Stabburet på Kvipt Gjestegard. Turterreng og godt fiske rett utom døra.
Stabbur frå 1675, med plass til 6 personar, flott plassert på Kvipt Gjestegard i Birtedalen. Turterreng og godt fiske rett utom døra. Prisen gjeld 1 pers. Velg pristillegg pr pers før betaling.
Størrelse og ankomst
- Senger til
- 6 personer
- Antall soverom
- 2
- Ankomst
- tidligst kl 15:00
- Avreise
- senest kl 12:00
- Avstand fra vei
-
0 km (sommer)
0 km (vinter)
- Adresse
- Kvipt Gjestegard, Kviptevegen 312
Birtedalen - Poststed
- 3870 Fyresdal
Adresse
Beliggenhet
Kontakt utleier
907 32 456
Velg ankomst og avreise
Veibeskrivelse
Trykk her for vegforklaring til Kvipt Gjestergard på Google maps
Kvipt Gjestegard ligg i Birtedalen i Fyresdal kommune.
Om utleier
Kvipt Gjestegard ligg i fjellbygda Birtedalen, på grensa mellom Fyresdal og Setesdal, 600 m.o.h. Garden ligg omkransa av vakker og særeigen natur – eit eldorado for friluftsliv, jakt og fiske i eit variert terreng.
Kvipt Gjestegard høver godt for: grupper, turgåarar, sportsfiskarar, jegarar (småvilt), kunst-, kultur- og historieinteresserte, selskap, bryllaup, bursdagar, kurs og seminar.
Om hytta
Stabburet
Stabbur frå 1675, med plass til seks personar. Stabburet er innreidd med himmelsenger i fyrste og andre etasje. Det er ikkje innlagt vatn, men det kan hentast i nabobygget, der du også finn toalett og dusj.
Prisar
Overnatting i Stabburet: 715,- pr. person pr. natt. Velg pristillegg pr person ekstra før du går til betaling.
Barn under 12 får 30% rabatt.
Hund i hytta: kr 250,- for perioden.
Badehandkle: kr 50,-
Frokost: kr 210,- pr. person
Middag tre rettar: kr 630,-. Middag må bestillast ein dag i førevegen. Vi har ein eksklusiv meny som er basert på heimelaga mat av lokale råvarer.
Kvipt gjestegard
Kvipt Gjestegard ligg i fjellbygda Birtedalen, på grensa mellom Fyresdal og Setesdal, 600 m.o.h. Garden ligg omkransa av vakker og særeigen natur – eit eldorado for friluftsliv, jakt og fiske i eit variert terreng. Her er overnattingsmoglegheiter i fire bygg; Kvipteplass, Smieringen, Stabburet og Loftet.
Kvipt er ein møtestad for bygdefolk og ferdafolk, med tradisjon og kultur heilt attende til vikingtida. Det er ope for tingingar, selskap, jaktutleige og hytteutleige heile året.
Du kan lese meir om oss på kvipt.no.
Hytte-/Avbestillingsregler
Avbestillingsreglar
· 85% refusjon ved avbestilling seinast 14 dagar før ankomst.
· Halv refusjon ved avbestilling mindre enn 14 dagar før ankomst.
· Ingen refusjon ved avbestilling mindre enn eitt døgn før ankomst (det vil seie etter kl. 15.00 dagen før ankomst).
Hyttereglar
· Hund er tillate mot eit tillegg i prisen, grunna ekstra vask.
· Middag må bestillast ein dag i forvegen. Vi har ein eksklusiv meny som er basert på heimelaga mat av eksklusive lokale råvarer.
· Hyttene har oppreidde senger, og utvask er inkludert. Hyttene er utsyrt med toalettpapir, såpe, kjøkkenhåndkle og håndkle til hendar.
Nøkkelhenting
Nykel får du ved oppmøte på Kvipt.
Turtips
Turtips
Kviptefjell (903 moh), Nasefjell (916 moh) og Jåmsfjell (936 moh) er populære turar i området. Alle turane er merka.
Sjå her for turbeskrivingar og andre turforslag: Turforslag i Birtedalen
Fiske
Desse fiskevatna er tilgjengelege på eigedommen og har fin matfisk: Kviptetjønna, Midtjønna, Birtevatn, Blakstjønn og Grøssa. Grøssa og Blakstjønn har veldig flott aure som er raud og fin i kjøtet. Grøssa er eit krystallklart vatn med grønskjer og sandbotn, på grensa mellom Setesdal og Fyresdal.
Aktivitetar
For gjester, er fiske og lån av fiskegarn, kano og båt heilt gratis i Kviptetjønna. Vil du innover vidda, må du derimot løyse fiskekort. Kvipt har også utleige av småviltjakt på skogsfugl, rype, hare og rådyr.
På Kvipt kan du oppleve tradisjon og kultur, gamal bu- og byggeskikk, enten som dagsgjest eller som overnattingsgjest. Her går dyra og beiter på verna kulturmark, med ein særeigen fauna.
Kvipt tilbyr skredarsydde opplegg om det er ynskje for det. Som vår gjest får du ei levande og personleg oppleving. Dersom du er interessert i å oppleve noko spesielt saman med familie, vener, lag eller firma. Ta kontakt med oss for ein uformell prat!