Hytte i Evardalen, Brokke, Setesdal

Hytte til leige i flotte Evardalen i Brokke, Setesdal! Omringa av fantastisk norsk natur! Bomavgift kr 100,- pr. tur. Avstand vinter gjeld frå 1.nov pga. vinterstengt Brokke-Suleskardveg.

Størrelse og ankomst

Senger til
4 personer
Antall soverom
2
Ankomst
tidligst kl 14:00
Avreise
senest kl 12:00
Avstand fra vei
0,1 km (sommer)
5 km (vinter)

Beliggenhet

Kontakt utleier

Ollie Rysstad

97192936

ollierysstad@gmail.com

Velg ankomst og avreise

Om hytta

Denne hytta er ei hyggeleg lågstandardhytte i vakre Evardalen. Det er enkel standard med 4 sengeplassar. To soverom samt stoge og kjøkken. Det er vedovn til oppvarming og enkelt kjøkkenutstyr. Utedo i bod i hytta. Det ligg dyner og puter i hytta, må ha med sengetøy. Hytta er open både sommar og vinter. Det er ordning med snøskutertransport i området i vintersesongen, men det er og mogleg å gå inn på ski. Det er veg opp til næraste parkeringsplass på sommaren. På sommarstid er ein det ein bomavgift på kr 100,- pr. tur. Ta med kontant.

 

Det er mange gode turmoglegheiter både på sommar- og vinterstid.

 

På vinteren er det omlag 5km frå parkeringsplass til hytta. Ein må benytte ski eller skutertransport for å kome inn til hytta. Ein kan benytte skutertransport på vinteren fram til 1.mai. Vi anbefaler å ikkje gå på isen når våren kjem. Vi anbefaler då å gå rundt. På vinteren må ein òg betale for parkering på Jarnsverk, 120kr i døgnet. Du kan lese meir om parkering her: https://brokke.com/no/eigedom/sesongkort-for-parkering-ved-jansverk/ 

 

Les meir om opning av vegen her: https://brokke.com/no/aktuelt/broyting-av-suleskardvegen/

Hytte-/Avbestillingsregler

Hytta skal vaskast og reingjerast ved avreise slik at det blir hyggeleg for dei neste som kjem inn. Vi kan tilby vasking for kr 1000.-

 

Avbestillingsreglar:

  • Ved avbestilling av hytta meir enn 15 dagar før leigestart kan 85% av prisen refunderast
  • Ved avbestilling av hytta mindre enn 15 dagar før leigestart kan 50% av prisen refunderast
  • Ved avbestilling av hytta mindre enn 7 dagar før leigestart kan 25% av prisen refunderast
  • Ved påbegynt leigeforhold tilbakebetalast ikkje leige

 

 

Nøkkelhenting

Informasjon om nøkkel blir gitt ved bestilling.

Turtips

Det er mange fine turar i området til hytta. Ca.8 kilometers køyring frå Everdalen ligg Brokkestøylen og Brokke Alpinsenter. Frå der er Uvedalsfjellet (795moh) ein fin rundtur på 5-7km, eller ca. 1 time. Turen til Uvedalsfjellet starter frå Brokkestøylen og følgjer lysløypa fram til bru nr.2. Stien gjeng vidare til høgre og over ei gammal bru og vidare med grusstien ca.100 m. Deretter skal ein vidare til høgre og følgje skilting til Uvedalsfjellet. Dette er ei løype på vanskeleghetsgrad middels på veg og sti, samt noko myr og litt stigning. 

 

https://www.visitnorway.no/reisemal/sorlandet/setesdal/listings-setesdal/uvedalsfjellet-rundtur-5-7-km/158611/

 

https://www.visitnorway.no/reisemal/sorlandet/setesdal/listings-setesdal/l%C3%B8efjell-rundtur-5-km/24495/

 

Det er mange fine turar i nærområdet. Evardalen er eit godt utgongspunkt for turar til blant anna Øyuvsbu, Bossbu, og Svartenut. Det er ein fin rundtur frå Øyuvsbu til Svartenut. Frå Evardalen er det ein flott tur til Øyetjørnsknuten. På ut.no finn ein mykje informasjon om desse turane og andre forslag, samt turen Øyuvsbu - Svartenut mm! Det er mange gode kart på ut.no samt merka turistløyper.

Les meir her: https://www.ut.no/hytte/3.2090/

https://www.ut.no/tur/2.9980/  

 

Det er òg eit flott utgongspunkt for ein utflukt til Lysebotn i Rogaland. Det er om lag 7 mil til Lysebotn frå Evardalen.

 

FUGLEJAKT

Det er moglegmeit for fuglejakt (rype/orrfugl) i Brokke. Dette kan bestillast via brokke.com -- https://brokke.com/no/aktivitet/fuglejakt-brokke/ 

 

FISKE

I tillegg til jaktmoglegheitar i området, er det óg mogleg å fiske dersom ein kjøper fiskekort. Dette kan du lese meir om og bestille via https://www.visitnorway.no/reisemal/sorlandet/setesdal/aktiviteter/fiske/fiske-i-fjellvann/ 

Andre aktuelle tilbud