Olavsbu – triveleg hytte i idylliske omgivnader

Ei lita, triveleg hytte med fem sengeplassar. Hytta ligg på idylliske Fiskebustøylen, med kort veg til flotte fiskevatn og variert turterreng.

Størrelse og ankomst

Senger til
5 personer
Antall soverom
2
Areal
30 m2
Ankomst
tidligst kl 16:00
Avreise
senest kl 12:00
Avstand fra vei
0 km (sommer)
0 km (vinter)

Adresse

Adresse
Fyresdalsvegen 4319
Poststed
3870 Fyresdal

Beliggenhet

Kontakt utleier

Fiskebustøylen

+47 976 77 991 / +47 415 94 057

post@fiskebustoylen.no

Video

Velg ankomst og avreise

Om utleier

Fiskebustøylen er ein gamal støyl på Valebjørgheia i Fyresdal med kjent aktivitet datert tilbake til seint 1800-tal.  Støylen er som i tidlegare tider, tilhøyrande garden Valebjørg Søndre og vart bruka til tradisjonell støylsdrift fram til 1932. Den opphavlege laftebygningen ser du att i Olavsbu den dag i dag.


Fiskebustøylen drivast i dag av Åshild, Anne og Jørund Valebjørg, som står klare til å ynskje deg velkomen til fjells, ro og stille.

Om hytta

Olavsbu er ei mindre hytte med fem sengeplassar. I denne hytta er det eitt opphaldsrom med kjøkkenkrok og stove, bad med biologisk toalett og dusj, eitt soverom med tre sengeplassar og ein hems med soveplass til to personar. 

Prisar 

Overnatting i Olavsbu:
Minste leigepris er kr 900,- pr. døgn, for inntil 2 personar. Kr 450,- pr. person pr. døgn utover det.
Barn under 12 år: kr 200,- pr. barn pr. døgn.

 

Kan bestillast:
Hyttevask: kr 700,-.
Leige av sengetøy: 150,- pr. seng.
Oppreidde senger: 200,- pr. seng.


Fiskebustøylen
På Fiskebustøylen kan du søkje ro og stille, i eitt med naturen. Her kan du overnatte i trivelege hytter med høg standard, omringa av vatn, skog og kupert landskap som er typisk for Vest-Telemark. I Valebjørgheia finn du eit rikt dyre- og planteliv, ei mengd flotte fiskevatn, jaktmoglegheiter og eit variert turterreng. 

På Fiskebustøylen står tre høgstandardhytter med totalt 18 sengeplassar: Fiskebu, Olavsbu og Rundebu. I tillegg har vi Båthuset, som er eit serveringslokale med plass til 30 personar. Her er det kjøkken med alt av utstyr.

Vi tilbyr utleige frå 15. mai til rundt 1. november. Hyttene er stengt for utleige resten av året.

Meir informasjon finn du på fiskebustoylen.no. Fylg oss gjerne på Facebook/fiskebustøylen

 

Her kan du lese meir om fiskemoglegheiter hjå Fiskebustøylen

 

BOMVEG! Nykel til bommen må du hente hjå vertskapet på Valebjørg.

 

Hytte-/Avbestillingsregler

Hyttereglar 

  • Hytta leigast ut til vaksne, ansvarsbevisste ordensmenneske.  
  • Røyking i hytta er ikkje tillate.
  • Hytta og området rundt hytta skal forlatast ryddig, og alt av søppel, tomflasker og aviser må kastast i søppeldunkar ved hyttene eller takast med heim.
  • Ver venleg og ikkje set att medbrakt mat, heller ikkje tørrmat eller drikke.
  • Husdyr er tillate, men hundar skal haldast i bur inne.
  • Hytta og dets inventar behandles med aktsomhet.
  • Eventuelle skader meldes straks til hytteeier. Leietaker kan bli erstatningsansvarlig for skader som forårsakes av reisefølge/besøkende, inklusiv dyr.
  • Ankomsttid etter avtale, eller rundt kl. 16.00. Avreise innan kl. 12:00.
  • Hugs å levere fangstrapport om du fiskar i Valebjørgheia.


Ver merksam på at det er redusert mobildekning i området der hyttene ligg.

Avbestillingsreglar 

Oppholdet betales på inatur.no ved bestilling.

• Ved avbestilling inntil 30 dager før oppholdet starter refunderes 85 % av beløpet. 
• Ved avbestilling mellom 30 - 10 dager før oppholdet starter refunderes 50 % av beløpet 
• Ved avbestilling mindre enn 10 dager før oppholdet starter gis ingen refusjon 

Avbestilling eller endring i leieforhaldet skjer direkte med hytteeigar. 

Nøkkelhenting

Nykel til hytta hentast hjå utleigarane, og det gjeld også nykelen til bommen for å kome inn til Fiskebustøylen. Du får meir informasjon om dette når du har bekrefta bestillinga di.

Veibeskrivelse

Fylg Fv. 355 Fyresdalsvegen langs Fyresvatn, frå anten Fyresdal eller Nissedal, og ta av ved skilt til Fiskebustøylen. Frå avkøyringa er det om lag 6,2 km inn til Fiskebustøylen. Det går bilveg heilt inn til hyttene.

Bomveg

For å kome til Valebjørgheia og Fiskebustøylen må du gjennom ein bom. Nykelen til bommen får du ved å ta kontakt på +47 976 77 991 eller +47 415 94 057 og køyre innom oss på garden Valebjørg, rett ved fv. 355 og avkøyringa til Fiskebustøylen. Det er ei bomavgift på 150 kr per bil.

Turtips

Heiene kring Fiskebustøylen byr på flotte turområde med både svaberg og furuskog. Det er fleire merkte turstiar ein kan fylgje til fjelltoppar i området; høgast er Kronfjell på 925 moh. Det er merkt til Maurdalsrista, Åbogsfjell og Myrbu. Elles er det sauestiar rundt om i heia ein kan fylgje. Desse gjeng blant anna til ulike fiskevatn. Valebjørgheiene har eit rikt dyreliv, og der er store moglegheiter med kamera. Om du vil utforske området til fots eller i kano/kajakk er du garantert ei oppleving der du blir eitt med naturen.

 

OBS! Lurar du på å ha med eigen kano/kajakk e.l., kontakt oss fyrst.

Andre aktuelle tilbud