Arabu Hyttegrend 2 Rauland/Møsvatn. Elbillader på hytteveggen.

Arabu er i fyrste rekke staden for alle som set pris på fjellet og vidda, på naturopplevingar og fysisk aktivitet i nærkontakt med uberørt natur.

Størrelse og ankomst

Senger til
8 personer
Antall soverom
3
Areal
72 m2
Ankomst
tidligst kl 15:00
Avreise
senest kl 11:00
Avstand fra vei
0 km (sommer)
0 km (vinter)

Beliggenhet

Kontakt utleier

Arabu Hyttegrend

Anne Merethe Angre

47674929- 90974340

post@arabu.no

Velg ankomst og avreise

Om utleier

Arabu Hyttegrend ligg på 950 moh og består av sju hytter som ligg 200 meter frå Møsvatn og dermed ved innfallsporten til Hardangervidda. Arabu ligg mellom Rauland og Rjukan med kort veg til ein rekke aktivitetar sommar og vinter.

Om hytta

Hytta

Hytta ligg på Møsstrond, mellom Rauland og Rjukan, med fiske og turmogleghetar rett utanfor døra.

På Arabu får du følelsen av å vera på fjellet, med Hardangervidda nasjonalpark som nærmaste nabo!

 

Hytta er på 72 m2. Inneheld stoge med kjøkkenkrok, bad med dusj,toalett og badstoge.

Hytta har tre soverom,eit med dobbeltseng,to med køyeseng, med brei underkøye - i alt åtte sengeplassar.
Kjøkken med komfyr,micro, kjøleskap m. fryser, kaffetrakter,vannkoker, og oppvaskmaskin.

Varmekablar i alle rom,og stoge med peisovn. Tv med parabol, trådlaust internett.Gratis WiFi.

Vedskjul og uttak for motorvarmarar. Elbillader montert på hytte. Grill. Hugs myggmiddel,då det vesle krypet kan vera plagsom på sommaren.

Robåtar til utlån,( gratis).De kan gjerne ta med eigne fiskegarn. Fiskekort kan kjøpast hjå hytteeigar. Dagskort kr.55,- vekekort kr. 160,-. Kun kontant betaling.

Besøk www.arabu.no eller arabu.org for meir informasjon og bilete.

Me har fleire hytter på samme størrelse. Ynskjer du å booke færre døgn enn det me har låst hyttene på i dei travlaste sommarmånadane juli/august, ta kontakt på tlf 47674929(Anne Merethe) eller post@arabu.no så ordnar me dette.

Me har og åpent for drop-in i tidsrommet frå St.Hans og ut september :)

 

 

Aktivitetar

Kort veg til ulike aktivitetar og attraksjonar som Industriarbeidermuseet, Krossobanen og strikkhopping på Rjukan. På Rauland kan ein gå på ymse kunsutstillingar som Dyre Vaa-samlingane, Skinnarlandsamlinga og Rauland Kunstforening. Ein tur til Falkeriset er verdt å få med seg, der kan ein gå på steinlagt sti heilt til toppen, laga av sherpaer frå Peru.Ut frå Skinnarbu Hotell går det mange fine stiar,både lengre og kortare, etter form og humør.Der er du så og sei på fjellet med ein gong.Ein tur på den populære Bossnuten, 1431 m.o.h., er også verdt å få med seg.Om sommaren går rutebåten Fjellvåken II på Møsvatn frå Skinnarbu til Mogen, på ein fin dag er dette ein flott måte å oppleva naturen på!

 

Vinterstid er ski og isfiske noko av det ein kan oppleva her. Arabu høyrer til dei få stader som kan tilby eit nær uavgrensa område for turskiløyparar med heile Hardangervidda å ta av. Me har utvikla vårt eige løypenett som er kopla saman med resten av det omfattande løypenettet i Raulandsområdet, ein må derfor bu lenge på Arabu før ein treng å gå same turen om att! Kort veg til område med skitrekk.

 

Besøk http://visitrauland.com/ for meir informasjon om aktivitetane i nærområdet.

 

 

 

Hytte-/Avbestillingsregler

  • Det må bookes for min 2 døgn.
  • Ankomst etter kl 15:00
  • På avreisedagen må De forlate hytta seinast kl.11.00
  • Hytta skal vaskast og forlatast i same stand som den var då De kom, ryddig og rein. Om ikkje dette er gjort, vil de bli kontaktet og må betale kr 700,- for sluttrengjøring. 
  • Me kan tilby sluttrengjøring for kr 700,- Dette MÅ avtales på forhånd med utleigar og betales på vipps eller kontant. 
  • Oppvasken er ikkje inkludert i sluttvask.
  • Ver venleg, la dusjforhenget henge fritt til tørk etter bruk.
  • Veden i vedskjulet er kun til innandørs bruk, og det er strengt forbudt å fyre bål utandørs.
  • Flytevestar kan lånast hjå hytteeigar.
  • Skulle noko verta øydelagt medan De er her, ver venleg gje beskjed om dette med ein gong.
  • NB! Tømming av oske ut av vedovnen skal kun gjerast av hytteeigar.
  • Hundar skal ikkje vera oppi senger eller møblar - brot på dette, medfører ei avgift på kr.1000,-.
  • Hundane SKAL vera i band når dei er ute.
  • Forbudt å røyke inne i hytta.
  • Ver forsiktige med levande lys.
  • Avbestillingsregler:
  • Opphaldet betales på inatur.no ved bestilling.
  • Ved avbestilling inntil 30 dagar før opphaldet startar refunderes 85% av beløpet
  • Ved avbestilling mellom 30-10 dagar før opphaldet startar refunderes 50% av beløpet.
  • Ved avbestilling mindre enn 10 dagar før opphaldet starter gis ingen refusjon.
  • Avbestilling/endring i leigeforhaldet skjer direkte til hytteeier/selger

Nøkkelhenting

Ring hytteeigar før ankomst.

Turtips

Bossnuten 1430 moh- fint terreng, ca 2,5 timers gange frå hytta og litt bratt mot toppen, men ein fantastisk utsikt! 

I sommarsesongen kan ein ta Fjellvåken frå Skinnarbu tur/retur Mogen Turisthytte. Hyttene ligg 8 km frå Skinnarbu, ein liten biltur unna. Båtturen er ein opplevelse, med mykje flott natur, gamle gardar og historie langs vatnet. 

I vintersesongen har me oppkjøyrd skiløype, dette er ein runde på ca 6 km i nydeleg natur, ynskjer du å forlenge turen kjøyrer me skiløype som korresponderer med løypenettet til Rauland Skisenter- som har 150 km med flotte skiløyper.

 

Andre aktuelle tilbud