Ny-hytta på Kampen. Nær Besseggen i Sjodalen. Ei uberørt perle 1050 moh.
Setra ligg vakkert til ved foten av Grinningdalskampen. Nydeleg utsikt. Midt i jaktterrenget. Bra fiskevatn. Ny-hytta og Gamlehytta deler tun. Svært bra stand. Robåt, 2 kajakk, pizzaovn.
Størrelse og ankomst
- Senger til
- 7 personer
- Antall soverom
- 2
- Areal
- 60 m2
- Ankomst
- tidligst kl 15:00
- Avreise
- senest kl 12:00
- Avstand fra vei
-
0 km (sommer)
3 km (vinter)
- Adresse
- Griningsdalsvegen 465
- Poststed
- 2683 Tessanden
Adresse
Beliggenhet
Kontakt utleier
41447020 el. 41206473
Velg ankomst og avreise
Om utleier
Kampen er perfekt utganspunkt for tur i Jotunheimen og Nasjonalparkriket. Du kan jakte rett frå hytta og slepp å sette deg i bilen! Kjøp jaktkort for Langmorkje statsallmenning på inatur! www.nasjonalparkriket.no,
www.visitjotunheimen.no, www.inatur.no
Me kjøpte garden Sygard Kleppe og Kampesetra juli 2018. Oss har leigd på Kleppe i fem år. Veldig takksame og audmjuke over å kunne få kjøpe denne eventyrgarden. Unik i Nasjonal målestokk med kulturhistorie og samlinga av gamle tømmerhus på Kleppehøgda i Vågå. I huset vårt (frå 1700 tallet) vart Jo Tjøstolvson Kleppe fødd. Meir kjend som legenda Jo Gjende - Norges største og djervaste reinskyttar og fjellmann. Han lika seg også godt på Kampen.
NATURLEG RIK
- Oss ska på setra oss, seier Ragnhild 3 år stolt. Me skal vere der i mange dagar, legg ho til! Ho tar Olaguten på 1,5 år i hånda og han nikkar forstandig. Dei to har hatt ein fantastisk sumar med fjellspa, barbeint heile dagen, turar i fjellet, sett geitar, rein, rev, hauk, falk og ikkje minst plukka mange blomar og steinar. Vaffelrøre er populært når ein kan steike det på bålet ute. Og blåbærsyltetøy er enno betre når ein har plukka dei sjølv.
MENNESKJE & NATUR
For oss er dette ei uberørt perle. Tidlaus og autentisk. Me likar det enkle og naturlege. Gå barbeint på tunet. Gå på jakt utan å sette seg i bilen. Et når du er svolten, søv når du er trøtt. Sola som er der frå morgon og til seine kvelden. Den unike utsikta utover Øvre -og Nedre Sjodalsvatn omkransa av kvite fjelltoppar over 2000 meter. Besshø ligg solid med Besseggen og Veslefjellet under seg. Glittertind og Nautgardstind blir bada i kveldssol. Ny-hytta og Gamlehytta delar felles tun på setra.
FOR ALLE
Ein kan oppsøke det ville og ein kan likevel ha det nære. Ein kan vere ung, spræk villmann, dyktig jægerinne eller gamal og har lyst å kvile - denne staden passar for alle. Fuglehundane våre Vilja & Ylva elskar også setra og terrenget.
VERTSKAPET
Tone Jorunn kjem opprinneleg frå Telemark og har jakta småvilt og storvilt sidan ho var 16 år. Smygjakt på brølande hjort og elg er noko av lidenskapen saman med jakt på tiur eller rype. Friluftslivet er mangfoldig med ski, topptur eller padling. Like viktig som livet i natur er musikk, song og utøving, foto og formidling. Gått Norge på langs (2005) og kryssa Grønland på ski (2013). Utdanning: Cand. Scient naturvitenskap, vegleiarstudium i Friluftsliv og mestarstudium i Vokal folkemusikk, Ole Bull- Akademiet. Har drive eige firma Huldra & Eg AS sidan 2010. www.huldraogeg.no
Gunnar kjem opprinneleg frå Vågå og har sidan han var liten elska fjellet, ski og topptur. Han jaktar både småvilt og storvilt. Rein og rype er lidenskap. Er glad i folkemusikk og spelar fele i Vågå Spelemannslag. Utdanna som byggingeniør og jobbar for plan -og arkitetkontoret Nordplan AS. www.nordplan.no
HUSROM & HJARTEROM
Må innrømme at me aller helst ville hatt setra for oss sjølve, men tenkjer at dette kan vere tilleggsnæring for drifta til Kleppe. Så derfor opnar me dørene til deg og dine!
Tunet har to hytter som er nesten heilt like i storleik. Ny-hytta og Gamlehytta. Sjå salgsside per hytte. Me kan leige ut begge hyttene. Kajakk (2 stk), kano og båt ligg ved Nedre Sjodalsvatn. Desse er låst, men gjestene våre får lnøkkel og åne gratis. To vester tilgjengeleg. Ein ny steinsovnsbakt pizzaovn (gass) er flott for å lage pizza ute. Vi har to bålpanner og fleire soner med utemøbler på tunet.
I naturen vaknar sansane - Velkomen til Kampen!
