Enkel hytte med sjel i Balestrand
Finn roen i skogen og nyt utsikt til vakre Sognefjorden. Mulighet for fantastiske fjellturer i området. Du er også velkommen til å slappe av på småbruket nede ved fjorden. Minst 3 overnattinger.
Størrelse og ankomst
- Senger til
- 4 personer
- Antall soverom
- 3
- Areal
- 60 m2
- Ankomst
- tidligst kl 16:00
- Avreise
- senest kl 10:00
- Adresse
- Perstølen
- Poststed
- 6899 Balestrand
Adresse
Beliggenhet
Kontakt utleier
Velg ankomst og avreise
Om utleier
minst 3 overnattinger
Om hytta
Persbu er ei enkel tømmerhytte med sjel som ligg på tidlegare heimastøl. Her kan du finne ro i skogen, og nyte vakker utsikt over Sognefjorden. Hytta har utedo, straum og vatn frå bekk (med vannpumpe), sjå hyttereglar. Hytta ligg 1,5 kilometer med skogsveg frå hovudvegen (ikkje altfor låge bilar er anbefala). Hugs å lat att grindene og ta omsyn til beitande sauer. Ved fjorden ligg småbruket Thue med frukt og bærdyrking. Her er du velkommen til å slappe av ved fjorden, ro ein tur med båt eller ta eit friskt bad. Eventuell grilling må også gå føre seg på tilvist plass ved sjøen. Balestrand sentrum har fleire restaurantarr sommarstid. Balestrand og nærområdet innbyr til utflukter og aktivitetsmoglegheitar, særleg relatert til den vakre naturen. Fleire merka løyper til flotte fjellturar av ulik vanskegrad.
Hytte-/Avbestillingsregler
Hytteregler
Minimum 3 overnattingar. Dyner, puter og tepper er i hytta. Sengtøy (laken, dyne- og putetrekk) skal ein ta med sjølv og er i utgangspunktet ikkje for utleige, men dersom sterkt behov, kan det avtalast å leige for kr 150,- pr sett. Ta av sko i yttergangen! Husdyr er i utgangspunktet ikkje tillete (kan diskuteras). Røyking ikkje tillete, heller ikkje i uteområdet i turre periodar. Kun vanleg toalettpapir skal kastast i utedo, ingen sanitetsbind o.l. Det er to grinder langs skogsvegen, dersom dei er igjen skal dei også lukkast att etter passering (på grunn av sauer). Gjester skal forlate hytta ryddig, og oppvask av kjøkenutstyr m.m skal vere tatt. Søppel kastast i dunkar nede ved gården etter avtale med vert. Normalt forbruk av strøm er inkludert, men ved ekstra høgt forbruk vil det komme tilleggsavgift å betale ved avreise (ta bilete av straummålar ved ankomst og avreise). Det er innlagt vatn frå bekk via vatndunkar og vannpumpe. I turre periodar med lite sirkulasjon i bekken, vil ein kunne få ekstra friskt vatn frå garden til matlaging og drikkevatn. Ved ekstra turre periodar vil ein kunne verte beden om å spare på vatnet, ta litt kortare dusjar og heller få tilbod om lengre dusjar i leilighet nede på garden. Uansett, pass på å ikkje la vatnet renne unødvendig.
Avbestillingsregler
Alle bestillinger av denne hytta belastes på bestillingsdato. Ved avbestilling inntil 30 dager før ankomst refunderes 85% av beløpet. Ved avbestilling mellom 30 til 10 dager før ankomst refunderes 50% av beløpet. Ved avbestilling 10 dager eller mindre før ankomst gis ingen refusjon.
Vi anbefaler alle leietakere å ha sin reise-/avbestillingsforsikring i orden. Avbestilling/endring i leieforholdet rettes til hytteeier.
Nøkkelhenting
Frå Balestrand sentrum er det ca 4 km kjøring (fylkesveg 55 i retning mot Høyanger) til Thue og oppmøtestad Tue 22 på småbruket. Hvis ikkje noko anna er avtalt, kjører vi sammen på skogsvegen (fra grinda på oppsida av hovedvegen) ca 1,5 km opp til hytta Persbu.
Veibeskrivelse
Vi møtes nede på småbruket for nøkler, adresse Tue 22. (Eventuelt andre alternativ avtales på telefon/sms).
Turtips
Balestrand har mange flotte fjellturer som for eksempel Keipen, Tjugatoten, Raudmelen, Saurdal, Munkeggi m.m. I Balestrand sentrum har Balestrand Adventure aktivitetstilbud ved og på Sognefjorden (Balestrandadventure.no). Sjekk også ut nærområde i dagsturavstand som Gaularfjell/Viksdalen, Vik, Sogndal, Fjærland, Luster.