Aursjohytta - stor familiehytte i Skjåk Almenning

Aursjohytta ligg like over tregrensa, 1105 moh - med fantastisk utsikt over Skjåk og Breheimen. 7 soverom og 16 sengeplassar. Gode fasilitetar med straum, vatn, toalett og dusj. Bilveg om sommaren.

Hyttekalender

INVITER PÅ TUR! Del på

Hyttedetaljer

Størrelse og ankomst

Senger og utstyr til
16 personer
Antall soverom
7
Ankomst
tidligst kl 15:00
Avreise
senest kl 15:00
Avstand fra vei
0 km (sommer)
7 km (vinter)

Annet

Husdyr tillatt
Ja

Adresse

Adresse
Industrivegen 10
Poststed
2690 Skjåk

Veibeskrivelse

Skjåk ligg øvst i Gudbrandsdalen, lengst nordvest i Oppland fylke, på grensa mot Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.

Frå aust følger ein riksveg 15 frå Lom, og frå vest via Stryn om Grotli.

Kommunesenteret Bismo ligg ved Riksveg 15, 18 km vest for Lom.

Til Aursjohytta

F.veg 485 mot Jøingsli. Aursjovegen tek av til høgre 5 km vest for Bismo, det er skilta mot Aursjoen.

Køyr ca 7 km oppover mot Aursjoen, nesten til toppen. Hytta ligg i vegkanten, i ein kvass venstresving. 

Vinter

Om vinteren må ein rekne med å gå frå der Aursjovegen tek av Fylkesveg 485 - men vegen kan av og til vere brøyta nokre km oppover.

Det er mogleg å nytte leigekøyrar med snøskuter til å frakte varer og utstyr opp på hytta, men ikkje til persontransport. Ta kontakt med oss for pris og informasjon om leigekøyrarar. 

VIKTIG

Dei fleste av hyttene våre ligg i høgfjellet utanfor merka ruter. Særleg vinterstid kan turen bli krevjande og ta mykje lengre tid enn planlagt dersom det er mykje laussnø og/eller dårleg vær.  

Ta derfor alltid med gode kart og kompass/GPS på turen, både sommar og vinter, og ver førebudd på ymse føre, dårleg vær og sikt i høgfjellet. Skal du på topptur sjekk skredfaren på www.varsom.no

Turkart Skjåk i målestokk 1:60 000 dekker heile Skjåk, med alle utleigehytter og merka turstigar innteikna.

Kartref.M711-serien kartblad Aursjoen 1518 I UTM 32 Euref 89:Nord 6866126 Aust 0459818

Video

Om oss

Skjåk Almenning er ei bygdealmenning frå 1798, og er Noregs største private grunneigar med i underkant av 2 millionar dekar areal. Hovudverksemda vår er skogbruk, trelast, hytter, jakt og fiske.

Skjåk Almenning er særleg kjent for villreinjakt, med om lag 400 fellingsløyver kvart år. Etter kvart er vi også vorte kjent for eit flott område for fjellfiske. Vi tilbyr totalt 17 utleiehytter fordelt på heile området. I Skjåk er det i alt 18 toppar på over 2000 meter, med Tverrådalskyrkja som den mest kjente og Nordre Hestbrepiggen som den høgste (2172 moh.). 

Skjåk Almenning er også et sentralt punkt mellom aust- og vestland der Oppland møter Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Det meste av området er verna i form av Breheimen og Reinheimen nasjonalpark. Området ber i stor preg av urørt natur og sine verneverdiar.  

Vårt administrasjonsbygg finn du i Bismo med våre 7 tilsette med høgare utdanning innan skog og utmarksforvaltning i tillegg til tilsette frå Statens Naturoppsyn, Mjøsen Skog og Nasjonalparkforvalter for Breheimen. 

Åpningstid kvardagar kl 08.00-15.30

Kontakt oss

Skjåk Almenning, Industrivegen 10, 2690 Skjåk

61 21 39 00

firmapost@skjak-almenning.no

Lenker på denne siden

  • Ingen lenker

Om hytta

Aursjohytta er ei stor og romsleg hytte som passar bra for store familiar eller større grupper på tur saman. Det er totalt 7 soverom av ulik storleik og med ulike sengeplassar (familiekøye, dobbeltseng, enkeltsenger og køyesenger). Totalt er det sengeplasser til 16, men det er fleire madrasser tilgjengeleg. Det er innlagt strum til hytta som også syrjger for oppvarming til ei kvar tid. Elles er det også vedomn i stova. Hytta leier ein for kun 1500 kr pr. natt uansett kor mange ein er!

Sjå meir info, bilder og videosnutt frå området på heimesida vår: https://www.skjak-almenning.no/hytteutleie/aursjohytta

Det er eit kjøkken med kjøleskåp, oppvaskmaskin, komfyr med 4 plater og steikeomn.

Stor stue med langbord og stoler, plass til 16. Elles sofa, bord og stolar i den andre enden.

Stort bad med dusj og god plass til å tørke klær.

Eige toalett i gangen.

Uthus med utemøblar for bruk på sommaren.

 

Hytta ligg på over 1100 moh, godt over tregrensa - og såleis har ein fantastisk utsikt til Breheimen Nasjonalpark som ligg på sørsida av dalføret. Reinheimen Nasjonalpark ligg like nord for hytta, og byr på flotte turmoglegheiter i lett terreng frå hyttedøra. På sørsida av Aursjoen er det mange merka stigar, og ein kan fylgje dei heilt frå nede i bygda til fjells. Sjå skildring av turmogleheiter i lenka under

https://outtt.com/no/adventures/1293/vatnet-kultursti

 

Innanbygds bør reservere hytta ved å kontakte oss på kontoret med tanke på redusert leigepris. Eventuelt får ein refusjon av beløp ved å sende kvittering og kontonr. til firmapost@skjak-almenning.

Hytteregler/Avbestillingsregler

Vask av hytta

Leietaker vaskar hytta sjølv.

Avbestilling

Avbestillingar blir i utgangspunktet ikkje refundert. Ved avbestilling seinast 3 veker før leiestart refunderer vi 50%.

Husdyr

Hund tillate,men ikkje i senger! Syrg for god reingjering.

Nøkkelhenting

Nøkler hentast på almenningskontoret i Bismo i vår opningstid måndag-fredag kl. 8.00-15.30, eventuelt kontakt oss for avtale om annan henting.

I tidsrommet frå 1.mai til 1.september kan nøkler hentast på Skjåk turistheim utanom kontortida vår. Hent helst før kl. 21.00, ved forsinking ring tlf. 612 14024.

Turtips

Det går fleire merka turstigar i området sør for Aursjoen - heilt frå Skjåkbygda og opp på fjellet.

Terrenget rundt Aursjoen er generelt familievenleg og lett å ferdas i. Mangfaldet for friluftslivsaktivitetar er veldig stort!

https://outtt.com/regions/15/skjk

La deg også inspirere av presentasjonsvideoen vår frå området. Klikk her for å sjå den. 

Andre aktuelle tilbud