Rundebu – flotte fiskevatn og variert turterreng
Triveleg, enkel hytte med eitt rom og to sengeplassar på idylliske Fiskebustøylen, med kort veg til flotte fiskevatn og variert turterreng.
Størrelse og ankomst
- Senger til
- 2 personer
- Antall soverom
- 1
- Areal
- 20 m2
- Ankomst
- tidligst kl 16:00
- Avreise
- senest kl 12:00
- Avstand fra vei
-
0 km (sommer)
0 km (vinter)
- Adresse
- Fyresdalsvegen 4319
- Poststed
- 3870 Fyresdal
Adresse
Beliggenhet
Kontakt utleier
+47 976 77 991 / +47 415 94 057
Video
Velg ankomst og avreise
Om utleier
Fiskebustøylen er ein gamal støyl på Valebjørgheia i Fyresdal med kjent aktivitet datert tilbake til seint 1800-tal. Her kan du finne ro og stille – i eitt med naturen. På Valebjørgheia finn du eit rikt dyre- og planteliv, ei mengd flotte fiskevatn, jaktmoglegheiter og eit variert turterreng. Støylen er som i tidlegare tider, tilhøyrande garden Valebjørg Søndre og vart bruka til tradisjonell støylsdrift fram til 1932.
Fiskebustøylen blir i dag drive av Åshild, Anne og Jørund Valebjørg.
Om hytta
Rundebu er ei sjarmerande hytte for 1–2 personar med opphaldsrom, kjøkken og soverom i eitt og bad med biologisk toalett og dusj. I hytta får ein straum og vatn frå aggregat.
Prisar
Overnatting: kr 700,- pr. døgn.
Ein kan også bestille:
Hyttevask: kr 300,-
Leige av sengetøy: 150,- pr. seng
Oppreidde senger: 200,- pr. seng
Ein kan også leige båt eller kano i Holmevatn og Midtvatn.
På Fiskebustøylen står tre hytter med totalt 18 sengeplassar: Fiskebu, Olavsbu og Rundebu. I tillegg har me Båthuset, som er eit serveringslokale med plass til 30 personar. Her er det kjøkken med alt av utstyr.
Me tilbyr utleige frå kring 19. mai til kring 19. oktober. Hyttene er stengt for utleige resten av året.
BOMVEG! Nykel til bommen må ein leige hjå vertskapet på Valebjørg Søndre.
OBS! Bobilar slepp ikkje inn gjennom bommen.
Hytte-/Avbestillingsregler
Hyttereglar
- Fiskebustøylen er ikkje ein stad for festing og fyll. Vis omsyn for naturen og andre gjester.
- Røyking i hyttene er ikkje tillate.
- Hyttene og området kring hyttene skal ein reise frå ryddig og ordentleg, og alt av søppel, tomflasker, sigarettsneipar/snus osv. skal ein kaste i søppeldunkar ved hyttene eller ta med seg heim.
- Ver venleg og ikkje set att medbrakt mat, heller ikkje tørrmat eller drikke.
- Husdyr er tillate, men hundar skal haldast i bur inne.
- Tak vare på hyttene og inventar.
- Eventuelle skader melder ein til oss som driv støylen. Leigetakar kan bli erstatningsansvarleg for skader som reisefølge/besøkande, også dyr, måtte forårsake.
- Innsjekk etter kl. 16.00 (ev. etter avtale). Avreise frå hyttene innan kl. 12:00.
- OBS! Ikkje tak med eigen kano, kajakk, packraft eller liknande.
Ver merksam på at det er redusert mobildekning i området der hyttene ligg.
Avbestillingsreglar
Opphaldet blir betalt på inatur.no ved bestilling.
• Ved avbestilling inntil 30 dagar før opphaldet startar, blir 85% av beløpet refundert.
• Ved avbestilling mellom 30–10 dagar før opphaldet startar, blir 50% av beløpet refundert.
• Ved avbestilling mindre enn 10 dagar før opphaldet starter, blir ingen del av beløpet refundert.
Avbestilling av eller endring i leigeavtala skjer direkte med hytteeigar.
Nøkkelhenting
Nykel til hytte og til bom hentast hjå utleigarane på garden Søgard Valebjørg.
Veibeskrivelse
Fylg Fv. 355 Fyresdalsvegen langs Fyresvatn, frå anten Fyresdal eller Nissedal. Ein må innom garden Valebjørg Søndre før ein reiser inn i heia. Innkøyrsla kan du finne anten på andre sida av ein raud, gamal garasje (frå nord) eller på andre sida av vegen for skiltet til Fiskebustøylen (frå sør). Frå skiltet er det om lag 6,2 km inn til Fiskebustøylen og hyttene. Det går bilveg heilt inn.
Bomveg
For å kome til Valebjørgheia og Fiskebustøylen må du gjennom ein bom. Nykelen til bommen får du ved å ta kontakt på +47 976 77 991 eller +47 415 94 057. Det er ei bomavgift på 150 kr per bil.
Turtips
Heiene kring Fiskebustøylen byr på flotte turområde med både svaberg og furuskog. Det er nokre merkte turstiar ein kan fylgje til fjelltoppar i området: Maurdalsrista og Åbogsfjell samt Myrbu på veg mot Kronfjell (925 moh.). Elles er det sauestiar og fiskestiar ein kan fylgje til toppar og fiskevatn. Valebjørgheiene har eit rikt dyreliv, og det er store moglegheiter med kamera. Om du vil utforske området til fots eller i kano/kajakk er du garantert ei oppleving der du blir eitt med naturen.
OBS! Ikkje tak med eigen kano, kajakk, packraft eller liknande.