Rom 1 på Friluftsgarden Mån ved den mektige Månafossen: 5 sengeplasser
Ved den mektige Månafossen ligg Friluftsgarden Mån. Her er det overnattingstilbud med 31 sengeplassar, kjøkken, spiserom og stove. NB: Legg alle romma du treng i handlekorga før du går til betaling.
Størrelse og ankomst
- Senger til
- 5 personer
- Antall soverom
- 1
- Ankomst
- tidligst kl 12:00
- Avreise
- senest kl 12:00
- Avstand fra vei
-
1,3 km (sommer)
1,3 km (vinter)
- Adresse
- Eikeskog
- Poststed
- 4335 Dirdal
Adresse
Beliggenhet
Kontakt utleier
51667170
Velg ankomst og avreise
Om utleier
Om hytta
Fjellgarden Mån har overnattingssfløy, kjøkken og opphaldsrom i overetasjen. Det er 31 sengeplassar fordelt på 7 rom. Du kan leiga eit eller fleire rom. Romma har 4 og 5 sengeplassar. Det er ikkje mogleg å leiga berre 1 seng. Dersom du skal ha fleire rom kan du legga alle i handlekorga før du går til betaling.
Hytta er open for utleie frå april til oktober.
I underetasjen er det varmestove som er open for alle året rundt med vedomnar, benkar og bord. Her er det også utstilling om Fjellgarden si historie og Frafjordheiane landskapsvernområde.
I tunet er det utedo som er open for alle.
Gåturen frå parkeringsplassen på Eikeskog til Fjellgarden Mån treng ca. 45 min i bratt og ulendt terreng. Parkering kostar kr. 50.(Vipps, Easypark 5597 eller kontant)
Utstyr på hytta: puter og dyner – Ta med lakenpose eller sengetøy.
Dekketøy til 40, gryter, steikepanner og kaffekjeler.
Oppvaskmiddel, oppvaskbørste, filler, tørkehåndkle, vaskemiddel/kluter for gulvvask, toalettpapir.
Hytte-/Avbestillingsregler
Branninstruks:
Leietakar pliktar å setja seg inn i branninstruks – oppslått i lokalet
Rømningsvegar må ikkje sperrast.
Ved i uthuset til bruk i omnane inne- ikkje til bålbrenning ute. Hugs fyrstikker.
Tips- ta med tennbrikettar.
Mat: Det er ikkje mat på hytta og skal ikkje vera det - ta med ALLE restar heim, ingenting skal stå igjen. Ikkje et mat og snop på soveromma, bruk spisestova.
Lys: Det er lys i alle rom- solcellestraum, men ikkje på do. Ta med lommelykt.
Lysestaker for vanlige lys – ta med lys.
Boss: Kast biologisk avfall i bioposar og kast i do. Alt anna søppel må takast med ned igjen, evnt brennast i omnen.
Vask: De ryddar og vaskar ut soveromma og fellesromma. Hytta skal vera klar til nye gjester kl. 12.00. Dersom de har brukt kjellaren, fei ut ev. smular og vask borda. Varmestova i kjellaren er open for alle.
Skadar:
- Leietakar er økonomisk ansvarleg for skadar på inventar eller hus.
- Ved evt skade, ta kontakt med Jæren Friluftsråd, post@jarenfri.no, tlf 51667170, kontortid kl 07.00-14.30.
- Ved bruk av stearinlys, unngå drypp på inventar og golv.
- Røyking inne ikkje tillate.
- Kjæledyr inne er ikkje tillate.
Avbestillingsreglar
- Oppholdet betales på inatur.no ved bestilling.
- Ved avbestilling inntil 30 dager før oppholdet starter refunderes 85 % av beløpet.
- Ved avbestilling mellom 30 - 7 dager før oppholdet starter refunderes 50 % av beløpet.
- Ved avbestilling mindre enn 7 dager før oppholdet starter gis ingen refusjon.
- Vi anbefaler alle leietakere å ha sin reise-/avbestillingsforsikring i orden.
Nøkkelhenting
Hent nøkkel til hytta etter avtale hos Anne Karin Håland på Eikeskog, siste garden før parkeringsplassen. Mob.nr: 99220645. Hugs å ringa 3-4 dager på førehand for å gjera avtale. Nøkkel skal leverast tilbake same plass.