Gardsovernatting på historiske Kvarberg i fjellbygda Vågå // Jotunheimen

Eventyrlege Kvarberg ligg naturskjønt til med vidt utsyn over Jotunheimen i levande kulturlandskap i fjellbygda Vågå. Utleige av leilighet med tre soverom. Velkomen til www.kvarberg.no

Hyttekalender

INVITER PÅ TUR! Del på

Hyttedetaljer

Størrelse og ankomst

Senger og utstyr til
6 personer
Antall soverom
3
Areal
120 m2
Ankomst
tidligst kl 15:00
Avreise
senest kl 11:00
Avstand fra vei
0 km (sommer)
0 km (vinter)

Utstyr og fasiliteter

Oppvarming
Elektrisk og vedovn
Strøm
Ja
Toalett
To toalett
Vann
Innlagt
Dusj
To dusjer
Kokemuligheter
Fullt utstyrt kjøkken
Oppbevaring av mat
Kjølerom
Sengetoy
Inkludert
Kjøkkenutstyr
Fullt utstyrt kjøkken

Veibeskrivelse

Kjør ekspressbuss eller privatbil på riksveg 15 til fjellbygda Vågåmo. Ta Øvre Nordheradsveg opp frå stavkyrkja i sentrum, forbi prestegarden Ullinsvin og  bygdemuseet Jutulheimen til vegen flatar ut. Den fyrste garden du ser attmed vegen på høgre side er Nigard Kvarberg. Velkomen!

Om oss

Fjellbonde, grunneigar og gründer Ola Kvarberg har kaffen klar og inngåande kjennskap til nærmiljøet, fjellbygda kulturlandskapet, og fjellheimen om du legg turen til Nigard Kvarberg.

 

Velkomen til gards - og vil du vite meir om garden, og vil du vite meir så sjekk ut www.kvarberg.no/gardsovernatting

 

 

Kontakt oss

Nigard Kvarberg

Ola Kvarberg

+4791777155

ola@kvarberg.no

Lenker på denne siden

  • Ingen lenker

Om hytta

Øverstuggu på Nigard Kvarberg ligg idyllisk og naturskjønt til som autentisk og integrert del av det historiske gardstunet på Kvarberg. Sjølve huset var tømra tidleg på 1800-talet.

I garden si storheitstid var Øverstuggu eit av kring 50 bygningar som utgjorde dei to tuna på Kvarberg. I dag står storstuggu i fyrste etasje slik ho har gjort sidan huset vart bygd medan andre etasje er renovert med moderne soverom, bad og kjøken. Velkomen til gards!

 

Soverom: Øverstuggu på Kvarberg har tre renoverte soverom med totalt fem senger og god standard. I tillegg kjem sovesofa på stua med ytterlegare to sengeplassar.

 

Stue, kjøken og bad: Fullt utrusta kjøkken, to renoverte bad og triveleg stue er fellesromma i Øverstuggu. Totalt areal er 120 kvadratmeter. I tillegg er det mogleg å leige Storstuggu i første etasje for inntil 30 personar.

 

Storstuggu - for festlege lag: Historiske og svært stemningsfulle Storstuggu på Kvarberg rommer inntil 30 personar. Ein enorm klebersteinspeis og fullt utrusta kjøken inngår i lokalet.

 

Attraksjonar og aktiviteter i verdsklasse: Då National Geographic skulle kåre verdas 20 beste fjellturar plasserte dei Besseggen på toppen. Med 70.000 fjellvandrarar årleg er verdsattraksjonen magneten som gjer at mange oppdagar mange av Jotunheimen sine andre kvalitetar – med nye tilbod og aktivitetar som skyt opp kvar sesong. Mange reisande valfartar og til Vågå for å oppleve matmekkaet Brimiland, raftingeldoradoet Sjoa, dei fem unike nasjonalparkane – og vinterstid både storslått vinterland akrobatikken til nokre av verdas beste (og blidaste!) skiartistar i skavlane på supertrivelege Lemonsjøen alpinanlegg. Ein halvtime unna Kvarberg finn du vidgjetne Bakeriet i Lom. For fleire aktiviteter, sjå www.nasjonalparkriket.no og www.visitjotunheimen.no

 

Kulturkrybba Nordherad: I solrenninga høgt over irrgrøne Vågåvatnet finn du smellvakre Nordherad i eit kulturlandskap så unikt at det er verna og støtta økonomisk av staten. Kvart eit hus i denne grenda har utsikt innover Jotunheimen. I Norherad, som i alle dei andre grendane i Vågå, finn du fantastisk terreng for fotturar, stisykling, bærplukking, fjellvandring og jakt. Og eit yrande dyreliv med både husdyr og vilt.

