Råkåbua. Hytte ved Råkåvatnet i Finndalen statsallmenning, Reinheimen.

Triveleg hytte ved Råkåvatnet, ca. 2,5 timars gange frå bilveg om sommaren (Vangen i Finndalen).

Størrelse og ankomst

Senger til
5 personer
Antall soverom
1
Areal
35 m2
Ankomst
tidligst kl 14:00
Avreise
senest kl 13:00
Avstand fra vei
7 km

Adresse

Adresse
Råkåvatnet
Poststed
2686 Lom

Beliggenhet

Kontakt utleier

Finndalen fjellstyre

90966277/90157362

finndalen@fjellstyrene.no

Velg ankomst og avreise

Om utleier

Finndalen fjellstyre forvaltar bruksrettar i Finndalen statsallmenning, som ligg i Lom og Vågå kommunar. Totalareal: 267.200 daa, det meste av arealet er snaufjell.

SMÅVILTJAKT: Rype, hare, skogsfugl og andre jaktbare artar. Fritt kortsal for jakt u/hund 15.09 - ut februar. Fuglejakt m/hund 15.09-29.09 (18 kort a 5 dagar fordelt på tre 5-døgnsperiodar), harejakt m/hund 11.-17/10 (5 kort a 7 dagar). VILLREINJAKT: Eigen kvote til utanbygdsbuande (ca. 20 kort). Søknad på Inatur for alle, både innan- og utanbygds. ELGJAKT: Eitt felt som går på omgang mellom innanbygds lag i Lom, Skjåk og Vågå. Blir lyst ut på Inatur dei åra det er ledig.

INNLANDSFISKE: 10 vatn og 26 km elv med aure. Stongfiske. Oter- og garnfiske på Honnsjoen også for utanbygds. Kortsal på Inatur.

To hytter/buer, ei ved Honnsjoen og ei ved Råkåvatnet. Sjå eigne sider her på Inatur for meir opplysningar og evt. booking.

Kontaktinformasjon:

Sekretær/fjellstyrekontor: 

Knut Øyjordet - 909 66277

Oskar Pettersen - 99599440

Fjelloppsyn:

Kjell Gaukstad 901 57362

Om hytta

Råkåbue er ei triveleg hytte som ligg ved Råkåvatnet (1364 moh.), i Reinheimen nasjonalpark. Hytta vart bygd i 2002, og har enkel standard med vedfyring, ljos frå solcelleanlegg, gassbluss for kokking og utedo. Det er eitt rom med stue/kjøkenkrok, eitt soverom og gang/ bod (i tillegg er det eitt rom reservert til bruk for fjelloppsynet som er låst). Uthus med utedo og vedskåle like ved sida av hytta.

Antal sengeplassar er 4-5, ei familiekøye i soverommet, ein sofa i opphaldsrommet, i tillegg er det to ekstra madrasser.

 

I bua finn du:

Kjelar, steikepanne og kjøkkenutstyr til ca. 6 personar.

Det er gass, ved, vaskeutstyr og det mest nødvendige forbruksmateriell i bua. 

Det er ikkje sengetøy i hytta, leigetakar må ha med sovepose. Ta gjerne med laken og putetrekk.

 

Det høyrer med båt til dei som leiger bua. Garn/oterfiske er berre for innanbygds, men det er også fint å fiske med stong både i vatnet og frå utløpsosen og eit stykkje nedover elva. Kvaliteten på fisken er tildels svært bra. Finndalen fjellstyre sitt fiskekort dekkjer heile området. Sidan hytta ligg såpass høgt til fjells, vil tidspunkt for isløysing og islegging variere frå år til år. Normalt ligg isen til sist i juni. Med tanke på fiske, er det vanlegvis frå ca. 10. juli som er mest ideelt.

 

I Finndalsfjella er du stort sett einsleg, det er ikkje merka stigar og lite tilretteleggjing for turisttrafikk. Dette området eignar seg for dei som vil ha ro og fred, og som er vand med å ta seg fram i fjellet på eige hand. Delar av Finndalen statsallmenning ligg innanfor Reinheimen nasjonalpark, landets 3. største nasjonalpark, oppretta i 2006. Terrenget i denne delen av Reinheimen er prega av vide flyer og slake vidder som strekkjer seg fram mot dalføra øvst i Gudbrandsdalen. Føremålet med opprettinga av Reinheimen nasjonalpark er å ta vare på eit stort samanhengande og villmarksprega fjellområde med eit høgfjellsøkosystem med eit eigenarta og variert biologisk mangfald. Sentralt i økosystemet er leveområdet til villreinstammen i Ottadalen nord. Nasjonalparken står fram som nærast intakt for villreinen.

 

Tips til kart: CK39 Reinheimen og Tafjordfjella, dette er eit godt oversiktskart, elles er det kartblad "Lom" i 1.50 000 serien som dekkjer området Finndalen/ Råkåvatnet. 

