Hyttetun i front av Besseggen. Jotunheimen.

Eineståande utgangspunkt for turar i Sjodalen i låg- og høgfjell heile året. Utgangspunkt for høgfjellruta, Besseggen,Glittertind, Rasletinden, og ei rekkje 2000-m toppar i Jotunheimen.

Størrelse og ankomst

Senger til
8 personer
Antall soverom
4
Areal
110 m2
Ankomst
tidligst kl 15:00
Avreise
senest kl 12:00
Avstand fra vei
0 km (sommer)
0 km (vinter)

Adresse

Adresse
Gåpåvegen 9
Poststed
2682 Tessanden

Beliggenhet

Kontakt utleier

Reidun Øvre Øygard og Rune Øygard

91383232

roeygard@online.no

Velg ankomst og avreise

Veibeskrivelse

Fjell-Ljom, Sjodalen.

Gåpåvegen 9, 2683 Tessanden i Vågå.

Køyr inn til Besseggen fjellpark / Maurvangen Hyttegrend.

Fv. 51 frå Fagernes / Beitostølen. Frå sør. Denne vegen er vinterstengt i tidsrommet 15. desember - 1. april. Om været er fint, kan den vere open utover 15. desember. Frå sør.

Fv. 51 frå Vågå / Ottadalen. I Vågåmo er det ei rekkje service- og handeltilbod. Fleire matvarebutikkar, bokhandel, vinmonopol, klebutikk, blomsterbutikk, gåvebutikk, elektrisk foretning, frisørar, bensinstasjonar, ladepunkt for el-bilar, optikar, urmakar, hotell, restaurantar/kafear, museum, galleri og meir til. Du kan evnt ta av E 6 ved Sjoa og køyre gjennom Heidal til Randsverk og vidare til venstre fv 51 innover Sjodalen. Frå nord.

Om hytta

Hytta ligg i front av Besseggen med gangavstand til Gjendebåten. Opplysingar om sesong og rutetider finn du på heimesida til Gjendebåten.

Ser rett inn i Jotunheimen nasjonalpark frå aust og dermed eit sentralt utgangspunkt for ei rekkje turmoglegheiter i Jotunheimen.  Den merka ruta til Sikkildsdalen går like ved hytta.

Hytta ligg i regulert hytteområde med både nye og litt eldre hytter.
I hytta er det mellom anna kjøleskap, oppvaskmaskin, støvsugar, kaffetraktar, presskanne, Canal Digital, frysar, peis/skorstein, omn, grill, bålpanne med alt utstyr, fjernsyn, ministereoanlegg/radio-cd-spelar, blu-ray Disc/DVD-spelar, og hagemøblar. Eit godt utstyrt kjøken, det er balkong og fin uteplass.

El-bil? På hytta vår er det montert EO Mini elbil ladestasjon 16 A for andre type el-bilar. Denne kan brukast etter sjølkostprinsippet.

Du kan ta med kjæledyr.

Hytta er godt utrusta med bøker og spel av ulike slag.

Utemøblar. Både liten utegrill og godt utstyrt Espegard bålpanne.

Hytta er svært personleg med mange private ting. 

I hytta ligg eit nytt Jotunheim Bessheim-telt med plass til 4 personar. Dette kan du låne om du ønskjer å ta ein overnattingstur ute.

Vi ser helst at du tek ettervasken sjølv. Men vi kan ordne ettervask mot eit pristillegg. 
I annekset er det utedo. I hovudhytta forbrenningstoalett. Både drikkevatn og vaskevatn tappar du frå vassposten 10 meter frå hytta. Ikkje ta vatn frå bekken som renn like ved hytta sommarstid.

Fjellbutikkar i nærområdet i sesongen. 

Hytte-/Avbestillingsregler

 

MERK: MINSTETID FOR UTLEIGELENGDE ER PRIMÆRT MINIMUM 4 DØGN. KAN OPNE FOR HELGEUTLEIGE UTANOM HØGSESONGANE DVS VINTERFERIE, PÅSKE, 15. JUNI - 15. AUGUST, HAUSTFERIE OG JULE- OG NYTTÅRSHELGA.

