Dyrahola, romsleg fjellhytte nordvest på Hardangervidda

Stor og romsleg hytte med lett tilkomst frå Bergensbana, Hallingskeid stasjon. Hytta ligg flott til i Dyrahola med gode fiske- og jaktmogelegheiter.

Størrelse og ankomst

Senger til
6 personer
Antall soverom
1
Areal
35 m2
Ankomst
tidligst kl 15:00
Avreise
senest kl 15:00
Avstand fra vei
8 km (sommer)
12 km (vinter)

Adresse

Adresse
Osafjellet
Poststed
5730 Ulvik

Beliggenhet

Kontakt utleier

Ulvik fjellstyre

+47 949 78 534

ulvik@fjellstyrene.no

Velg ankomst og avreise

Om utleier

Statsallmenningen i Ulvik dekkjer med sine 400 km2  vel 57% av arealet i heradet.

Av dette utgjer netto høgfjellsareal (villreinarealet) omlag 363 km2. Det er omlag 20 større fiskevatn innanfor allmenningen, med eit areal på omlag 20 km2. I tillegg finns mange mindre tjørnar og elvestrekningar med fin fisk.

Delar av vestlege delen av allmenningen er prega av kraftutbygging, med fleire store magasin.

Bergensbanen skjer gjennom allmenningen frå Storurdi i aust til Hallingskeid i vest. Dette gjer at allmenningen på mange områder er ulik dei andre statsallmenningane på Hardangervidda.

Området mellom Finse og Lågheller er regulert av Ulvik herad i eiga reguleringsplan frå 2001. Her er det mellom anna teltforbod og jaktforbod.

www.hardangervidda-fjellstyra.no

Om hytta

Hytta ligg flott til på eit høgdedrag på søraustsida av det største Dyraholavatnet. I tillegg til soverom med 2 køyesenger er det romsleg hems med fleire madrassar. Det er båt tilgjengeleg for brukarar av hytta. Sommarstid kan ein ta seg inn til hytta frå søvest via ein anleggsveg som går frå Osa til Rundavatnet. Her parkerar ein bilen og går nordaustover på vestsida av Rundavatnet mellom Søre Grøndalsvatnet og Kvilinganutvatnet. På høgdedraget mellom desse vatna ser ein hytta som ligg om lag 1,5 km i austleg retning. Eit anna alternativ er å ta tog til Hallingskeid, fylje merka T-sti opp Buadalen vestover for så å ta sørover vidare på merka T- sti ved fyrste kryss. Etter 3 km vil ein få hytta på høgre hand (austleg retning ). Frå Rundavatnet må ein rekna 3 timar, frå Hallingskeid ca 2,5 time. 

 

Hyttene i Ulvik Statsallmenning ligg utsatt til for vær og vind så det er viktig å ta omsyn til vær og vind, spesielt vinterstid!

 

NB! Det er ikkje mogeleg å bestille denne hytta på denne salssida i perioden 15 juli - 30 september. I denne perioden, ta kontakt på telefon 48095710. 

Hytte-/Avbestillingsregler

Alle tingingar vert belasta på bestillingsdato. Tingar har rett til å avbestille leigeforholdet innan 30 dagar før leigeforholdet startar, og vil då få refundert 80% av leigesummen. Ved avbestilling mindre enn 30 dagar før leigeforholdet startar vert 50% av leiesummen refundert. Ved avbestilling mindre enn 10 dagar før leigeforholdet startar vert det ingen refusjon.

Busette i Ulvik herad kan leggje inn rabatten "innanbygds":

 

Rutinar før avreise:

  • Hytta skal reingjerast. 
  • Hytta skal ryddast.
  • Personlege eigedelar skal ikkje setjast att.
  • Bos skal ikkje setjast att i hytta.
  • Mat/tørrmat skal ikkje setjast att.
  • Sjekk at alle vindauge er lukka.
  • Slå av gass til kokeapparatet.
  • Hugs å lukke døra til utedo. 

Nøkkelhenting

Nøkkel ligg i kodeboks som er montert på hytteveggen. Ta godt vare på kvitteringa frå Inatur.no, da du her finn koden for å koma deg inn i hytta.

Om leigetakar mister nøkkel vert vedkomande fakturert med kr. 1.000,-. 

Andre aktuelle tilbud