 

 

Hytte-/Avbestillingsregler

  •  I perioda 31.07 - 19.09 er bua reservert til innanbygds i samband med garnfiske, og til bruk for oppsynet i samband med villreinjakta. Innanbygds som ynskjer å leige bua i samband med garnfiske sender søknad på e-post til fjellstyret innan 01.07. Dersom det er fleire søkjarar på same døgna blir tildeling gjort ved loddtrekning. Etter at trekninga er gjennomført blir ledige døgn tildelt til innanbygds etter kvart som folk melder seg, når oppsynet ikkje nyttar bua i samband med villreinoppsyn.
  • Leigetakar disponerer hytta frå kl. 14.00 ankomstdagen til kl. 13.00 avreisedagen.
  • Fjelloppsynet disponerer eit eige avlåst rom, dersom det er nødvending kan fjelloppsynet nytte dette rommet sjølv om hytta er bortleigd.
  • Før avreise skal hytta vera vaska, rydda og klargjort for nye gjestar.
  • Gjer deg kjent med kor brannslukningsapparatet er, og sjekk at røykvarslarar fungerer.
  • Det er lov med hund, men hundar skal ikkje liggje i senger eller møbler. 
  • Transport av ved er arbeidskrevjande og forhaldsvis dyrt, og oppbevaringsplassen avgrensa. Bruk derfor veden til oppvarming av hytta, ikkje bålfyring ute.
  • Eventuelle skader som oppstår på hytta og/ eller inventaret skal varslast til fjellstyret.
  • Skulle det vera tomt for noko forbruksmateriell, eller du opplever at noko manglar i bua set vi stor pris på om vi får beskjed om det.
  • Hjelp oss med å halde hytta og området rundt reint, ta med alt søppel og matrestar heim. Vi er avhengig av at alle tek sin del av ansvaret med orden og reingjering, det skal vere triveleg også for neste gjest som kjem.

 

Reglar for avbestilling:

  • Ved avbestilling meir enn 4 veker før leigestart blir 85% av leigesummen attendebetalt.
  • Ved avbestilling mindre enn 4 veker før leigestart blir 75% av leigesummen attendebetalt.
  • Ved avbestilling mindre enn 2 veker før leigestart blir 50% av leigesummen attendebetalt
  • Ved avbestilling mindre enn 1 veke før leigestart blir 25% av leigesummen attendebetalt
  • Ved påbegynt leigeforhold blir det ikkje attendebetalt leige.

Nøkkelhenting

Nøkkel heng i kodeboks ved døra. Kode blir oppgjeve på kvittering frå Inatur når booking er bekrefta, og betalt.

Veibeskrivelse

Følg Fv 453 Skogbygdsvegen frå Vågåmo evt om du kjem over Slådalen ta av i krysset der Slådalsvegen frå Lesja kjem inn på Fv 453. Følg vegen inn mot Finndalen (ta til venstre i krysset i Skårvangen). Følg Finndalsvegen til enden, inst i dalen. Parker der vegen er stengt med kjetting på Vangen. Finndalsvegen er ein ganske smal grusveg som kan vera litt dårleg, men er stort sett grei kjørbar med vanleg personbil. Vegen er ikkje brøytt om vinteren, og det må betalast bomavgift.

Bua ligg på sørsida av Råkåvatnet (ikkje ved utløpsosen), slik at det løner seg å gå opp på vestsida (venstresida) av Råkåelva. Frå Vangen tek det ca. 2,5 timar å gå opp til Råkåvatnet (ca. 7 km). Frå parkeringsplassen på Vangen følgjer ein skilting til ein har kryssa gangbrua over åa, og tek opp Låkkerbakkane. Stigen er delvis varda og er nokså grei å finne. Om vinteren må ein anten gå heile Finndalen frå inst i Skårvangen, eller  frå Lia i Lom og over Liafjellet. 

Turtips

Det er ikkje merka stigar i området, bortsett frå evt gamle ferdselsstigar som kan vera varda. Ta
difor alltid med gode kart og kompass/GPS på turen. Terrenget er som det står over her, prega av store opne flyer som det kan vera svært vanskeleg å orientere seg på i skodde og dårleg sikt. Dei to høgste toppane i området er Skardtind på 1883 moh., og Horrungen med 1832 moh.

Om ein vil prøve fisken andre plassar enn på Råkåvatnet, når ein Leirungsvatnet og Vassmillom på ein times tid. Finndalen fjellstyre sitt fiskekort er sjølvsagt da berre gyldig på den delen av Leirungsvatnet som ligg innafor Finndalen statsallmenning.

Om ein går vestover kjem ein inn på Skjåk almenning sitt område, dei har hytter til utleige som ein kan nå frå Råkåvatnet for den som vil leggje ut på lengre tur frå "hytte til hytte" i Reinheimen.

Andre aktuelle tilbud