 

  • Hytta leiger vi berre ut til familiar og vaksne, rolege ordensmennesker over 20 år. Hytteigar tek kontakt på telefon eller via e-post før leigeforhaldet tek til. 
  • Røyking gjer ein ikkje inne i hytta.
  • Kjæledyr er velkomne, men ikkje til å liggje i møblar eller senger.
  • Leigetakar må sluttvaske; vaske over bord, benker, komfyr og golv. Reingjere bad og toalett skikkeleg. Eller kontakt utleigar i forkant dersom vi skal ordne ettervask mot eit tillegg i prisen.
  • Ta med søppel, tomflaskar og blad/aviser og kast dette i eigen containar / flaskedunk som høyrer til hyttefeltet.
  • Ta ut oske av omnen og tøm og reingjer potta i forbrenningstoalettet.
  • Manglar og eventuelt om noko blir øydelagt, varslar leigetakar utleigar og kjøper nytt eller betalar kostnaden for innkjøp av tilsvarande nytt.
  • Hytta  forlet du ryddig og reingjort, slik som du ønskjer å finne den. Ryddig skal den også vere sjøl om du ikkje ønskjer å ta deg av utvasken sjølv. Sjå etter at alle vindu er attletne før du forlet hytta.
  • Om du går tom, kan du supplere behovet med mjøl, sukker, salt og peppar samt anna krydder som du finn i mathyllene. 
  • Forbrukarmateriell som leigetakar må ta med seg; toalettpapir, tørkerullar og stearinljos. (Lange ljos, teljos og kubbeljos). I tillegg til dynetrekk, putevar, laken og handkle, også oppvask-/ tørklehandkle. Og ved til å fyre i omnen / skorsteinen med.
  • Vi vil svært gjerne at du ringjer eller sender ein sms til Reidun eller Rune på 913 83 232 både når du kjem og forlet hytta. Da kan vi sikre oss at alt er iorden.

 

Avbestillingsreglar

  • Alle bestillingar blir belasta på bestillingsdato. Avbestillingar blir meldt direkte til hytteeigar.
  • Bestillar har rett til å avbestille leigeforhaldet inntil 30 dagar før leigeforhaldet startar, og vil da få refundert 80 % av leigesummen.
  • Ved avbestilling mellom 30 - 10 dagar før leigeforhaldet startar refunderast 50% av leigesummen, 
  • Ved avbestilling mindre enn 10 dagar før leigeforhaldet startar blir det ikkje gjeve refusjon.

 

Vi rår leigetakar tinga eiga reise-/avbestillingsforsikring.

 

 

Nøkkelhenting

Om ikkje anna blir avtala, kan nøklane hentast hjå Besseggen fjellpark Maurvangen mot å vise fram kvitteringa. Besseggen fjellpark Maurvangen ligg ved innkøyringa til hytta. På staden er det fjellbutikk. Her kan du også kjøpe middag basert på lokale oppskrifter og lokale råvarer.

Turtips

Eineståande utgangspunkt for turar i lågfjell og høgfjell til alle årstider. Utgandspunkt for høgfjellruta, Besseggen, Nautgardstinden, Besshø, Surtningsui, Rasletinden, Heimdalshøi, Sikkilsdalen og ei rekkje 2000-meters toppar. Fint sykkelterreng. Sentralt utgangspunkt for bilturar både til Beitostølen/Valdres, Gudbrandsdalen og vestlandet (t,d, Geiranger, Stryn, Luster, Lærdal) og andre stader.

 

Flott utgangspunkt for fjellaurefisking og rypejakt.

 

Ønskjer du turar med kjentfolk i samband med jakt, fiske eller fjellturar kan de ta kontakt med Besseggen fjellpark. 

Preparerte skiløyper 15 meter frå hytta.

10 meter til vasspost.

 

Velkomne!

 

 

Beste helsing

Bamse, Reidun og Rune

 

 

 

Nyttige lenkar:

www.visitjotunheimen.no

www.vaga.no

www.nasjonalparkriket.no

www.gjende.no

www.lemonsjøen.no

www.brimiland.no

www.vagaskisporet.no

www.maurvangen.no

Andre aktuelle tilbud