Hus på garden Kosi i Vinje til leige. Flott utgangspunkt for fjellturar og fiske.

"Stoga" er det gamle våningshuset på garden Kosi i Grungedal. Huset ligg idyllisk til i tunet oppe i lia, med fin utsikt over Tveitevatnet. 

Størrelse og ankomst

Senger til
6 personer
Antall soverom
3
Areal
70 m2
Ankomst
tidligst kl 15:00
Avreise
senest kl 11:00
Avstand fra vei
0 km (sommer)
0 km (vinter)

Adresse

Adresse
Haukelivegen 6568
Poststed
3895 Edland

Beliggenhet

Kontakt utleier

Knut Olav Edland

95292085

koedland@online.no

Velg ankomst og avreise

Om hytta

"Stoga" er det gamle våningshuset på garden Kosi i Grungedal. Huset ligg fint til oppe i lia ovanfor E134, med fin utsikt over Tveitevatnet. Huset er god utstyrt med 1 soverom med dobbeltseng og 2 soverom med 2 enkeltsenger.  Kjøkkenet er velutstyrt med komfyr, oppvaskmaskin, kjøleskap og frysar. Stoga har eit spisebord og hjørnesofa, tv og satellittmottakar. Eigen WC og bad med dusj.

Huset er ein og bygningene rundt vil kunne skape ei magisk jul og nyttårsfeiring for deg og dine. Etter avtale kan de ut i skogen rett ved tunet og hogge dykkar eige juletre.

Fiske og båtar i både Tveitevatn og Grungevatn er med i leiga. Det er også mogleg for fiske i elva nedanfor Edland, ein stad som er veldig populær for stangfiske. Til garden høyrer det også nokre andre fjellvatn og tjønnar som ein kan fiske i. Området har mykje å tilby for dei som er aktive friluftsmenneske. Ein liten køyretur så er ein på Haukelifjell der ein har fleire merka løyper rundt Haukeliseter turisthytte. Området rundt Haukeli har Hardangervidda og Setesdalsheiane som nærmaste turområde.

 

Besøk gjerne www.visithaukeli.no, www.Hovden.com,  www.visitrauland.com, www.vinjesenteret.no meir informasjon om ulike attraksjonar i nærområdet. Turar med hundespann sommar og vinter er veldig populært, sjå www.hundespann.no for meir info om dette. 

Hytte-/Avbestillingsregler

Avbestillingsreglar

  • Alle bestillingar belastast på bestillingsdato.
  • Leigetakar har rett til å avbestille leigeforholdet inntil 30 dagar før leigeforholdet startar, og vil då få refundert 80% av leigesummen.
  • Ved avbestilling mellom 30 - 10 dagar før leigeforholdet startar refunderast 50% av leigesummen.
  • Ved avbestilling mindre enn 10 dagar før leigeforholdet startar blir det ikkje gitt refusjon.

 

Sengetøy og handkle kan leigast for kr 100,- pr sett.

Avbestilling/endring i leigeforholdet sendast til hytteeigar.

Me rådar alle våre leigetakarar å ha avbestillingsforsikring saman med si reiseforsikring.

 

Grunna Covid-19 er det ynskeleg at gjestene har med eige sengetøy og handkle.

Utvask kan om ønskeleg avtalas

Nøkkelhenting

Det er nykkelboks på hytta, koden får de ved kontakt med utleigar før ankomst. Ta kontakt i god tid før avreise heimafrå.

Turtips

Sjå lenker på denne sida.

Andre aktuelle tilbud