Koseleg hytte på Voss. Sentrumsnært og midt ute i naturen. Praktfull utsikt.

Snart er kaffen klar... Slapp av på denne ferieperla - så pass langt til skogs at du kan søkje skogens ro - så sentrumsnært at du kan ta del i "bylivet" og oppleve Voss og bygdene omkring!

Størrelse og ankomst

Senger til
5 personer
Antall soverom
1
Areal
30 m2
Ankomst
tidligst kl 14:00
Avreise
senest kl 13:00
Avstand fra vei
0,3 km (sommer)
0,3 km (vinter)

Adresse

Adresse
Raugstad
Poststed
5700 Voss

Beliggenhet

Kontakt utleier

Magnar Brandseth 00 47 952 09 628

Gunnvor Opheim Brandseth

00 47 913 60 954

magnar.brandseth@gmail.com

Velg ankomst og avreise

Om utleier

Hytta er privat eigd av Magnar Brandseth og Gunnvor Opheim Brandseth. 

Om hytta

Hytta ligg altså relativt sentrumsnært - men samtidig ute i naturen - på Voss,.

Aktuell vêr- og føremelding og webkamera finn du på denne lenka (kopier lenke legg inn i nettlesar): 

 

https://www.vossresort.no/webkamera-og-foremelding

 

Hytta ligg i 370 meters høgde, ovafor øvste gardane i vakre Gullfjordungen. Hytta vart bygd i 1963 på det som før var eit gamalt "slåttetrée" - slåtteteig - under garden Raugstad. 

 

Dette er ei enkel hytte, men den ligg koseleg til og svært usjenert. Hytta er på 30 m2, med stove, avdelt kjøkken og eit ikkje-avdelt soverom,

der det er ei etasjeseng. Det er i tillegg sovesofa i stova og to lause madrass-senger på hemsen. Det er såleis plass til 5 personar.

Det er ikkje innlagt straum, men solcelleanlegget er fornya sommar 2020. 

 

Vatn er stort sett greit å henta i Heggjavadgroi (- bekken) 50-60 meter unna. Ved stillesåande vatn sommarstid eller ved flaumføring er det lurt å ta med drikkevatn. Det er eit uthus på ca. 12 m2, der det er ved og diverse utstyr. 

 

Det er gasskomfyr med fire bluss for koking, og med steikeomn under.  Det er stor vedomn (med plass for 60 cm vedskier) til oppfyring.

 

Det er ca. 200 meter å gå opp frå bilvegen, i forholdsvis bratt terreng. Dersom ein vil gå heilt frå Vangen (Voss sentrum) tar det rundt 40-50 min.  Då er det råd å oppleve den fine solsida på Voss i roleg tempo - som i mai, då fleire av dei vedlagte bilda på veg opp er tatt. Ein kan velje mellom å gå bilvegen til fots, eller gå markastien oppi skogen. 

 

Det går elles bybuss eit stykke på veg opp mot hytta. Ein tar då buss 964 Sivlevegen frå Voss stasjon og til Brekkesvingen, like nedanfor øvste garden, Raugstad. Derifrå er det ikkje så langt å gå til hytta. 

 

OBS: Vinterstid bør ein nok ha trugar for å gå opp frå frå parkeringsplassen ved bilvegen, evt. kan ein gå ein viss omveg på ski, for å unngå dei brattaste bakkane.

 

Bestilling av hytta skjer  i bestillingskalender. OBS: Trykk på datoen du vil leige frå først, deretter datoen for avreise. Når bestilling er gjort, får du mail med ytterlegare informasjon. Det er fritt fram å velje eitt eller fleire døgn, men hytta passar absolutt best for den som vi slå seg til ro nokre dagar. 

OBS: Ved bestilling minimum 4 døgn, gir vi god rabatt for påfølgjande døgn. Ta gjerne kontakt på førehand om det praktiske her. 

Hytte-/Avbestillingsregler

Hytta kan leigast anten på vekebasis, for helg eller dagar enkeltvis, det avgjer ein sjølv - 

bestilling skjer i kalender. 

Overtakelsestidspunkt kl. 14, som utgangspunkt, og avreisetidspunkt innan  kl. 13.

På vekebasis er beste periode sundag til sundag. 

