Honnsjobue. Lita, enkel bu ved vatnet Honnsjoen i Finndalen statsallmenning.

Lita enkel bu ved Honnsjoen, ca. 1 times gange frå bilveg om sommaren (Vangen i Finndalen). Fint utgangspunkt for fiske, fotturar og småviltjakt.

Størrelse og ankomst

Senger til
2 personer
Antall soverom
1
Areal
12 m2
Ankomst
tidligst kl 14:00
Avreise
senest kl 13:00
Avstand fra vei
6 km

Adresse

Adresse
Honnsjoen
Poststed
2686 Lom

Beliggenhet

Kontakt utleier

Finndalen fjellstyre

90966277/ 90157362

finndalen@fjellstyrene.no

Velg ankomst og avreise

Veibeskrivelse

Følg Fv 453 Skogbygdsvegen frå Vågåmo, evt om du kjem over Slådalen ta av i krysset der Slådalsvegen frå Lesja kjem inn på Fv 453. Følg vegen inn mot Finndalen (ta til venstre i krysset i Skårvangen). Følg Finndalsvegen til enden, inst i dalen. Parker der vegen er stengt med kjetting på Vangen. Finndalsvegen er ein ganske smal grusveg som kan vera litt dårleg, men er stort sett grei kjørbar med vanleg personbil. Vegen er ikkje brøytt om vinteren, og det må betalast bomavgift.

Bua ligg i austenden av Honnsjoen i ei vik litt sør for utløpsosen. Avstand frå parkeringa på Vangen er ca 5-6 km alt etter kva for ei rute du vel å gå. Det er skilta til Honnsjoen ved gangbrua like ved der ein parkerer. Ein kan da følgje stigen som går langs elva, og opp på sørsida av dalen. Stigen går opp mot høgspentledninga som går langs dalsida, for så å svinge mot Honnsjoen når ein kjem opp. Vinterstid er stuttaste vegen inn frå Lia i Lom, frå Kvammen. Ein skitur på 2-3 timar, alt etter vær og føre.

Om utleier

Finndalen fjellstyre forvaltar bruksrettar i Finndalen statsallmenning, som ligg i Lom og Vågå kommunar. Totalareal: 267.200 daa, det meste av arealet er snaufjell.

SMÅVILTJAKT: Rype, hare, skogsfugl og andre jaktbare artar. Fritt kortsal for jakt u/hund 15.09 - ut februar. Fuglejakt m/hund 15.09-29.09 (18 kort a 5 dagar fordelt på tre 5-døgnsperiodar), harejakt m/hund 11.-17/10 (5 kort a 7 dagar). Jakt med hund blir tildelt etter søknad og trekning. Søknadsfrist 1/4. Kortsal på Inatur. VILLREINJAKT: Eigen kvote til utanbygdsbuande (ca. 15 kort). Søknad på Inatur for alle, både innan- og utanbygds. ELGJAKT: Eitt felt som går på omgang mellom innanbygds lag i Lom, Skjåk og Vågå. Blir lyst ut på Inatur dei åra det er ledig.

INNLANDSFISKE: 10 vatn og 26 km elv med aure. Stongfiske. Oter- og garnfiske på Honnsjoen også for utanbygds. Kortsal på Inatur.

To hytter/buer, ei ved Honnsjoen og ei ved Råkåvatnet. Sjå eigne sider her på Inatur for meir opplysningar og evt. booking.

Kontaktinformasjon:

Sekretær/fjellstyrekontor: 

Knut Øyjordet 909 66277

Fjelloppsyn:

Kjell Gaukstad 901 57362

Om hytta

Situasjonen med koronavirus:

Finndalen fjellstyre held hyttene sine opne for utleige sesongen 2022, etter same opplegg som tidlegare. Det er utplassert utstyr for overflate/ hånddesinfeksjon på båe hyttene. Elles er det opphengt plakat med detaljerte retningsliner for reinhald på kvar hytte. For at alle skal få trygge og gode opphald er det viktig at og gjestane tek ansvar for smittevernet. Det er fortsatt slik at leigetakar har ansvar for å gjera reint etter seg! I tillegg til sovepose må du ha med laken og putetrekk. Ta med eigne håndkle til oppvasken. Det vil elles, som vanleg vera nødvendig utstyr for reinhald i hytta. 

 

Honnsjobue er ei lita, enkel bu som ligg ved Honnsjoen i Finndalen statsallmenning. Bua består av eitt rom som er kombinert sove/opphaldsrom og kjøkenkrok. Det er sengeplass til to, i tillegg er det ei ekstra madrass slik at det er soveplass til ein person på golvet. Bua vart bygd midt på 80-talet, men vart i perioden 2017-2020 renovert slik at den framstår som eit godt tilbud for dei som set pris på det enkle hyttelivet.

