Frittliggande hytte ved Songadammen i Vinje.
Hytta "Støylen" på Songa ledig deler av sommaren 2022. Flott utgangspunkt for dagsturer innover Hardangervidda, Haukelifjell og Rauland. Båt med mulighet for garnfiske er inkludert i leiga.
Størrelse og ankomst
- Senger til
- 6 personer
- Antall soverom
- 2
- Areal
- 65 m2
- Ankomst
- tidligst kl 15:00
- Avreise
- senest kl 11:00
- Avstand fra vei
-
0 km (sommer)
7 km (vinter)
- Adresse
- Songavegen
- Poststed
- 3895 Edland
Adresse
Beliggenhet
Kontakt utleier
95292085
Velg ankomst og avreise
Om hytta
Hytta "Støylen" ligg fritt til framfor Songadammen i Vinje kommune. Geitestøylen var i aktiv bruk fram til 2003, hytta var då bruka som sommerbustad i nærmare 4 månader i året. Hytta inneheld stoge med kjøkkenkrok på ca 30 kvm. Bad med dusj. Soverom nr 1 har dobbeltseng. Soverom nr 2 har 2 stk køyesenger. Det er også ein liten hems som kan brukast til overnatting, men som kan bli litt varm å sove på. Elles er det ein yttergang og biodoen er plassert i eit eige rom i enden av denne.
Kjøkkenet er velutstyrt med komfyr, kjøleskap og oppvaskmaskin. Her finn ein også vaffeljern, brødristar, stavmiksar m.m. Stoga har spisebord og hjørnesalong. Ein vedovn held godt på varmen i tillegg til elektrisk oppvarming. Radio, TV og parabol er det der. Mobildekning er god med bra 4G dekning (telenor)
Sommarstid er det bilveg heilt fram til hytta, mens vinterstid må ein bruke snoskuter opp frå den vinterbrøyta parkeringa lengre nede. Det er ein landingsplass for helikopter ca 200m frå hytta, som blir bruka til å fly fiskere og jegere inn på vidda.Snoskutertransport opp til hytta kan tingas av eigar.
Vinje kommune har eige løypenett for fritidskøyring med snoskuter, dette løypenettet går rett ved hytta. Om ein ynsker det kan ein leige snoskuter av eigar og kjøpe dagsløyve på Vinje kommunes nettside. Då kan de transportere bagasje m.m. opp til hytta sjølve. De kan då bruke løypenettet i kommunen dei dagene de har kjøpt løyve for. Kontakt utleigar på mail koedland@online.no for meir informajon om dette.
Vinterstid er det eit flott skiterreng rundt hytta. Dersom ein ynskjer det kan ein vinterstid pilke etter aure på Songavatnet. Sommarstid er det godt fiske i Songavatnet. Ein båt som de kan bruke er ved hytta, de kan også leige fiskegarn om det er ynskeleg.
Hytte-/Avbestillingsregler
Avbestillingsreglar
- Alle bestillingar belastast på bestillingsdato.
- Leigetakar har rett til å avbestille leiheforholdet inntil 30 dager før leiheforholdet startar, og vil då få refundert 80% av leigesummen.
- Ved avbestilling mellom 30 - 10 dagar før leigeforholdet startar refunderast 50% av leigesummen.
- Ved avbestilling mindre enn 10 dagar før leigeforholdet startar blir det ikkje gitt refusjon.
Sengetøy og handkle kan leigast for kr 100,- pr sett.
Avbestilling/endring i leigeforholdet sendast til hytteeiger.
Me rådar alle våre leigetakarar å ha avbestillingsforsikring saman med si reiseforsikring.
Nøkkelhenting
Det er nykkelboks på hytta.
Kontakt utleigar for meir info.
Turtips
Vinterstid er det ikkje oppkøyrde skiløyper i området. Det er likevel eit flott skiterreng rundt hytta. Fleire toppar er populære mål, bla Gluggvarden, Saltpytteggi, Stokkholmen mm.