Ripsebu- Koseleg hytte vest for Hardangerjøkulen

Koseleg fjellhytte som ligg sør for Ripsetjørnane med god utsikt mot Hardangerjøkulen i aust. Flott utgangspunkt for fiske og småviltjakt! God bestand av aure i vatna rundt hytta.

Størrelse og ankomst

Senger til
4 personer
Antall soverom
2
Areal
23 m2
Ankomst
tidligst kl 15:00
Avreise
senest kl 15:00
Avstand fra vei
6 km (sommer)
12 km (vinter)

Adresse

Adresse
Ripsebu
Poststed
5730 Ulvik

Beliggenhet

Kontakt utleier

Ulvik fjellstyre

+47 949 78 534

ulvik@fjellstyrene.no

Velg ankomst og avreise

Om utleier

Statsallmenningen i Ulvik dekkjer med sine 400 km2  vel 57% av arealet i heradet.

Av dette utgjer netto høgfjellsareal (villreinarealet) omlag 363 km2. Det er omlag 20 større fiskevatn innanfor allmenningen, med eit areal på omlag 20 km2. I tillegg finns mange mindre tjørnar og elvestrekningar med fin fisk.

Delar av vestlege delen av allmenningen er prega av kraftutbygging, med fleire store magasin.

Bergensbanen skjer gjennom allmenningen frå Storurdi i aust til Hallingskeid i vest. Dette gjer at allmenningen på mange områder er ulik dei andre statsallmenningane på Hardangervidda.

Området mellom Finse og Lågheller er regulert av Ulvik herad i eiga reguleringsplan frå 2001. Her er det mellom anna teltforbod og jaktforbod.

www.hardangervidda-fjellstyra.no

Om hytta

 

Hytta ligg i den sørlege delen av Ulvik statsallmenning. Båten som ligg ved hytta kan nyttast fritt av leigetakar. Når opphaldet er ferdig skal båten leggjast på plass der den låg. Om sommaren er det lettast å ta seg til hytta via ein anleggsveg som går frå Osa opp til Langavatnet. Her kan ein parkera bilen å ta seg vidare til fots på nordsida av Langavatnet. Stien er delvis varda frå nordvestre delen av vatnet og vidare inn til hytta. Turen ta om lag 2,5 - 3 timar. Vinterstid tar ein tog til Finse eller Hallingskeid, for så å fortsetje turen på ski.

Det er mange gode fiskevatn i området. Her kan ein oppleve fine fangstar av aure. Fisken biter på på det meste, men sølvkroken sine skjeslukar er eit "must" i slukboksen. Tørrflugefiske er og populært i dei små tjønnane ved og i nærheita av hytta.

 

Hyttene i Ulvik Statsallmenning ligg utsatt til for vær og vind så det er viktig å ta omsyn til dette, spesielt vinterstid!

 

NB! Det er ikkje mogeleg å bestille denne hytta på denne salssida i perioden 15 juli - 30 september. I denne perioden, ta kontakt på telefon 48095710.

Hytte-/Avbestillingsregler

Alle tingingar vert belasta på bestillingsdato. Tingar har rett til å avbestille leigeforholdet innan 30 dagar før leigeforholdet startar, og vil då få refundert 80% av leigesummen. Ved avbestilling mindre enn 30 dagar før leigeforholdet startar vert 50% av leiesummen refundert. 
Ved avbestilling mindre enn 10 dagar før leigeforholdet startar vert det ingen refusjon.

Busette i Ulvik herad kan leggja inn rabatten "innanbygdsbuande".

 

Rutinar før avreise:

  • Hytta skal reingjerast. 
  • Hytta skal ryddast.
  • Bos skal ikkje setjast att i hytta.
  • Mat/tørrmat skal ikkje setjast att.
  • Sjekk at alle vindauge er lukka.
  • Slå av gass til kokeapparatet.
  • Hugs å lukke døra til utedo. NB! alle slåar skal vera sett på.

Nøkkelhenting

Nykkel ligg i kodekoks som er montert på hytteveggen. Ta godt vare på kvitteringa frå Inatur.no, da du her finn koden for å koma deg inn i hytta.

Om leigetakar mister nykkel vert vedkomande fakturert med kr. 1.000,-. 

Andre aktuelle tilbud