 

 

Sjarmerande bygdesenter: Rett ned i dalen frå Nigard Kvarberg finn du det sprell levande bygdesenteret Vågåmo med innbydande kafear og serveringsstadar, sjarmerande nisjebutikkar med klede, sko, blomar, interiør og fjellutstyr med både kvalitet og særpreg, kolonial med lokalmat og stuttreist brygg, samt kjøtforretninga med best utval av vilt i landet. Og enno har vi ikkje nemd Vågåvatnet - irrgrønt, fiskerikt og smellvakkert der det ligg kransa av kvittoppa Jotunheim, Breheim og Reinheimen.  

 

Fjellbygda Vågå: I Vågå vassar du i natur, kultur og opplevingar frå aller øvste fjellhylle. Her bur du midt i matfatet og vaknar midt i kulturskatten, omgitt av lys levande tradisjonskultur innanfor handverk, musikk, dans. Ynskjer du å oppleve eit ekte fjelleventyr? Velkomen til Vågå, bygda med flest verna tømmerhus og praktgardar i landet. Herlegheita er ramma inn av ein fjellheim du lenge har drømt om. Jotunheimen, Rondane og Dovrfjell er dei mest vidgjetne - og vilt mange naturperlar finn du der i mellom.

 

Vil du vite meir om Nigard Kvarberg? Sjekk ut www.kvarberg.no/gardsovernatting

 

 

Hytteregler/Avbestillingsregler

Prisar og vilkår:

> Øverstuggu på Nigard Kvarberg blir leigd ut for minimum to døgn og minimum til 2 personar (800 kr per pers per natt = 1600 per natt for to)

> Leige ut over dette er ytterlegare 500 kr per person - inntil seks personar. Velg antal ekstra personar før du går til betaling.

> Øverstuggu blir kun leigd ut til ein leigetakar om gongen. Det vil seie at om du leiger eitt rom så disponerar du heile huset uansett kor mange sengar du leiger. 

 

Inkludert i leiga: 

> Sengeklede

> Sjølvhushald i fullt utrusta kjøken

> Høghastigheits breiband

> Utvask 

 

Bestillingsvilkår:

  • Opphaldet betaler du på inatur.no ved bestilling.
  • Ved avbestilling inntil 30 dager før opphaldet startar vert 85 % av beløpet refundert.
  • Ved avbestilling inntil 21 dager før oppholdet starter refunderes 50 % av beløpet
  • Ved avbestilling én uke eller mindre før oppholdet starter gis ingen refusjon

 Vi anbefaler alle leietakere å ha sin reise-/avbestillingsforsikring i orden.

Nøkkelhenting

Nøkkel til Øverstuggu blir lagt ut i nøkkelboks ved sidan av inngangsdøra etter avtale. Kode til nøkkelboksen får du ved å kontakte fjellbonde og husvert OIa Kvarberg (sjå kontaktinfo).

Turtips

Attraksjonar i verdsklasse og aktiviteter frå øvste fjellhylle.

 

Med 70.000 fjellvandrarar årleg er Besseggen verdsattraksjonen og magneten som gjer at mange oppdagar mange av Jotunheimen sine andre kvalitetar – med nye tilbod og aktivitetar som skyt opp kvar sesong. Mange reisande valfartar og til fjellbygda Vågå for å oppleve matmekkaet Brimiland, raftingeldoradoet Sjoa, dei fem unike nasjonalparkane – og gjerne ein eventyrleg avstikkar til Glittersjå Fjellgard med elgparken. Vinterstid er Vågå eit storslått vinterland som byr på langrennsløypar i verdsklasse og akrobatikken til nokre av verdas beste (og blidaste!) skiartistar i skavlane på supertrivelege Lemonsjø Alpinsenter. Ein halvtime unna Kvarberg finn du vidgjetne Bakeriet i Lom - ein ypperleg stopp etter besøk på Norsk fjellsenter eller topptur til Galdhøpiggen.

 

Er du interessert i jakt og fiske, er Vågå og Nord-Gudbrandsdalen eit eldorado for både småvilt- og storviltjakt, og nær uendelege moglegheiter for fiske etter sprek fjellaure i vatn og elvar. 

 

For fleire aktiviteter, sjå www.nasjonalparkriket.no og www.visitjotunheimen.no

 

For info om turar i nårområdet Nordherad, sjå www.norherad.no

 

Velkomen til verdas største leikeland!

Andre aktuelle tilbud