Hansbu - Ullsbu, Ullensvang fjellstyre
Hytta ligg på Hansbu, aust i Ullensvang statsallmenning
Størrelse og ankomst
- Senger til
- 6 personer
- Antall soverom
- 1
- Areal
- 30 m2
- Ankomst
- tidligst kl 16:00
- Avreise
- senest kl 15:00
- Avstand fra vei
-
25 km (sommer)
35 km (vinter)
Beliggenhet
Kontakt utleier
48270778
Velg ankomst og avreise
Om utleier
Sjå heimesida for Ullensvang statsallmenning, her vil du finna fortløpande info om jakt, fiske, fjellstyrehytter, og fjellstyra sitt arbeid.
www.hardangervidda-fjellstyra.no
Ullensvang fjellstyre ynskjer å kartlegge alle båtvrak i Ullensvang statsallmenning. Båtvrak av plast og trebåtar med maling, lakk og bunnstoff er ein kilde til mikroplast, som ein ynskjer å fjerne frå naturen.
Fjellstyre ber brukarane av statsallmenningen om å melde i frå om dei kjem over øydelagde båtar, og dokumentere dette med bilete og stad, helst med koordinatar. Informasjon sendes til ullensvang@fjellstyrene.no, eller tlf: 482 70 778
Her finn du meir informasjon om båtvrak-prosjektet:
https://www.fjellstyrene.no/aktuelt/bter-ryddet-p-statsallmenningene
Om hytta
Hytta er utstyrt med madrasser, ved, gasskomfyr og naudsynt kjøkenutstyr. Ta med sovepose.
Hytta har eit soverom med fire senger, og i tillegg to senger i gongen. Ved leige av fleire enn fire personar betalar du for ekstraseng i bookinga.
Solcellepanel, ladepunkt 12 v (usb og "billadar"), dab-radio
Fjellstyret har tre båtar i Nedsta Krokavatnet. Ein båt skal til ei kvar tid liggje på sørsida av vatnet. Leigetakarar i Ullsbu, Rogdabu og Naustet må dele på båtane.
Det er fellestoalett for alle hyttene i bygget i sørvest (mot Hansbubekken).
Hytte-/Avbestillingsregler
Alle bestillingar blir belasta på bestillingsdato. Leigetakar har rett til å avbestille leigeforholdet inntil 30 dagar før leigeforholdet startar, og vil då få refundert 80% av leigesummen.
Ved avbestiling inntil 21 dagar før opphaldet startar blir 50% av summen refundert.
Ved avbestilling 20 dagar eller mindre før opphaldet bir det ikkje gitt refusjon.
Avbestiling skal sendast direkte til Ullensvang fjellstyre på e-post ullensvang@fjellstyrene.no.
- Alle brukarar skal vaska og rydda etter seg. Forlat hytta i den stand du sjølv ynskjer å finna ho.
- Ikkje legg att mat i hytta.
- Hytta er røykfri.
- Hundar skal vera i gangen.
- Sjå til at propan er kopla frå og at dører, vindauge og ventilar er skikkeleg stengd att før du reiser frå hytta.
- Brennbart søppel kan brennast, matrestar kastast i god avstand frå hyttene. Resten kan kastast i søppelpose i gangen. Sorter i kategoriane glas- og metallembalasje, pantbare flasker og boksar og restavfall. Matrestar skal ikkje i boset. Ta gjerne med deg søppel heim.
Nøkkelhenting
Nøkkel ligg i kodeboks som er montert på hytteveggen. Koden til nøkkelboksen står på kvitteringa du får ved bestilling av hytta - Ta derfor godt vare på kvitteringa du får frå Inatur.no. Slå inn koden, trykk hendelen til venstre ned. Når du har brukt nøkkelen: legg nøkkelen og kjettingen tilbake i boksen, lukk att boksen og endre tala til 0000. NB! Det er viktig å endre på tala - elles blir boksen ståande open.
Fjellstyret ber om at leigetaker gir tilbakemelding om det er lite ved/ gass på hytta, eller andre feil eller mangler som må rettast opp.
Veibeskrivelse
Ullsbu ligg midt inne på Hardangervidda.
Det mest aktuelle utgangspunktet er Rv. 7 over Hardangervidda til Tråastølen - vidare grusveg til Tinnhølen der det er parkering. Derfrå ta beina fatt på turstien innover mot Sandhaug og vidare mot Ullsbu. Frå Tinnhølen går det ei traktorslepe mot Sandhaug, og vidare mot Hansbu. Det er mogleg å sykle på traktorslepa, men standarden er ikkje god. Merk at det er forbode å sykle utanom traktorslepa, jf. verneforskrifta for Hardangervidda nasjonalpark. NB! Elsykkel er ikkje lovleg å bruke i nasjonalparken.
https://ut.no/kart gir ei grei oversikt over avstandar.
Motorferdsel i Hardangervidda nasjonalpark:
Motorferdsel er i utgangspunktet forbode i Hardangervidda nasjonalpark. Det er mogleg å søke om landingsløyve for helikopter/sjøfly i samband med blant anna storviltjakt og garnfiske. Det er ikkje opning for å få løyve til motorferdsel i samband med stongfiske og småviltjakt. Søknad om løyve til motorferdsel i nasjonalparken skal sendast til Tilsynsutvalet i Vestlandet for Hardangervidda nasjonalpark. For meir info om motorferdsel, kontakt Tilsynsutvalet: https://ullensvang.kommune.no/artikkel/tilsynsutvalet-i-vestland-for-hardangervidda-nasjonalpark/
Kartbladet "Hardangervidda Vest" i M1:100 000 viser det meste av området med vegar og turstiar.