, i Hegglandsgrend og køyre ca 9 km inn til garden. Det er vegavgift frå Geitestadgrend (kr 70 , automatisk bom). Etter ca 2,5 km er det ein vegbom, nøkler til denne, får du saman med hyttenøklane. Du kan kjøyre heilt fram til Villaen på grusveg.
Det ikkje tillate med campingvogn eller bubil.
Turtips
Turtips.
Der går grusveg til endes av vatnet, grei og gå etter. Frå enden av vatnet går det stiger vidare inn i heia.
Ro båten på vestsida av vatnet, gå oppover nuten , litt bratt enkelte stadar, men fint når du kjem opp på toppen.
På austsida av vatnet, er det ein meir eller mindre samanhengande bratt terreng, der er ein sti for å komme opp i høgda, den kan vere utfordrande å finne når du skal ned att.
På seinsumaren er det tyttebær, blåbær og molter i heia.
Det er god mogelegheit for fiske på Rolleivstad.
Rolleivstad vatn er eit godt fiskevatn med aure.
Vatnet er eit regulera magasin med reguleringshøgde på 2,5 meter og har vore basera på å setje ut fisk. Seiste fiskeutsetjing var i 2006 og sidan har vi oppgradera gytebekken, for å få attende naturleg gyting i vatnet.
Ved el-fiske i 2023 viser det seg at Kvennåi produserar godt med yngel og det er slutt på å setje ut fiskeyngel.
Ca 1 km frå garden ligg det to robåtar med årer, som høyrer til Villaen.
OBS! Me tillet ikkje bruk av eigen kano, kajakk, packraft eller liknande.
All fiskeredskap som skal brukast i Rolleivstad vatnet må vere reingjort før bruk i vatnet.
MERK! Det er IKKJE lov å fiske med levande agn, utanom mark.
Dersom du er vandt til å legge garn, kan du låne 4 garn til bruk i vatnet.
Alt fiskeavfall skal gravast ned, dette for å ungå at måker ol.får tilgang ti det. Måker kan forureine fiskavatnet med avføring.