Ragnhild, Ola, Tone Jorunn & Gunnnar
Om hytta
Ny-hytta og Gamlehytta deler felles tun på setra Kampen (1050 moh). Tunet ligg ved foten av Grinningsdalskampen (1351 moh) som er eit ettertrakta turmål med nydeleg utsikt over Sjodalen. Sjodalen ligg langs Nasjonal turistveg. Begge hyttene er i bra stand og med nydeleg utsikt frå alle rom. Kvite vindu lagar ei estetisk oppleving. Setra har solgang frå morgon til kveld. Dersom ein er mange, kan ein gjerne leige begge hyttene, sjå eiga salgsside per hytte. NY-HYTTA har to soverom og hems med madrasser, integrert kjøkken og stove med ny sofa (sovesofa). Her er omn både på soverom og i stue (ser flammer). GAMLEHYTTA har to soverom, kjøkken (med omn) og stove med ny sofa (sovesofa) og ei budeie seng (normal lengde). Stue har peis i kleberstein og omn. Nye senger, dyner og puter i begge hyttene. Sengeklede og handkle kan leigast per pers kr 150,-. Kampen har ikkje straum, men solcelleanlegg 12 V i kvar hytte (ferdig sumar 2019). Elles propan, ved og utedo. Bålpanne med grillrist og vaffeljern. Den fantastiske utsikta samt strategisk plassering midt i jaktterrenget, gjer denne staden unik. Setra ligg midt i jaktterrenget i Langmorkje statsalmenning. Kan få tips av oss om gode jaktområder i nærleiken. Mange bra fiskevatn i området. Kajakk og Kano er disponibelt. Fluefiske er også fint i utløpet av Øvre Sjodalsvatn. Me elskar staden og kjenner oss fri. Ynskjer folk som likar livet i natur og set pris på høgde under taket!
Ingen nære hytter, men turfolk. Opplev setra aleine, med familie eller gode vener.
Køyr til tunet, men gå i terrenget. No er det din tur - GOD TUR
Booking GAMLEHYTTA: Link nederst på siden.
Hytte-/Avbestillingsregler
IKKJE RØYK I HYTTENE. HUNDER IKKJE I SOFA OG SENGER. SPORLØS FERDSEL OG NORMAL FOLKESKIKK. PASS PÅ PROPAN OG STEARINLJOS. ER REDDE FOR BRANN!! Alle gjester får bruke gratis våre farkomstmiddel på Nedre-Sjodalsvatn: robåt, kano og 2 stk kajakk.
Avbestillingsregler
- Oppholdet betales på inatur.no ved bestilling.
- Ved avbestilling inntil 30 dager før oppholdet starter refunderes 85 % av beløpet.
- Ved avbestilling inntil 21 dager før oppholdet starter refunderes 50 % av beløpet
- Ved avbestilling én uke eller mindre før oppholdet starter gis ingen refusjon
Vi anbefaler alle leietakere å ha sin reise-/avbestillingsforsikring i orden.
Nøkkelhenting
PERSONLEG AVTALE MED OSS!
Turtips
INSPIRASJON TIL AKTIVITETER - OVERNATTING PÅ KAMPEN
•JAKT PÅ SMÅVILT - GÅ FRÅ HYTTA ELLER SJEKK UT NYE TERRENG
•BESSEGGEN - GJENDEBÅTEN OG GJENDESHEIM LIGG BARE 15 KM UNNA
•TOPPTUR I SJODALEN & VALDRESFLYA
•GRINNINGSDALEN HAR AKTIV SETRING - OPPLEV KULTURLANDSKAPET
•SYKLING OG SETRING I GRININGSDALEN – SJÅ NÅR GEITENE MJØLKAR (FERDIG SLUTTEN AV SEP)
•FISKING OG BÅT NEDRE SJODALSVATN, EVT KAJAKK/ KANO – LAGE FISK PÅ BÅL
•GRININGSDALSKAMPEN – MORGO TUR ELLER KVELDSTUR – LUNSJ PÅ TOPPEN -TA MED FLORA
•RYPEMÅLTID/FEST - GOURMET FOR JÆGER OG JÆGERINNE
•STISYKLING INGULVSJØEN OG GRINNINGSDALEN
•STISYKLING GAMLE GRINNINGSDALSVEGEN OG BIRISJØEN
•FJELLSPA ELLER FOTBAD
•BADING I NEDRE SJODALSVATN. FINN DEG EI STRAND F. EKS HEIMSAND
•BÅLPANNE PÅ TUNET MED GRILLRIST OG VAFFELJERN
•FLUEFISKE I UTLØPET AV ØVRE SJODALSVATN
KJØP JAKT -OG FISKEKORT I LANGMORKJE STATSALMENNING og VÅGÅ FJELLSTYRE på inatur.no, eller på Jotunheimen Caravanpark 5 min unna Kampen.
KART PÅ HYYTENE SOM DU KAN LÅNE:
- TURKART JOTUNHEIMEN Aust og Vest 1:50000 og 1:100000
- JAKT -OG FISKEKART Langmorkje Statsalmenning.
AVSTANDER FRÅ KAMPEN:
- GJENDESHEIM & GJENDEBÅTEN 12 min www.gjendesheim.dnt.no, www.gjende.no
- BEITOSTØLEN 35 min www.beitostolen.com
- VÅGÅ 45 min www.vaga.no, www.nasjonalparkriket.no
- LOM 55 min www.lom.no, www.visitjotunheimen.no
- GALDHØPIGGEN (Juvasshytta eller Spiterstulen) 75 min www.juvasshytta.no, www.spiterstulen.no
- JOTUNHEIMEN CARAVANPARK 5 min (liten fjellhandel, kan kjøpe fiskekort og leie båt)
- KRAMBUA 5 min (liten fjellhandel)
- RANDSVERK 20 min (kro og fjellhandel)