Veslfjellbu - hytte på Sognefjellet
Hytte ved foten av Smørstabbtindane, Vest-Jotunheimen. Utgangspunkt for mange fine fotturar, topp- og breturar. Mange gode fiskevatn rett ved. Kort veg til fjordane på vestlandet
Størrelse og ankomst
- Senger til
- 5 personer
- Antall soverom
- 2
- Areal
- 36 m2
- Ankomst
- tidligst kl 16:00
- Avreise
- senest kl 12:00
- Avstand fra vei
-
0,2 km (sommer)
11 km (vinter)
- Adresse
- Sognefjellsveien 4682
- Poststed
- 2686 Lom
Adresse
Beliggenhet
Kontakt utleier
Dagleg leiar og fjelloppsyn Åsmund Galde / fjelloppsyn Eilev Hellekveen
92893226 / 99712939
Velg ankomst og avreise
Om utleier
Lom fjellstyre har 7 hytter til utleige, og i tillegg fleire opne steinbuer i høgfjellet. Vi forvaltar statsallmenningane i Lom og legg tilrette for aktivt friluftsliv, jakt og fiske.
Om hytta
Hytta er bygd i 2018 på grunnmuren til tidlegare hytte. Den ligg like ved fv 55 Sognefjellsvegen, ikkje langt frå Krossbu. Den har 4-5 sengeplasser, opphaldsrom med vedovn, kjøkken med gassbluss og alt nødvendig utstyr. Hytta har ikkje innlagt strøm eller vatn, men ved og gass er tilgjengeleg. Sengane er utstyrt med madrass. Du må ha med sengetøy, inkludert dyne/pute/sovepose, sjå vedlagt instruks for smitteverntiltak
Hytta er eit fint utgangspunkt for turar i vestlege delar av Jotunheimen.
NB: Hytta er ikkje tillatte brukt i samband med kommersiell verksemd som til dømes kursvirksomheit, organiserte turar eller anna.
Hytta er reservert innanbygdsbuande i april og mai månad, eventuelle tilgjengelege dagar blir lagt ut stutt tid i forvegen.
Hytte-/Avbestillingsregler
Leietakar vaskar seg inn og ut av hytta, sjå vedlagde instruks smitteverntiltak, og forlat hytta i den stand du ønskjer å finne den.
Kunden har rett til å avbestille leiga inntil 30 dagar før bestilt ankomst. Lom fjellstyre refunderar 75 % ved slik avbestilling. Ved avbestilling mindre enn 30 dagar før leigeforholdet startar, refunderast 50 % av leigesummen. Ved avbestilling mindre enn 14 dagar før leigeforholdet startar, gjev vi ingen refusjon.
Nøkkelhenting
Nøkkelboks på hytteveggen på alle dei låste hyttene.
NB! Kode til nøkkelboks finn du på kvittering etter at du har bestilt og betalt hytta.
Kontaktinformasjon Lom fjellstyre: lom@fjellstyrene.no mob. 99712939 eller 92893226.
Hugs å legge nøkkelen tilbake i boksen ved avreise!