Nyoppussa hytte i Edland, ved foten av Hardangervidda. Flott turterreng heile året.
Nyoppussa koseleg hytte. Nær Haukelifjell, Hovden og Rauland. Midt mellom Oslo og Bergen. Her kan du enten finne ro eller vere aktiv. Kanskje fristar hundekjøring?
Størrelse og ankomst
- Senger til
- 4 personer
- Antall soverom
- 1
- Areal
- 35 m2
- Ankomst
- tidligst kl 13:00
- Avreise
- senest kl 12:00
- Avstand fra vei
-
0 km (sommer)
0,2 km (vinter)
- Adresse
- Gravdalsvegen 85
- Poststed
- 3895 Edland
Adresse
Beliggenhet
Kontakt utleier
Velg ankomst og avreise
Om utleier
Me er eit ektepar som driv gard med mjølkegeit, sau og høglandsfe i Edland. Bjørgulv er fulltidsbonde, Elin er sjukepleiar. Me er heldige og få bu til fjells heile sumaren med born, 150 geitar og to kattar på støylen vår ca 3 km frå utleigehytta. Det vert både turar på ski, på trug og til fots, samnt ein skutertur i ny og ned.
Om hytta
Hytta ligg tilknytt den gamle støylen Kyrkjestøyl tett på 900 moh omkransa av fjellbjørk, og ein skuar fine toppar i det fjerne. Flott turterreng rett utanfor døra. I gamle dagar var her yrande liv med geitar, sau og kyr. Hytta som er bygd på 60-talet, er no nyoppussa og kosleg, men held ein enkel standard. Det er sett inn ny vedomn, lagt nytt golv, ny kjøkenbenk og heile hytta er måla innvending. Møblar, seng og dyner/puter er nye. Nye brannvarslerar i stoge og soverom , samnt nytt sløkkjeapparat. Vindauga er ikkje bytt enda, men stend for tur når det vårast. Det er ikkje innlagt vatn, men me kan vere behjelpelege med og skaffe vatn når ikkje bekken like ved er open. Utedoen stend ny og flott like ved hytta.
Hytta passar best for 2-4 personar. Det er eit lite soverom med 150 cm dobbeltseng, og sovesofa i stoga. Me har også laga eit mindre bad der det er vask.
Om sumaren er det veg heilt fram til hytta, men om vinteren må du gå ca 200 m.
Hytta ligg for seg sjølv, men i utkanten av eit mindre roleg hyttefelt.
Det er kommunal snoskuterløype som gjeng bortanfor hytta, med generelt lite trafikk.
Leigetakerane kan fritt fiske i vatna me eig. Bekk renn like ved hytte på sumarstid.
Toalettpapir, sengetøy og håndklede må takast med.
Det er kaffetraktar og vannkokar på hytta. Det er kaffefilter på hytta.
Hytte-/Avbestillingsregler
Nøkkelhenting
Nøkkelboks på vegg. Kode kjem på kvitteringa di etter at du har betalt.
Turtips
Fin natur rett utanfor døra på alle kantar sumar som vinter. Om du vil på ein lett tur eller ein krevjande tur, finn du det meste her i området. Det er ikkje oppkøyrde skiløyper kring hytta, men der er snøskuterløype det går an og gå i om du ynskjer fastare underlag. Ellers er det mykje urørt natur om du vil gå dine egne vegar i fred og ro.
Ikkje langt frå hytta finn du Kyrkjestøyltjønna, der du kan enten pilke eller fiske sumarstid etter fjellaure.
Ligg rett ved Songa som er ved foten av Hardangervidda, med masse turmogleghetar. Ein kan også kjøpe fiskekort via Inatur for Songavatn, der du kan vere heldig og få stor fin fjellaure.
Haukelifjell ligg ikkje langt unna med mange flotte toppar og merka turløyper, samnt stikka løyper vinterstid.
Om du vil ha milevis av oppkøyrde langrennsløyper i høgfjellsterreng og fleire alpinbakkar finn du dette både i Vågslid ( 25 min ) Rauland (30 min) og på Hovden (40 min). På Hovden og i Rauland finn du også nokre små kafear og butikkar. Nede i bygda i Edland (ca 10 min frå hytta) finn du to matbutikkar, interiørbutikk, trevarehandel og bensinstasjon, samnt lademogleghetar for el bil.
Anbefalar og besøkje nærmaste nabo, Haukeli husky, som held til berre 2 min unna. Her kan du få deg ein artig vinter eller sommartur!
Det er badeland på Hovden med sklier, inne og utandørsbasseng, boblebad, badstoge og kafe om de ynskjer ein morosam dag der. Det er også eit lite basseng i Edland, og større basseng i Rauland og Åmot.
Dersom du er glad i snøskuter, er det kommunal løype som går forbi hytta. Der kan turistar kjøpe dagsløyve på Vinje kommune sine sider og køyre i kommunens løypenett som strekker seg frå Songa i vest til Møsstrond i aust, dersom du vil ta med egen skuter. (Forbehald om føre og isforhold) Det er begrensa antal dagsløyve. Du sjekkar tilgang og kjøper løyve på Vinjenett.
I nabokommunen Tokke finn du den berykta Soria Moria badstoga og Dalen hotell. Ein tur til husmannsplassen Rui på Dalen er også verdt eit besøk.
Ca 30 min unna finn du den koslege plassen Mjonøy med nydeleg bakst og mat. Anbefalast!
Det nye Vinjesenteret ligg også ca 30 min unna, samnt Vinjebiletgalleri.
Haukelirennet er eit flott turrenn som gjeng i Vågslid i mars/april. Løypa svingar seg i flott høgfjellsterreng! For alle alderar og ferdighetar, og vert kalla "Norges blidaste turrenn"!
Vil du ha lettvind middag, lagar dei veldig god pizza på Esso i Haukeli.