Familiar/vaksne blir foretrekt som leigetakarar.

Rydding og vask før avreise er obligatorisk. Vi forventar at de forlet hytta slik de ønskjer å finne henne. 

Alt av søppel, tomflasker og aviser må tas med til hytterenovasjon/heim. 

Vær vennleg å ikkje set igjen medbrakt mat.

 

Avbestillingsregler

  • Oppholdet betales på inatur.no ved bestilling.
  • Ved avbestilling inntil 30 dager før oppholdet starter refunderes 85 % av beløpet.
  • Ved avbestilling mellom 30-7 dager før oppholdet starter refunderes 50 % av beløpet
  • Ved avbestilling én uke eller mindre før oppholdet starter gis ingen refusjon

 

Avbestilling skjer direkte til hytteeier. 

Vi anbefaler alle leietakere å ha sin reise-/avbestillingsforsikring i orden.

 

Nøkkelhenting

Nøkkel blir overlevert etter avtale på telefon/mail.

Turtips

Velkomen til Voss - ei bygd med sterke opplevingar!

Nærområdet: 

Frå hytta er det mange muligheter for turar og aktivitetar, både nær hytta, i vossebygda - og i nabobygder, eller Bergen by. 

Stien som går nedanfor hytta fører vidare innover i åsen og opp til Hanguren (toppen av Gondolbanen) og Slettafjellet, og heilt opp til Lønehorgi (1412 m), om ein vil så langt. 

Stien fører også nedover, så ein kan gå ned til Mølstertunet (museum) og heilt ned på Vossevangen, om ein vil. 

Dette kan kombinerast med å ta Voss Gondol (https://www.vossgondol.no/no/praktisk-informasjon/opningstider/) til topps, og gå stien ned att til hytta. Ved å skaffe seg eit kart, ser ein at det er mange ulike muligheter for fotturar i nærområdet - eller i Vossebygda elles.

 

Vossebygda: 

Turistkontoret for Voss er i nedre stasjon for Voss Gondol. Her er den offisielle reiseguiden for Voss: 

Velkomen til Voss - bygd for sterke opplevingar: www.visitvoss.no

Her finn ein meir informasjon om museum; Mølstertunet, Nesheimstunet og Finneloftet og om mange andre attraksjonar; Tvinnefosssen, Stalheimsfossen og akvititetar; klatrepark, rafting og ikkje minst vindtunnelen "Voss Vind". 

For fotturar er altså muligheitene mange, og det blir ofte arrangert fellesturar i regi av Voss utferdslag.

Dette er eit lokallag av DNT og meir info om Voss Utferdslag finn ein her:

https://www.vossutferdslag.no/

Dei siste åra har elles sykling i terrenget blitt populært på Voss, meir info på denne sida:

www.trailguide.net

Elles er det rikeleg med serveringstader og kafear, både på Vossevangen og rundt i bygda. 

 

Aktivitetar i nabobygder: 

I Kinsarvik, ca. 1 time med bil, er den populære familieparken Mikkelparken:

https://www.mikkelparken.no/

 

I Gudvangen, ein knapp time med bil, ligg vikinglandsbyen "Viking Valley":

https://www.vikingvalley.no/

 

Ved å ta turen ein halv time lenger, til turistbygda Flåm, er det mange muligheter, bl. a. for fjordcruise;

https://www.visitflam.com/?gclid=EAIaIQobChMIzuf1uaSz6gIV3wCiAx085wKREAAYASAAEgLoo_D_BwE

 

Og då må også den klassiske rundtturen "Norway in a nutshell" nemnast; tog Voss-Myrdal, Flåmsbanen til Flåm, båt inn "verdensarvfjorden" Nærøyfjorden til Gudvangen og buss tilbake til Voss. 

https://www.fjordtours.com/

https://www.norwaynutshell.com/no/klassisk-norway-in-a-nutshell/?_ga=2.91837849.2059673794.1593855912-1808469421.1593855912&_gac=1.142287494.1593855914.EAIaIQobChMI-rPb96ez6gIVGiwYCh3g4wktEAAYASAAEgJWGfD_BwE

 

Og elles er altså Bergen by berre vel ein time unna med tog eller bil. 

Andre aktuelle tilbud