Assistentboligen på Friluftsfyret Kvassheim ved det mektige Jærhavet.
Overnatting i Assistentboligen på Friluftsfyret Kvassheim er ein overnattingsopplevelse utanom det vanlege ved det mektige Jærhavet. Sengeplass til 8. Leie av annekset i tillegg gir 4 plassar ekstra.
Størrelse og ankomst
- Senger til
- 8 personer
- Antall soverom
- 3
- Ankomst
- tidligst kl 17:00
- Avreise
- senest kl 14:00
- Avstand fra vei
-
0 km (sommer)
0 km (vinter)
- Adresse
- Kvassheim 98
- Poststed
- 4363 Brusand
Adresse
Beliggenhet
Kontakt utleier
51667170
Velg ankomst og avreise
Om utleier
Jæren Friluftsråd er ansvarlege for aktivitet og drift på Friluftsfyret Kvassheim.
Om hytta
Assistentboligen er eit av bygga inne på fyrområdet. Boligen vart gjenoppbygd i 2019 og har høg standard og er universelt utforma. Sjølve boligen har 8 sengeplassar, fordelt på 3 rom. I hovedetasjen i boligen er det eit soverom med 1 køyeseng; plass til 2 personar. På loftet i boligen er det 2 soverom. Eit av desse soveromma har 2 sengeplasser, det andre soverommet har 4 sengeplasser. Det er ingen dobbeltsenger i boligen. Dersom ein treng 12 sengeplassar, leiger ein annekset i tillegg med 4 sengeplassar (2 køyesenger). I annekset er det mogleg å reia opp ei ekstra seng på sovesofaen, ekstra dyne og pute ligg i skapet. (Til saman plass til 13 personar i bolig+anneks) Sjå "Andre aktuelle tilbud" nederst i denne salgssiden. Sengetøy og handkle kan bestillast for kr 200,- pr sett på bestillinger@jarenfri.no.
Det er ikkje mat i boligen. alt må tas med. Utstyr: Spisebord med plass til 12 personar. Velutstyrt kjøkken med blnt anna servise, vatnglas og vinglass, gryter, steikepanne, vaffeljern, termokanner, komfyr, kjøleskap, vannkokar, kaffetraktar, oppvaskmaskin, 2 barnestolar og vaskemaskin. 2 romslege bad med do og dusj. Det er oppvaskmiddel, oppvaskbørste, filler, tørkehåndkle, håndsåpe og toalettpapir.
Hytte-/Avbestillingsregler
Leiebetingelsar:
Branninstruks:
- Leietakar pliktar å setje seg inn i branninstruks, oppslått i lokalet.
- Rømningsveger må ikkje blokkerast.
- Heis skal ikkje brukast ved brann.
- Brannalarm går direkte til brannvesen.
- Det er ikkje tillatt å grilla ved fyret.
- Dersom det skal fyrast i omnen inne, må de ha med ved. NB: sjå instruks for fyring, det slår lett ut av omnen! Tips – ta med tennbrikettar - det lettar fyringa.
Uteområde:
- Bil skal parkerast på parkeringsplassen ved havna, 50 m unna. Oppmerket HC-parkering ved fyret.
- Hald porten lukka, husdyr på beite i området.
- Vis hensyn til andre gjester på fyret og naboar.
- Det er lurt å ha med lommelykt, vegen frå parkeringsplassen til fyret er ikkje opplyst
Skadar:
- Leigetakar er økonomisk ansvarleg for skadar på inventar eller hus.
- Ved evt skade, ta kontakt med Jæren Friluftsråd, post@jarenfri.no, tlf 51667170, kontortid kl 07.00-14.30.
- Ved bruk av stearinlys, unngå drypp på inventar og golv.
- Røyking inne er ikkje tillate.
- Kjæledyr inne er ikkje tillate. Hugs bandtvang i området.
Rydding og vasking:
- Hugs å ta med alt ditt heim, sjekk kjøleskap, matskap, vaskerom, soverom og bad.
- Ta ut all søppel og kast i molok ved parkeringsplass. Hugs også søppel frå baderomma.
- Utvask: vask kjøleskap, bord og benkeplater og set på oppvaskmaskin. Legg skitne filler på vaskerommet i kjellaren, under vasken.
- Dersom møbler vert flytta skal dei setjast på plass før avreise.
Siste sjekk:
- Avreise seinast kl 14.00.
- Sjekk at alle vindu er lukka og alle dører låst. Lever nøkkel i kafeen eller legg i nøkkelboks dersom det er avtalt.
Aldersgrense for leige er 18 år.
Avbestillingsregler:
- Oppholdet betales på inatur.no ved bestilling.
- Ved avbestilling inntil 30 dager før oppholdet starter refunderes 85 % av beløpet.
- Ved avbestilling mellom 30 - 7 dager før oppholdet starter refunderes 50 % av beløpet.
- Ved avbestilling mindre enn 7 dager før oppholdet starter gis ingen refusjon.
- Vi anbefaler alle leietakere å ha sin reise-/avbestillingsforsikring i orden.
Nøkkelhenting
Me møter dykk klokka 17 i boligen og gir informasjon og nøkkel.
Turtips
Assistentboligen og annekset er to av bygga inne på fyrområdet. Her ligg også sjølve fyrmesterboligen som i dag inneheld utstilling om plast i havet og våtmarksutstilling og ein kan gå opp i fyrtårnet i opningstida. Maskinhuset inneheld i dag kafè/varmestove som har ope lørdagar, søndagar og helligdagar frå januar og ut oktober, og i skulen sin sommarferie (stengt måndagar.) Kafevertane tilbyr nysteikte lappar, kaffi m.m. i tillegg til aktivitetar for barn.
Fyret ligg i Jærstendene landskapsvernområde med rullesteinstender og havet som næraste nabo. Her kan ein oppleva både heftige stormar og flotte solnedgangar omringa av den flotte jærnaturen. Det er fint å gå tur sørover langs stranda, anten til Brusand eller heilt til Sirevåg. Like nord for fyret ligg Kvassheimbukta fuglefredingsområde med sitt unike fugleliv.