Tvigjyva, hytte på fin, gamal stølsvoll i Rauland.
Her er det stilla som rår. Elg, rådyr og hjort kan kome ruslande over stølsvollen. I skogen kan du treffe på tiur og orrfugl,i fjellet på rypa. Kort vei til skiløyper og alpinanlegg. Min. 2 d leie.
Størrelse og ankomst
- Senger til
- 5 personer
- Antall soverom
- 2
- Areal
- 55 m2
- Ankomst
- tidligst kl 14:00
- Avreise
- senest kl 12:00
- Avstand fra vei
-
0,7 km (sommer)
0,7 km (vinter)
- Adresse
- Flærestaulvegen 123
- Poststed
- 3864 Rauland
Adresse
Beliggenhet
Kontakt utleier
90011898
Velg ankomst og avreise
Om utleier
Me er ein famile på 4. To gutar på 13 og 16 år. Far Aasmund og mor Anne Grethe Aasmund er bonde og driv med sau. Me bur på garden Vasshus i Neslandsgrend.
Om hytta
Her er det stilla som rår. Elg, rådyr og hjort kan kome ruslande over stølsvollen.Du kan ta på deg skiene og gå ein fin skogstur i rolig område og treffe på tiur og orrfugl, eller du kan ta deg en skitur opp i rypa sitt rike (opp på fjellet). Turen starter rett utanfor døra. Kort vei til oppkjørte skiløyper og alpinanlegg.
Hytta på Tvigjyva er bygd opp att i 1951, på tomta av ei gamal seter frå 1700-talet. Bruksarealet (BRA) er i 2021/22 utvida til vel 55 m2 ved at to nye soverom med tilsaman 5 senger og gang er bygd på. I tillegg sovesofa i stove. Den gamle delen er isolert, pussa opp, og det er blitt ei enkel, varm, funksjonell og sjarmerande fjellhytte. God mobildekning. Ikkje røyking.
Inngangsdør frå terrasse - til venstre er det vaskeplass for vaskefat og spegel, hylla under for stålbøtte for reint vatn og på golvet søppelbøtte. Vidare kleshengere og krokar til å henge klede, skohylle med meir plass til sko under hylle. Hyller på toppen for sekker og vesker.
Mot vest har kjøkkenet kjøleskåp/m fryseskåp på toppen. Under vindauga på same vegg er oppvaskbenk med utslag/oppvask og om sommaren vatn i krana, om vinter - vatn i brønn/smelting av snø. Deretter hjørneskap med roterande hyller - til benken mot nord med skåp, komfyr og skuffseksjon. På denne veggen er også vindauga med sittebenk under. Kjøl/frys og komfyr får energi frå propan.
Ved deleveggen mot stoge er det på kjøkkensida ein Jøtul vedovn med kokeplate.
I stoge peis, stor sovesofa salongbord og to stolar, langbord med benk og stolar, "lesekrok"med leselampe. Utsyn mot sør og vest.
Det er plass til 5 personar. Dobbel seng i soverom 1, soverom 2 er det 3 køyer med stige og minihems framfor køyesenga på toppen. Lys over alle senger.
Det er montert automatisk solcelleventilator som i kombinasjon med ventilar i soverom vil gje god luft i alle rom.
Ca 5 m frå hytta er vedskjul og biologisk utedo med håndvask, om sommar vatn i kran. Det er terrasse mellom utedo og inngangsdør til hytta.
Om våren kan ein vakne til småfuglane som syng etterfølgt av «knepping» av tiur og «buldring» av orrhane.
På snoføre må ein gå på ski eller truger fram til hytta. Det er óg mogleg å leige snoscootertransport for kr 700 etter avtale .
På ein sti ca. 300 m nedafor parkeringsplassen er Tannsvatn . Der er godt fiske og 15 fot båt ligg ved ei flyte brygge som følger med hytta.Flytevester heng i mobil-fiskebu der ligger også 3 stk.Garn og flytevester som følger med ligger i fiskebua ved vannet og skal hengast på plass etter bruk. Båt og fiskebu bør låsast når det ikkje brukast. Nøklar til båt og fiskebu henger i hytta. Hytteeigar er grunneigar og eigar av ca. 1 km strandline med fiskerett som er med i hytteleige.
Tansvatn heng saman med Lognvikvatn og har mange badeplassar, og ein rotur unna er Fagerstrand - den beste badeplassen i Rauland.
Om vinteren er det isfiske
Hytte-/Avbestillingsregler
Hytta leies ut til voksne, ansvarsbevisste ordensmennesker. Minimum leieperiode er 2 døgn.
- Hytta skal forlates ryddig og reingjort og alt av søppel, tomflasker og aviser må tas med.
- Ver grei å ikkje set att noko som helst av medbrakt mat, heller ikkje tørrmat eller drikke
- Ein eigen velkomstperm, med nyttig info og sjekkliste for kva som må ordnas ved ankomst og avreise finnes i hytta, i tillegg til veiledningar for bruk av gasskjøleskap, -komfyr og biodo.
- Røyking i hytta er ikke tillatt.