 

I bua finn du:

Kjelar, steikepanne og enkelt kjøkkenutstyr til 3-4 personar.

Det er gass, ved, vaskeutstyr og det mest nødvendige forbruksmateriell i bua. 

Det er ikkje sengetøy i hytta, leigetakar må ha med sovepose e.l.

 

Ved leige av bua er robåt, 2 redningsvestar og fiskegarn (totalt 10 stk i ulik maskevidde (24, 29 og 35 mm)) inkl. i leiga. På Honnsjoen har alle lov til å fiske med garn, og oter, når ein løyser fiskekort for fiske med stong-/oter-/garnfiske. Garnfiske er lov heile sesongen, med fritt antal garn, og med fri maskevidde (for kvart 5. garn skal det vera eitt garn på 24 mm el mindre). Detaljerte fiskereglar finn du på Finndalen fjellstyre si side for fiskekortsalg her på Inatur. Fisken på Honnsjoen er ikkje av den største, men er absolutt av grei matkvalitet. Den som ønskjer å fiske med fleire garn står sjølvasgt fritt til å gjera det, men må da ta med garn sjølv.

Det ligg og fleire tjønner innanfor grei gangavstand frå Honnsjobua om ein vil prøve fisket andre plassar enn på Honnsjoen.

 

I Finndalsfjella er du stort sett einsleg, det er ikkje merka stigar og lite tilretteleggjing for turisttrafikk. Dette området egnar seg for dei som vil ha ro og fred, og som er vand med å ta seg fram i fjellet på eige hand. Honnsjobua ligg innanfor Ottadalen landskapsvernområde som grensar inn til Reinheimen nasjonalpark, landets 3. største nasjonalpark, oppretta i 2006. Terrenget i denne delen av Reinheimen er prega av vide flyer og slake vidder som strekkjer seg fram mot dalføra øvst i Gudbrandsdalen. Føremålet med opprettinga av Reinheimen nasjonalpark er å ta vare på eit stort samanhengande og villmarksprega fjellområde med eit høgfjellsøkosystem med eit eigenarta og variert biologisk mangfald. Sentralt i økosystemet er leveområdet til villreinstammen i Ottadalen nord. Nasjonalparken står fram som nærast intakt for villreinen.

 

Tips til kart: CK39 Reinheimen og Tafjordfjella, dette er eit godt oversiktskart, elles er det kartblad "Lom" i 1.50 000 serien som dekkjer området Finndalen/ Honnsjoen/ Råkåvatnet. 

 

 

Hytte-/Avbestillingsregler

  • Leigetakar disponerer hytta frå kl. 14.00 ankomstdagen til kl. 13.00 avreisedagen
  • Før avreise skal hytta vera vaska, rydda og klargjort for nye gjestar.
  • Gjer deg kjent med kor brannslukningsapparatet er, og sjekk at røykvarslar fungerer.
  • Det er lov med hund, men hundar skal ikkje liggje i sengene. 
  • Fiskegarn skal vera greidd, skylt og hengt opp i uthuset etter bruk.
  • Båten skal trekkjast godt inn på land, og vera sikra mot vær og vind.
  • Transport av ved er arbeidskrevjande og forhaldsvis dyrt, og oppbevaringsplassen avgrensa. Bruk derfor veden til oppvarming av bua, ikkje bålfyring ute.
  • Eventuelle skader som oppstår på hytta og/ eller inventaret skal varslast til fjellstyret.
  • Skulle det vera tomt for noko forbruksmateriell, eller du opplever at noko manglar i bua set vi stor pris på om vi får beskjed om det.
  • Hjelp oss med å halde hytta og området rundt reint, ta med alt søppel og matrestar heim. Vi er avhengig av at alle tek sin del av ansvaret med orden og reingjering, det skal vere triveleg også for neste gjest som kjem.

 

Reglar for avbestilling:

  • Ved avbestilling meir enn 4 veker før leigestart blir 85% av leigesummen attendebetalt.
  • Ved avbestilling mindre enn 4 veker før leigestart blir 75% av leigesummen attendebetalt.
  • Ved avbestilling mindre enn 2 veker før leigestart blir 50% av leigesummen attendebetalt
  • Ved avbestilling mindre enn 1 veke før leigestart blir 25% av leigesummen attendebetalt
  • Ved påbegynt leigeforhold blir det ikkje attendebetalt leige.

Nøkkelhenting

Nøkkel heng i kodeboks ved døra. Kode blir oppgjeve på kvittering frå Inatur når booking er bekrefta, og betalt.

Turtips

Det er ikkje merka stigar i området, bortsett frå evt gamle ferdselsstigar som kan vera varda. Ta
difor alltid med gode kart og kompass/GPS på turen. Elles er området rundt Honnsjoen prega av roleg fjellandskap, høgste toppen i området er Horrungen på 1832 moh.

Andre aktuelle tilbud