Ufsbu - villmarkshytte midt i fiskeeldorado i Birtedalen

Hytta Ufsbu ligg ved Ufstjønn, på toppen av Langefoss i Birtedalen. For å kome til denne perla må du gå langs Brutjønn, ca 45 min, eller bruke båt over tjønna. Her kan du fiske og slappe av!

Størrelse og ankomst

Senger til
6 personer
Antall soverom
2
Ankomst
tidligst kl 16:00
Avreise
senest kl 12:00
Avstand fra vei
2 km (sommer)
2 km (vinter)

Adresse

Adresse
Ufsbu
Poststed
3870 Fyresdal

Beliggenhet

Kontakt utleier

Stein Helge Lassemo

Grethe Lassemo

97788988

glassemo@gmail.com

Velg ankomst og avreise

Om utleier

Du kan lese litt om oss på heimesida vår, Gamletovsli

For å sjå fleire bilete frå området kan du sjekke desse sidene:

Facebook: Gamletovsli - hyttetomter - naturopplevingar, jakt og fiske i Birtedalen

Instagram: @gamletovslino, @grethelassemo 

Om hytta

Ufsbu er ei perle av ein plass i eit fantastisk turområde.

Hytta er omkransa av vatn og er eit eldorado for dei som er interessert i fiske, jakt og friluftsliv.

Der er kano, båt og redningsvestar ved hytta. 

Her er nok av fiskevatn i grei gåavstand, og det er ikkje uvanleg å få fisk rundt halvkiloen i fleire av vatna.

 

Hytta består av eit rom med kjøkkenkrok, spisebord og sofakrok. I same rommet er det tre sengeplassar.

Det andre rommet er eit soverom med tre sengeplassar. Mellom desse romma er gangen og ein liten gang med muldo.

I uthuset er der fiskegarn som gjerne må brukast i Ufstjønn.

 

For å kome til hytta må du gå langs vestsida av Brutjønn, ca 2 km på sti.

Det er også anledning til å leige båt.

Dette må avtalast i kvart enkelt tilfelle.

Hytte-/Avbestillingsregler

Hyttereglar:

- Røyking er ikkje lov inne i hytta.

- De kan ha med hund. Desse skal ikkje opp i møblar eller senger.

- Hytta skal vaskast og vere like fin når de reiser som når de kom.

(de kan bestille vask om de ynskjer det)

- Detaljerte hyttereglar finn du på oppslag i hytta.

 

Avbestillingsreglar:

- 85% refusjon ved avbestilling seinast 14 dagar før ankomst.
- Halv refusjon ved avbestilling mindre enn 14 dagar før ankomst.

- Ingen refusjon ved avbestilling mindre enn eitt døgn før ankomst (det vil seie etter kl. 15.00 dagen før ankomst).

Nøkkelhenting

Dette avtales før ankomst

Turtips

Kviptefjell (903 moh), Nasefjell (916 moh) og Jåmsfjell (936 moh) er populære turar i området. Alle turane er merkte.

Turforslag i Birtedalen

Fyresdal Turlag

Fyresdal kommune - toppturar - skiløyper - ulike tilbod

Andre aktuelle tilbud