Hyggeleg hytte med fin beliggenhet i bygda Edland, Vinje i Telemark

Velkommen til "Ranten", ei velutstyrt og hyggeleg hytte. Koseleg hytte for feiring av påske. Dessverre har snøen blitt borte rundt hytta, men gode skiforhold på Haukelifjell

Størrelse og ankomst

Senger til
6 personer
Antall soverom
3
Areal
60 m2
Ankomst
tidligst kl 15:00
Avreise
senest kl 12:00
Avstand fra vei
0 km (sommer)
0 km (vinter)

Adresse

Adresse
Støylsvegen 13a
Poststed
3895 Edland

Beliggenhet

Kontakt utleier

Knut Olav Edland

95292085

koedland@online.no

Velg ankomst og avreise

Om hytta

Hytta ligg i bygda Edland, her er det ca 2 km til butikksenter med daglegvare, bensinstasjon m.m.  I kort køyreavstand frå hytta vil ein komme opp på høgfjellet rundt Haukelifjell, med mange km oppkjørte skiløyper. Ved Haukeliseter Turisthytte er det også fleire merka løyper. Det er kort avstand til Setesdalsheiane, og berre 35 km til Rauland med mange fine turløyper. Vinje har også mange andre attraksjonar, som museum, bryggeri og ulike skisenter.

 

Det er moglegheit for fiske i elva Kjela ca 200 m frå hytta, og ein kan også fiske i fleire vatn i nærheten. Moglegheit til å låne kano for padle og fiske i tjern. Kart og meir info er på hytta. 

 

Hytta er utstyrt med TV, parabol (Norgespakke) og internett. Mikroovn og oppvaskmaskin, barnestol og støvsugar. På terrassen er det utemøblar og kulegrill. Vindfang, bad og kjøkken har varmekablar til oppvarming. Vedovn i stoge, ved holdast av utleigar.

 

Hytta har to soverom, eitt med dobbeltseng og eitt med køyeseng (enkle). På hemsen er det soveplass til to++.

 

Hytte-/Avbestillingsregler

  • Alle bestillingar belastast på bestillingsdato.
  • Leigetakar har rett til å avbestille leigeforholdet inntil 30 dager før leigeforholdet startar, og vil då få refundert 80% av leigesummen.
  • Ved avbestilling mellom 30 - 10 dagar før leigeforholdet startar refunderast 50% av leigesummen.
  • Ved avbestilling mindre enn 10 dagar før leigeforholdet startar blir det ikkje gitt refusjon.

 

Avbestilling/endring i leigeforholdet sendast til hytteeigar.

Me rådar alle våre leigetakarar å ha avbestillingsforsikring saman med si reiseforsikring.

Sengetøy og handkle kan leigast for kr 100,- pr sett.

 

 

Nøkkelhenting

Kontakt utleigar på mob: 952 92 085, eller mail: koedland@online.no i god tid før avreise.

Turtips

Området har mykje å tilby for dei som er aktive friluftsmenneske.

Området rundt Haukeli har Hardangervidda, Setesdal vest og austhei som nærmaste turområde.

Besøk gjerne www.visithaukeli.no,  www.Hovden.com,  www.visitrauland.com. Turer med hundespann sommar og vinter er veldig populært, sjå www.hundespann.no for meir info om området og aktiviteter her.

 

Andre aktuelle tilbud