Assistentboligen på Friluftsfyret Kvassheim ved det mektige Jærhavet.

Overnatting i Assistentboligen på Friluftsfyret Kvassheim er ein overnattingsopplevelse utanom det vanlege ved det mektige Jærhavet. Sengeplass til 8. Leie av annekset i tillegg gir 4 plassar ekstra.

Størrelse og ankomst

Senger til
8 personer
Antall soverom
3
Ankomst
tidligst kl 17:00
Avreise
senest kl 14:00
Avstand fra vei
0 km (sommer)
0 km (vinter)

Adresse

Adresse
Kvassheim 98
Poststed
4363 Brusand

Beliggenhet

Kontakt utleier

Jæren Friluftsråd

51667170

bestillinger@jarenfri.no

Velg ankomst og avreise

Om utleier

Jæren Friluftsråd er ansvarlege for aktivitet og drift på Friluftsfyret Kvassheim.

Om hytta

Assistentboligen er eit av bygga inne på fyrområdet. Boligen vart gjenoppbygd i 2019 og har høg standard og er universelt utforma. Sjølve boligen har 8 sengeplassar, fordelt på 3 rom. I hovedetasjen i boligen er det eit soverom med 1 køyeseng; plass til 2 personar. På loftet i boligen er det 2 soverom. Eit av desse soveromma har 2 sengeplasser, det andre soverommet har 4 sengeplasser. Det er ingen dobbeltsenger i boligen. Dersom ein treng 12 sengeplassar, leiger ein annekset i tillegg med 4 sengeplassar (2 køyesenger). I annekset er det mogleg å reia opp ei ekstra seng på sovesofaen, ekstra dyne og pute ligg i skapet. (Til saman plass til 13 personar i bolig+anneks)  Sjå "Andre aktuelle tilbud" nederst i denne salgssiden. Sengetøy og handkle kan bestillast for kr 200,- pr sett på bestillinger@jarenfri.no.

Det er ikkje mat i boligen. alt må tas med. Utstyr: Spisebord med plass til 12 personar. Velutstyrt kjøkken med blnt anna servise, vatnglas og vinglass, gryter, steikepanne, vaffeljern, termokanner, komfyr, kjøleskap, vannkokar, kaffetraktar, oppvaskmaskin, 2 barnestolar og  vaskemaskin. 2 romslege bad med do og dusj. Det er oppvaskmiddel, oppvaskbørste, filler, tørkehåndkle, håndsåpe og  toalettpapir.

Hytte-/Avbestillingsregler

Leiebetingelsar:

Branninstruks:

  • Leietakar pliktar å setje seg inn i branninstruks, oppslått i lokalet.
  • Rømningsveger må ikkje blokkerast.
  • Heis skal ikkje brukast ved brann.
  • Brannalarm går direkte til brannvesen.
  • Det er ikkje tillatt å grilla ved fyret.
  • Dersom det skal fyrast i omnen inne, må de ha med ved. NB: sjå instruks for fyring, det slår lett ut av omnen! Tips – ta med tennbrikettar - det lettar fyringa.

 

Uteområde:

  • Bil skal parkerast på parkeringsplassen ved havna, 50 m unna. Oppmerket HC-parkering ved fyret.
  • Hald porten lukka, husdyr på beite i området.
  • Vis hensyn til andre gjester på fyret og naboar.
  • Det er lurt å ha med lommelykt, vegen frå parkeringsplassen til fyret er ikkje opplyst

 

Skadar:

  • Leigetakar er økonomisk ansvarleg for skadar på inventar eller hus.
  • Ved evt skade, ta kontakt med Jæren Friluftsråd, post@jarenfri.no,  tlf 51667170, kontortid kl 07.00-14.30.
  • Ved bruk av stearinlys, unngå drypp på inventar og golv.
  • Røyking inne er ikkje tillate.
  • Kjæledyr inne er ikkje tillate. Hugs bandtvang i området.

 

Rydding og vasking:

  • Hugs å ta med alt ditt heim, sjekk kjøleskap, matskap, vaskerom, soverom og bad.
  • Ta ut all søppel og kast i molok ved parkeringsplass. Hugs også søppel frå baderomma.
  • Utvask: vask kjøleskap, bord og benkeplater og set på oppvaskmaskin. Legg skitne filler på vaskerommet i kjellaren, under vasken.
  • Dersom møbler vert flytta skal dei setjast på plass før avreise.

 

Siste sjekk:

  • Avreise seinast kl 14.00.
  • Sjekk at alle vindu er lukka og alle dører låst. Lever nøkkel i kafeen eller legg i nøkkelboks dersom det er avtalt.

 

Aldersgrense for leige er 18 år.

 

Avbestillingsregler:

  • Oppholdet betales på inatur.no ved bestilling.
  • Ved avbestilling inntil 30 dager før oppholdet starter refunderes 85 % av beløpet.
  • Ved avbestilling mellom 30  - 7 dager før oppholdet starter refunderes 50 % av beløpet.
  • Ved avbestilling mindre enn 7 dager før oppholdet starter gis ingen refusjon.
  • Vi anbefaler alle leietakere å ha sin reise-/avbestillingsforsikring i orden.

 

Nøkkelhenting

Me møter dykk klokka 17 i boligen og gir informasjon og nøkkel.

Turtips

Assistentboligen og annekset er to av bygga inne på fyrområdet. Her ligg også sjølve fyrmesterboligen som i dag inneheld utstilling om plast i havet og våtmarksutstilling og ein kan gå opp i fyrtårnet i opningstida. Maskinhuset inneheld i dag kafè/varmestove som har ope lørdagar, søndagar og helligdagar frå januar og ut oktober, og i skulen sin sommarferie (stengt måndagar.) Kafevertane tilbyr nysteikte lappar, kaffi m.m. i tillegg til aktivitetar for barn. 

Fyret ligg i Jærstendene landskapsvernområde med rullesteinstender og havet som næraste nabo. Her kan ein oppleva både heftige stormar og flotte solnedgangar omringa av den flotte jærnaturen. Det er fint å gå tur sørover langs stranda, anten til Brusand eller heilt til Sirevåg. Like nord for fyret ligg Kvassheimbukta fuglefredingsområde med sitt unike fugleliv. 

Andre aktuelle tilbud