Kvipteplass, usjenert i nydeleg turterreng. Flotte fiskemoglegheiter rett utom døra.

Triveleg, lafta feriehus med høg standard og plass til 9 personar. Flott turterreng og fiskemoglegheiter rett utom døra i vakkert landskap! Prisen gjeld 1 pers. Velg pristillegg pr pers før betaling.

Hyttekalender

INVITER PÅ TUR! Del på

Hyttedetaljer

Størrelse og ankomst

Senger til
8 personer
Antall soverom
4
Areal
108 m2
Ankomst
tidligst kl 15:00
Avreise
senest kl 12:00
Avstand fra vei
0 km (sommer)
0 km (vinter)

Adresse

Adresse
Kvipt Gjestegard, Kviptevegen 312
Birtedalen
Poststed
3870 Fyresdal

Veibeskrivelse

Trykk her for vegforklaring til Kvipt Gjestergard på Google maps

 

Kvipt Gjestegard ligg i Birtedalen i Fyresdal kommune.

Om oss

Kvipt Gjestegard ligg i fjellbygda Birtedalen, på grensa mellom Fyresdal og Setesdal, 600 m.o.h. Garden ligg omkransa av vakker og særeigen natur – eit eldorado for friluftsliv, jakt og fiske i eit variert terreng.

Kvipt Gjestegard høver godt for: grupper, turgåarar, sportsfiskarar, jegarar (småvilt), kunst-, kultur- og historieinteresserte, selskap, bryllaup, bursdagar, kurs og seminar.

Kontakt oss

Olav Kvipt

907 32 456

olavkvipt@gmail.com

Lenker på denne siden

  • Ingen lenker

Om hytta

Kvipteplass
Kvipteplass ligg usjenert til i nydeleg turterreng, nær Birtevatn og Midttjønn med tilgang til båt med påhengsmotor. Dette er eit lafta feriehus med høg standard, bygd i Telemarkstil. 108 m2 fordelt på to etasjar, med plass til ni personar fordelt på fire soverom. I området er det flotte tur- og fiskemoglegheiter, bilveig heilt fram. Koseleg uteplass med hagemøblar og stor plen.


I fyrste etasje finn du gang, toalett med varmekablar, peisestove med parabol-TV, samt eit rikeleg utstyrt kjøkken med oppvaskmaski og kjøleskåp. I andre etasja ligg dei fire soveromma og bad med varmekablar, dusj og toalett. Her er også ein stor, solfylt veranda.

Kvipteplass er godt utstyr for sjølv-hushald, men du kan også velge om du vil få tilkøyrt for eksempel middag frå Kvipt.

Prisar
Overnatting i Kvipteplass: 825,- pr. person pr. natt. Velg pristillegg pr person ekstra før du går til betaling.

Barn under 12 får 30% rabatt.

Hund i hytta: kr 250,- for perioden.

Badehandkle: kr 50,-

Frokost: kr 195,- pr. person

Middag tre rettar: kr 580,-. Middag må bestillast ein dag i førevegen. Vi har ein eksklusiv meny som er basert på heimelaga mat av lokale råvarer.



Kvipt gjestegard
Kvipt Gjestegard ligg i fjellbygda Birtedalen, på grensa mellom Fyresdal og Setesdal, 600 m.o.h. Garden ligg omkransa av vakker og særeigen natur – eit eldorado for friluftsliv, jakt og fiske i eit variert terreng. Her er overnattingsmoglegheiter i fire bygg; Kvipteplass, Smieringen, Stabburet og Loftet.

Kvipt er ein møtestad for bygdefolk og ferdafolk, med tradisjon og kultur heilt attende til vikingtida. Det er ope for tingingar, selskap, jaktutleige og hytteutleige heile året.

 Du kan lese meir om oss på kvipt.no.

Hytteregler/Avbestillingsregler

Avbestillingsreglar
· 85% refusjon ved avbestilling seinast 14 dagar før ankomst.
· Halv refusjon ved avbestilling mindre enn 14 dagar før ankomst.
· Ingen refusjon ved avbestilling mindre enn eit døgn før ankomst (kl. 15.00 ankomstddagen).

Hyttereglar
· Hund er tillate mot eit tillegg i prisen, grunna ekstra vask.
· Middag må bestillast ein dag i forvegen. Vi har ein eksklusiv meny som er basert på heimelaga mat av eksklusive lokale råvarer.
· Hyttene har oppreidde senger, og utvask er inkludert. Hyttene er utsyrt med toalettpapir, såpe, kjøkkenhåndkle og håndkle til hendar.

Nøkkelhenting

Nykel får du ved oppmøte på Kvipt.

Turtips

Turtips
Kviptefjell (903 moh), Nasefjell (916 moh) og Jåmsfjell (936 moh) er populære turar i området. Alle turane er merka.
Sjå her for turbeskrivingar og andre turforslag: Turforslag i Birtedalen 

Fiske
Desse fiskevatna er tilgjengelege på eigedommen og har fin matfisk: Kviptetjønna, Midtjønna, Birtevatn, Blakstjønn og Grøssa. Grøssa og Blakstjønn har veldig flott aure som er raud og fin i kjøtet. Grøssa er eit krystallklart vatn med grønskjer og sandbotn, på grensa mellom Setesdal og Fyresdal.


Aktivitetar

For gjester, er fiske og lån av fiskegarn, kano og båt heilt gratis i Kviptetjønna. Vil du innover vidda, må du derimot løyse fiskekort. Kvipt har også utleige av småviltjakt på skogsfugl, rype, hare og rådyr. 

På Kvipt kan du oppleve tradisjon og kultur, gamal bu- og byggeskikk, enten som dagsgjest eller som overnattingsgjest. Her går dyra og beiter på verna kulturmark, med ein særeigen fauna.


Kvipt tilbyr skredarsydde opplegg om det er ynskje for det. Som vår gjest får du ei levande og personleg oppleving. Dersom du er interessert i å oppleve noko spesielt saman med familie, vener, lag eller firma. Ta kontakt med oss for ein uformell prat!

Andre aktuelle tilbud