- Ein hund er velkomen, men ikkje i senger eller møblar, bur til hund inne, kommunale reglar for båndtvang - og elles vise stor varsemd og ha full kontroll på hunden heile året av omsyn til sau, ville dyr og fuglar.
- Hunden skal ikkje forlatas aleine i hytta.
- Hundeskjit skal plukkes opp rundt hytta.
- Ikkje bruke hyttas kopper og kar til foring av hunden / eigne kar til foring er i hytta.
- Dersom det er åpenbare mangler ved rydding og renigjering, vil leigetaker bli belasta med gebyr for leige av reingjeringshjelp.
- Skader på inventar eller hytte må meldas til hytteeigar snarast. Leigetakar kan bli erstatningspliktig, eventuelt måtte betale for kostnader til reparasjon.
Forbruksartikler som alltid må medbringes: Leigetakar må sjølv ta med toalettpapir og tørkerullar. I tillegg må leigetakar ta med komplett sengetøysett til alle, håndkle, og oppvaskhåndkle.
Ved, som kun skal brukas i vedovn og peis, samt solstrøm og gass er inkludert i leiga.
Send en sms til Aasmund på 90011898 når du kjem til hytta. Sidan me ikkje alltid har høve til å sjekke mellom kvar gjest, er det viktig for oss å vite at alt er på stell når det er din tur til å vere der.
Avbestillingsregler
- Oppholdet betales på inatur.no ved bestilling.
- Ved avbestilling inntil 30 dager før oppholdet starter refunderes 85 % av beløpet.
- Ved avbestilling mellom 30-10 dager før oppholdet starter refunderes 50 % av beløpet
- Ved avbestilling 10 dager eller mindre før oppholdet starter gis ingen refusjon
Vi anbefaler alle leietakere å ha sin reise-/avbestillingsforsikring i orden.
Avbestilling/endring i leieforholdet rettes til hytteeier.
Nøkkelhenting
Nyklane heng i koda nykleskåp på sida av døra. Koden får du ved å kontakte Aasmund tlf. 90011898 eller Anne Grethe 41202433.
Veibeskrivelse
Om ein fylgjer Rv 37 frå Rjukan eller Fv 362 frå Haukeli - og inn i Rauland sentrum, er det bare å halde fram på Rv 37 mot sør retning Åmot 3,8 km og over Tanselv bru, ta så fyrste gardsveg til venstre (Flærestaulvegen) og køyr over ei lita bru og deretter fyrste til venstre ca. 300 m til høgaste pukt på vegen, der er parkeringsplass ved sida av avkøyring inn til eit jorde, her startar oppmerkt sti opp til Tvigjyva.
Om ein fylgjer E 134 til Åmot i Vinje - frå aust eller vest -, må ein ta av på Rv 37 mot Rauland/Rjukan og køyre ca 14 km til Tansosen ta av til høgre på Flærestaulvegen og fylg denne slik det er skrive ovanfor.
Turtips
Hytta ligg for seg sjølv, her er ingen hyttenaboer.
Rundt hytta er det både moltemyrer og andre skogsbær. Lengre opp er det bjørkebelte og snaufjell med Damtjønnuten tronande øvst med sine 1282 moh., eit ynda turmål – der ein mot aust ser Gaustatoppen og mot vest Setesdalheiene.
Fin natur rett utanfor døra på alle kanter sommer som vinter. Om du vil på ein lett tur eller krevjande tur, finn du det meste i område. Det er ikkje oppkøyrde ski eller scooterløyper rundt hytta. Ellers er det mykje urørt natur om du vil gå dine eigne vegar i fred og ro.
Tansvatn har mange badeplassar. Og ein rotur unna er Fagerstrand - den beste badeplassen i Rauland, med sine sandstrender og det blir fort varmt vatn om sommaren.
Raulandsfjell og Falkeriset ligg ikkje langt unna med flott utsikt innover Møsvatn.
Kun 5km til Rauland sentrum(Krossen) med stort løypenett. Om du vil ha milevis med oppkøyrde langrennløyper i høyfjellsterreng, eller alpinbakkar finn du og dette på Rauland. Til Rauland skisenter er det 11,5 km.
I Rauland sentrum finn du Ysteriet Lega, med sin kafe og utsal av nysteikte brød og velkjende «kanelsnurrer». Her får du og god kaffe.
Vil du ha middag, er Raulandsstoga eit godt alternativ.
I sentrum har vi to daglegvareforretninger med godt utvalg, interiør/blomsterbutikk, trevarehandel og bensinstasjon. Ved den eine matbutikken er det ladestasjon for el.bil.
I nabokommunen Tokke er den kjente badstoga Soria Moria og det legendariske Dalen hotell. Et besøk til husmannsplassen Rui på Dalen og Vest-Telemark museum i Eidsborg er ei skattekiste av historie, kunst og kulturarv.
På Rjukan er Industriarbeidar museet ein av dei sju norske verdenarvstadane i Noreg, med blant anna Tungtvannskjellaren.
På Rauland er museet til Biledhogger Dyre Vaa og Knut Skinnarland.
Raulandstunet ved Akademiet er og ope med sine utstillinger og «låven» med sitt utsal av alt fra handverk til handblåst glass o.l.