Dyrahola - Stor fjellhytte nordvest på Hardangervidda
Stor og romsleg hytte med lett tilkomst frå Bergensbana, Hallingskeid stasjon. Hytta ligg flott til i Dyrahola med gode fiske- og jaktmogelegheiter.
Størrelse og ankomst
- Senger til
- 6 personer
- Antall soverom
- 1
- Areal
- 35 m2
- Ankomst
- tidligst kl 15:00
- Avreise
- senest kl 15:00
- Avstand fra vei
-
8 km (sommer)
12 km (vinter)
- Adresse
- Osafjellet
- Poststed
- 5730 Ulvik
Adresse
Beliggenhet
Kontakt utleier
+47 949 78 534
Velg ankomst og avreise
Om utleier
Statsallmenningen i Ulvik dekkjer med sine 400 km2 vel 57% av arealet i heradet.
Av dette utgjer netto høgfjellsareal (villreinarealet) omlag 363 km2. Det er omlag 20 større fiskevatn innanfor allmenningen, med eit areal på omlag 20 km2. I tillegg fins mange mindre tjørnar og elvestrekningar med fin fisk.
Delar av vestlege delen av allmenningen er prega av kraftutbygging, med fleire store magasin.
Bergensbanen skjer gjennom allmenningen frå Storurdi i aust til Hallingskeid i vest. Dette gjer at allmenningen på mange områder er ulik dei andre statsallmenningane på Hardangervidda.
Området mellom Finse og Lågheller er regulert av Ulvik herad i eiga reguleringsplan frå 2001. Her er det mellom anna teltforbod og jaktforbod.
Om hytta
NB! Det er ikkje mogeleg å bestille denne hytta på denne salssida i perioden 15 juli - 30 september. I denne perioden, ta kontakt på telefon 48095710.
Hytta ligg flott til på eit høgdedrag på søraustsida av det største Dyraholavatnet. I tillegg til soverom med 2 køyesenger er det romsleg hems med fleire madrassar. Det er båt tilgjengeleg for brukarar av hytta. Sommarstid kan ein ta seg inn til hytta frå søvest via ein anleggsveg som går frå Osa til Rundavatnet. Her parkerar ein bilen og går nordaustover på vestsida av Rundavatnet mellom Søre Grøndalsvatnet og Kvilinganutvatnet. På høgdedraget mellom desse vatna ser ein hytta som ligg om lag 1,5 km i austleg retning. Eit anna alternativ er å ta tog til Hallingskeid, fylje merka T-sti opp Buadalen vestover for så å ta sørover vidare på merka T- sti ved fyrste kryss. Etter 3 km vil ein få hytta på venstre hand (austleg retning ). Frå Rundavatnet må ein rekna 3 timar, frå Hallingskeid ca 2,5 time.
Hyttene i Ulvik Statsallmenning ligg utsett til for vær og vind så det er viktig å ta omsyn til vær og vind, spesielt vinterstid!
Hytte-/Avbestillingsregler
Alle tingingar vert belasta på bestillingsdato. Tingar har rett til å avbestille leigeforholdet innan 30 dagar før leigeforholdet startar, og vil då få refundert 80% av leigesummen. Ved avbestilling mindre enn 30 dagar før leigeforholdet startar vert 50% av leiesummen refundert. Ved avbestilling mindre enn 10 dagar før leigeforholdet startar vert det ingen refusjon. Hytta ligg i høgfjellet. Tilhøve utanfor Ulvik fjellstyre sin kontroll (til dømes dårleg vær eller føre) utløyser ikkje refusjon, ved avbestilling mindre enn 10 dagar for opphaldet.
Busette i Ulvik herad kan leggje inn rabatten "innanbygds":
Rutinar før avreise:
- Hytta skal reingjerast.
- Hytta skal ryddast.
- Personlege eigedelar skal ikkje setjast att.
- Bos skal ikkje setjast att i hytta.
- Mat/tørrmat skal ikkje setjast att.
- Sjekk at alle vindauge er lukka.
- Slå av gass til kokeapparatet.
- Hugs å lukke døra til utedo.
Nøkkelhenting
Nøkkel ligg i kodeboks som er montert på hytteveggen. Ta godt vare på kvitteringa frå Inatur.no, da du her finn koden for å koma deg inn i hytta.
Om leigetakar mister nøkkel vert vedkomande fakturert med kr. 1.000,-.