Hytte Brubotn i Aurland

Hytte til leige i Brubotn langs fv. 50 i Aurland. Hytta har god 4G dekning og er eit fantastisk utgangspunkt for turar og fiske i området.

Størrelse og ankomst

Senger til
8 personer
Antall soverom
3
Areal
25 m2
Ankomst
tidligst kl 17:00
Avreise
senest kl 17:00
Avstand fra vei
0 km (sommer)
0,3 km (vinter)

Adresse

Adresse
Aurland Statsalmenning
Brubotn, Stemmerdalen
Poststed
5745 Aurland

Beliggenhet

Kontakt utleier

Aurland fjellstyre

www.aurland-fjellstyre.no

57633566, 99567650, 47874374,

aurland@fjellstyrene.no

Velg ankomst og avreise

Om utleier

Aurland statsallmenning: 450 kvadratkilometer høgfjellsterreng, 150 fiskevatn, mange kilometer med fiskeelv. Lettast kjem ein til området ved å køyra fylkesveg 50 mellom Aurland og Hol gjennom Aurlandsdalen. Frå Stemmerdalen til grensa mot Hol går vegen gjennom statsallmenningen.

Aurland Fjellstyre er  forvaltar av bruksrettane i statsallmenningen. I Aurland statsallmenning gjeld dette rettar som fiske, villreinjakt, hjortejakt, småviltjakt, stølar og beite.

Sjå ellers www.aurland-fjellstyre.no for meir informasjon.

Innanbygdsbuande får refundert 1/3 av prisen for overnatting ved kontakt fjellstyrekontoret.

Om hytta

Hytta i Brubotn ligg 300 meter frå fv. 50 mellom Aurland og Hol. Den er basen for fjelloppsynet i Aurland i sommarsesongen frå 15.juni til 1. oktober. Men frå 1. april til 15. juni blir hytta leigd ut gjennom INATUR.NO.  Hytta kan og leigast ut tidlegare på vinteren men då må ein ta direkte kontakt på Fjellstyrekontoret 576 33 566 eller aurland@fjellstyrene.no

Brubotn ligg 1130 m.o.h med fantastiske turmoglegheiter.  Isfiskemoglegheitene er og gode både i nærheita av hytta og lenger inn i fjellet. Hytta ligg i Nordfjella villreinområde og på sørsida av fv. 50 er det enno villrein igjen, så ein må visa hensyn og ikkje uroa dei når ein legg ut på tur.

Hytte-/Avbestillingsregler

Alle tingingar vert belasta på bestillingsdato. Tingar har rett til å avbestille leigeforholdet inntil 30 dagar før leigeforholdet startar, og vil da få refundert 80% av leigesummen. Ved avbestilling mindre enn 30 dagar før leigeforholdet startar vert 50% av leiesummen refundert.  Ved avbestilling mindre enn 10 dagar før leigeforholdet startar vert det ingen refusjon.

 Leigar må vaske og rydde hytta etter bruk, forlet hytta i den stand du ynskjer finna den.

 

Nøkkelhenting

Ta kontakt med fjelloppsynet på telefon 57633566, 47874374 eller 99567650, for meir informasjon.

Turtips

Brubotn er eit fint utgangspunkt for turar utanom løypene. Men vil ein i skitrekk er det ca 30 minutt å køyra til Hallingskarvet skisenter i Sudndalen. Det er ca ein times skitur til Geiteryggen turisthytte som har ope i tida rundt påske og ei tid utover. Steinbergdalen turisthytte ligg og berre ein liten tur unna, med servering og hyggeleg vertskap.

Andre aktuelle tilbud