Ny mikrohytte i vakker stølsnatur nær Beitostølen. Eit eldorado for friluftsliv.

Mikrohytte med alt du treng. Står på vakre Skatrudstølen. Eit fantastisk eldorado for ski, sykkel, fiske, tur, bærplukking og stølsliv.

Størrelse og ankomst

Senger til
4 personer
Areal
20 m2
Ankomst
tidligst kl 15:00
Avreise
senest kl 13:00
Avstand fra vei
0 km (sommer)
0 km (vinter)

Adresse

Adresse
Skatrudstølen 8
Poststed
2940 Heggenes

Beliggenhet

Kontakt utleier

Inger Marie Vingdal

+4791747343

ingeving@oslomet.no

Velg ankomst og avreise

Om utleier

Mikrohytta står i mitt barndoms stølsområdet, eit eldorado for aktivitet året rundt, som eg har brukar mykje og er svært glad i.

Eg bur på Beitostølen og driv Budeiene AS som legg tilrette for tur og stølsopplevingar sommar og vinter. Kan bidra med turtips og guiding.

Sjekk også budeiene.no

Om hytta

Hytta er frå 2021, bygd på tilhengar og har golvflate på 15m2. Med den effektive vedomnen fyrar du raskt opp. Mat lagar du på den og gass med to bluss. Hytta har dekketøy og utstyret du treng til matlaging (det er ikkje steikeomn). Solcelleanlegget gir lys og straum til lading. Når du kjem inn i hytta har du kjøkkenbenken langs kortveggen til høgre. Ved det største vindauget er kjøkkenbordet med ekstra klaff. Til venstre for døra er skohylle og oppbevaringskasse med stige opp på hemsen på 5 m2.  Smart tørkestativ på veggen. På hemsen er det madrasse på 120x200 og plass til ekstra madrasse. Hemsen er også populært leikeområde. Frå hemsevindauge har du flott utsikt. Hytta har ein god kvilestol og ein lenestol. I sengealkoven (120 x 200) kan du ligge å sjå ut på nattehimmelen og kanskje kjem nordlyset. Under senga er det god lagringsplass og det er også eit hylleskap med bra plass. I vaskerommet er vaskefat, benk med hyller, eit lite skåp og grei golvplass. Der er også panelet for solcelleanlegget. "Sengeavdelingen" kan stengast av med forheng.

Uteområdet har ein liten platting med levegg, bord og stolar. Det er også eit robust steinbord, utepeis og flatt grasområde. Ved inngangsdøra heng eit hylleskåp på veggen.

Hytta står i le ved ei gamal hytte som ikkje er i bruk. Den har eit skjul der utedoen er og eit lager med ved og litt utstyr. Det er også vedstablar ute.

Parkering er ved hytta, det er brøytt inn på vinteren. På sommaren stenger du grinda for å halde sau og kyr på utsida av gjerde.

Vatn i vasskanner, du kan hente i elva like ved. Hytta står på Skatrudstølen i eit vakkert stølsområde 

 

"Vi fant denne lille skatten på inatur.no og er veldig fornøyde!"

Hytte-/Avbestillingsregler

Hytteregler

  • Hytta og inventaret behandles med aktsomhet.
  • Eventuelle skader meldes straks til hytteeier. Leietaker kan bli erstatningsansvarlig for skader som forårsakes av reisefølge/besøkende, inklusiv dyr.
  • Hytta skal forlates ryddig og rengjort og alt av søppel, tomflasker og aviser må tas med.
  • Manglende renhold kan medføre tilleggsgebyr.
  • Røyking i hytta er ikke tillatt.
  • Hunder skal ikke ligge i møbler eller senger. 
  • Hunder må holdes i bånd utendørs. 
  • Vær vennlig å ikke sett igjen noe som helst av medbrakt mat, heller ikke tørrmat eller drikke.

 

Avbestillingsregler

  • Oppholdet betales på inatur.no ved bestilling.
  • Ved avbestilling inntil 30 dager før oppholdet starter refunderes 85 % av beløpet.
  • Ved avbestilling mellom 30 - 10 dager før oppholdet starter refunderes 50 % av beløpet 
  • Ved avbestilling mindre enn 10 dager før oppholdet starter gis ingen refusjon 
    Avbestilling/endring i leieforholdet skjer direkte til hytteeier/selger.

Nøkkelhenting

Nøkkelboks ved inngangsdøra

Veibeskrivelse

18 km frå Fagernes retning Beitostølen, ta til høgre inn på Øvrebygdvegen ved skiltet Vangsjøen, Fullsend. Etter 250 m til venstre inn på Stølsvegen, gjennom bom (70 kr) og følg vegen i 11 kilometer.

Frå hytta til Beitostølen er det 30 km.

Turtips

På vinteren har du preparerte skiløyper 200 meter frå hytta. Her kan du gå milevis i ulike retningar. På soldagar er ein tur på Kjølafjellet og/eller Saur ei magisk oppleving. Yddinvatnet rett nedanfor hytta er populært for isfiske. På sommaren kan du rusle på gamle krøterstigar, du kan gå til Mellane eller få med deg solnedgangen frå Synhaugstøtta. Med sykkel kjem du deg langt på nye og gamle stølsvegar og du kan sykle inn til Haldorbu i Langsua. Du kan fiske i bekk og vatn. Det er ein rik fjellflora i området og om hausten kan du finne molter på myrene. Det er framleis aktivt stølsliv i området med geiter, sauer og kyr.