Holmavatnet, Ullensvang fjellstyre

Steinbu som ligg ved Holmavatnet, i Ullensvang statsallmenning

Størrelse og ankomst

Senger til
2 personer
Antall soverom
1
Areal
10 m2
Ankomst
tidligst kl 16:00
Avreise
senest kl 15:00
Avstand fra vei
14 km (sommer)
25 km (vinter)

Beliggenhet

Kontakt utleier

Ullensvang Fjellstyre

48270778

ullensvang@fjellstyrene.no

Velg ankomst og avreise

Om utleier

Sjå heimesida for Ullensvang statsallmenning, her vil du finna fortløpande info om jakt, fiske, fjellstyrehytter, og fjellstyra sitt arbeid.

www.hardangervidda-fjellstyra.no

 

Ullensvang fjellstyre ynskjer å kartlegge alle båtvrak i Ullensvang statsallmenning. Båtvrak av plast og trebåtar med maling, lakk og bunnstoff er ein kilde til mikroplast, som ein ynskjer å fjerne frå naturen.

Fjellstyre ber brukarane av statsallmenningen om å melde i frå om dei kjem over øydelagde båtar, og dokumentere dette med bilete og stad, helst koordinatar. Send info til: ullensvang@fjellstyrene.no eller ta kontakt på tlf: 48270778

Her finn du meir informasjon om båtvrak-prosjektet:

https://www.fjellstyrene.no/aktuelt/bter-ryddet-p-statsallmenningene

Om hytta

Steinbua er utstyrt med madrasser, ved, gasskomfyr og naudsynt kjøkenutstyr. Ta med sovepose.

Steinbua har eit rom med to senger.

 

NB! Enkel standard. 

 

Kartreferanse UTM-sone 32: 393141- 6657840 

Hytte-/Avbestillingsregler

Alle bestillingar blir belasta på bestillingsdato. Leigetakar har rett til å avbestille leigeforholdet inntil 30 dagar før leigeforholdet startar, og vil då få refundert 80% av leigesummen.

Ved avbestiling inntil 21 dagar før opphaldet startar blir 50% av summen refundert.

Ved avbestilling 20 dagar eller mindre før opphaldet bir det ikkje gitt refusjon.

Avbestiling skal sendast direkte til Ullensvang fjellstyre på e-post ullensvang@fjellstyrene.no.

 

  • Alle brukarar skal vaska og rydda etter seg. Forlat hytta i den stand du sjølv ynskjer å finna ho.
  • Ikkje legg att mat i hytta.
  • Hytta er røykfri.
  • Sjå til at propan er kopla frå og at dører, vindauge og ventilar er skikkeleg stengd att før du reiser frå hytta.
  • Brennbart søppel kan brennast, matrestar kastast i god avstand frå hyttene. Resten tek du med deg heim.

Nøkkelhenting

Nøkkel ligg i kodeboks som er montert på hytteveggen. Koden til nøkkelboksen står på kvitteringa du får ved bestilling av hytta - Ta derfor godt vare på kvitteringa du får frå Inatur.no. Slå inn koden, trykk hendelen til venstre ned. Når du har brukt nøkkelen: legg nøkkelen og kjettingen tilbake i boksen, lukk att boksen og endre tala til 0000. NB! Det er viktig å endre på tala - elles blir boksen ståande open. 

 

Fjellstyret ber om at leigetakar gir tilbakemelding om det er lite ved/ gass på hytta, eller andre feil eller manglar som må rettast opp.

Andre aktuelle tilbud