Holmavatnet, Ullensvang fjellstyre
Steinbu som ligg ved Holmavatnet, i Ullensvang statsallmenning
Størrelse og ankomst
- Senger til
- 2 personer
- Antall soverom
- 1
- Areal
- 10 m2
- Ankomst
- tidligst kl 16:00
- Avreise
- senest kl 15:00
- Avstand fra vei
-
14 km (sommer)
25 km (vinter)
Beliggenhet
Kontakt utleier
48270778
Velg ankomst og avreise
Om utleier
Sjå heimesida for Ullensvang statsallmenning, her vil du finna fortløpande info om jakt, fiske, fjellstyrehytter, og fjellstyra sitt arbeid.
www.hardangervidda-fjellstyra.no
Ullensvang fjellstyre ynskjer å kartlegge alle båtvrak i Ullensvang statsallmenning. Båtvrak av plast og trebåtar med maling, lakk og bunnstoff er ein kilde til mikroplast, som ein ynskjer å fjerne frå naturen.
Fjellstyre ber brukarane av statsallmenningen om å melde i frå om dei kjem over øydelagde båtar, og dokumentere dette med bilete og stad, helst koordinatar. Send info til: ullensvang@fjellstyrene.no eller ta kontakt på tlf: 48270778
Her finn du meir informasjon om båtvrak-prosjektet:
https://www.fjellstyrene.no/aktuelt/bter-ryddet-p-statsallmenningene
Om hytta
Steinbua er utstyrt med madrasser, ved, gasskomfyr og naudsynt kjøkenutstyr. Ta med sovepose.
Steinbua har eit rom med to senger.
NB! Enkel standard.
Kartreferanse UTM-sone 32: 393141- 6657840
Hytte-/Avbestillingsregler
Alle bestillingar blir belasta på bestillingsdato. Leigetakar har rett til å avbestille leigeforholdet inntil 30 dagar før leigeforholdet startar, og vil då få refundert 80% av leigesummen.
Ved avbestiling inntil 21 dagar før opphaldet startar blir 50% av summen refundert.
Ved avbestilling 20 dagar eller mindre før opphaldet bir det ikkje gitt refusjon.
Avbestiling skal sendast direkte til Ullensvang fjellstyre på e-post ullensvang@fjellstyrene.no.
- Alle brukarar skal vaska og rydda etter seg. Forlat hytta i den stand du sjølv ynskjer å finna ho.
- Ikkje legg att mat i hytta.
- Hytta er røykfri.
- Sjå til at propan er kopla frå og at dører, vindauge og ventilar er skikkeleg stengd att før du reiser frå hytta.
- Brennbart søppel kan brennast, matrestar kastast i god avstand frå hyttene. Resten tek du med deg heim.
Nøkkelhenting
Nøkkel ligg i kodeboks som er montert på hytteveggen. Koden til nøkkelboksen står på kvitteringa du får ved bestilling av hytta - Ta derfor godt vare på kvitteringa du får frå Inatur.no. Slå inn koden, trykk hendelen til venstre ned. Når du har brukt nøkkelen: legg nøkkelen og kjettingen tilbake i boksen, lukk att boksen og endre tala til 0000. NB! Det er viktig å endre på tala - elles blir boksen ståande open.
Fjellstyret ber om at leigetakar gir tilbakemelding om det er lite ved/ gass på hytta, eller andre feil eller manglar som må rettast opp.