Leiligheit i anneks på Kråkenes. Ligg flott til mot storhavet og Vestkapp!
Mot havet ved Kråkenes fyr. Opplev det stille, stormfulle og fargesprakande. Vestkapp, Selja kloster, surfestrendene på Stadlandet. Måløy,Refviksanden, Hornelen, eller Knutholmen. Nordfjord.
Størrelse og ankomst
- Senger til
- 4 personer
- Antall soverom
- 1
- Areal
- 38 m2
- Ankomst
- tidligst kl 15:00
- Avreise
- senest kl 12:00
- Avstand fra vei
-
0,2 km (sommer)
0,2 km (vinter)
- Adresse
- Kråkenesvegen 72
- Poststed
- 6710 Raudeberg
Adresse
Beliggenhet
Kontakt utleier
91383232
Velg ankomst og avreise
Om hytta
Dette er eit anneks til hytte. Den egnar seg best for to eller tre personar, men det er sengeplassar til fire. I den eine delen av annekset er det ei mindre leiligheit. Med bad / dusj og forbrenningstoalett. Soveavdeling med dobbeltseng og god skapplass. I den andre delen av annekset er det lagerplass for ma. utstyr for fisking og grilling samt vaskeutstyr og utemøblar.
Stue med kjøkkenkrok. Mikrobølgjeomn med mange muglegheiter, platetopp, kombi kjøleskap/frysar.
Stue med sovesofa med plass til to, DAB-radio, fjernsyn med Canal digital.
Hytte-/Avbestillingsregler
• Annekset leiger vi berre ut til rolege ordensmennesker over 20 år. Eigar tek kontakt på telefon, sms, eller e-post før leigetidspunktet.
• Ønskt minste leigetid er tre døgn.
• Røyking gjer ein ikkje inne i annekset.
• Kjæledyr er velkomne, men ikkje til å liggje i møblar og senger.
• Leigetakar må støvsuge og sluttvaske, vaske alle overflater, benker, konfyr og golv. Reingjere bad, dusjkabinett og toalett skikkeleg. Ved mangelfull utføring av dette, kan leigetakar bli etterfakturert for kr 1000,- for innleigd vaskehjelp.
• Ta med søppel, tomflaskar og blad/aviser. Søppelet legg du oppi hyttekontainarane som er plassert på venstre side etter at ein har køyrd over Måløybrua igjen.
• Ta ut oske og reingjer potta i forbrenningstoalettet.
• Ved manglar og eventuelt om noko blir øydelagt, varslar leigetakar utleigar og kjøper tilsvarande nytt, evnt betaler kostnaden for innkjøp av nytt.
• WIFI
• Annekset forlet du ryddig og reingjort og i same stand som da du kom. Sjå etter at vindua er lukka.
• Forbruksmateriell som leigetakar må ta med seg; toalettpapir, tørkerullar og stearinljos. Dynetrekk, laken til dobbeltsenger, putevar, handkle, og oppvask-/tørkehandkle.
• Vi vil svært gjerne at du ringjer eller sender oss ein sms 913 83 232 ved frammøte og avreise.
AVBESTILLINGSREGLAR
• Alle bestillingar blir belasta på bestillingsdato. Avbestilling blir varsla direkte til eigar.
• Bestillar har rett til å avbestille leigeforholdet inntil 30 dagar før leigeforholdet startar, og vil da få refundert 80 % av leigesummen.
• Ved avbestilling mellom 30 og 10 dagar før leigestart blir 50 % refundert med fråtrekk 10 % formidlingsgebyr til Inatur.
• Ved avbestilling mindre enn 10 dagar før leigeforhaldet startar, blir det ikkje gjeve refusjon.
Nøkkelhenting
Nøkkelboks ved inngangen. Kode blir sendt før frammøte.
Turtips
Www.vivest.no. Søk Refviksanden, Dagbladet har peika ut Refviksanden som den flottaste badestranda i Norge. Ligg ca 15 min frå annekset i køyretid med bil.
www.krakenesfyr.com . Berre ein liten gåtur frå annekset.
Søk på webkamera Kråkenes fyr kan du følgje været 24 timar i døgnet. Går du inn på google kan du søkje på Måløyraidsenteret og / eller Hornelen. Det er fleire fine turmulegheiter i nærområdet. Om du går opp ved vindmøllene og oppover Kråkenesfjellet vil du få ei panoramautsikt over ytre Nordfjord.
Dagsturar med bil til Selja kloster, Vestkapplatået, Hoddevik, Ervik/St. Svithuns minnekapell, Vestkapp, Vågsberget, Kannesteinen, Kalvåg / Knutholmen, diktarstigen/ Jan Magnus Bruheim i Botnane,