Veslestugu; triveleg hytte ved Jotunheimen og Rondane
Supert utgangspunkt for små og store fjellturar, luftsport, fisking, ski, toppturar, alpinanlegg, sykling, jakt eller rett og slett bare avslapning. Hytta er utan tv eller internett.
Størrelse og ankomst
- Senger til
- 4 personer
- Antall soverom
- 1
- Areal
- 47 m2
- Ankomst
- tidligst kl 16:00
- Avreise
- senest kl 12:00
- Avstand fra vei
-
0 km (sommer)
0 km (vinter)
- Adresse
- Øyomsvegen 53
- Poststed
- 2680 Vågå
Adresse
Beliggenhet
Kontakt utleier
91357512
Velg ankomst og avreise
Om utleier
Ørjan og Kristine bur i nabohuset på småbruket Brekka, ilag med to ungar og to kattar. Vi har dyr på lån om sommaren (Sau,kyr og hest).
Vi leiger ut hytta på garden, samt Pålbue ved Melingen. (Ligg og her på Inatur)
Ved behov for kurs / føring/ guiding i fjellet, så anbefalar vi eit av dei lokale firmaene:
- Fyrst og fremst
- Aktiv i Lom
- Besseggen fjellsport
- 500 fjell
Om hytta
Hytta er ei gamal tømre som opprinnelig var kønnbu på garden.
Denne var bruka som bolig etter dette, til utpå 70 talet.
Dei siste 20 åra har den stått tom.
Sommaren 2016 vart tømra demontert og restaurert, og det vart lagt inn vatn, avlaup og bygd soverom.
Det er ikkje TV eller internett i hytta, kun radio.
Soverommet har plass til 2 stk + 1 barn i overkøya
I tillegg er det sovesofa for 2 stk i stova.
Vi anbefalar ikkje fleire enn 4 stk i hytta. (2 voksne og 2 barn)
Hytta har brannvarsling som er kobla saman med brannvarslingsanlegget i hovedhuset.
Hytte-/Avbestillingsregler
Kunden har rett til å avbestille leieforholdet inntil 10 dager før leieforholdet startar.
Ved avbestilling mindre enn 10 dager før leieforholdet startar, refunderes 50 % av leiesummen.
Ved avbestilling mindre enn 5 dagar før leieforholdet startar gis ingen refusjon.
Vi anbefaler alle våre leigetakere å ha avbestillingsforsikring saman med sin reiseforsikring
Brannsløkkingsapparat skal sjekkast av leigetakar ved ankomst.
Leietakar vaskar etter seg før avreise, og forlet hytta i den stand ein ynskjer å finne den.
Søppel kastes i dunken utanfor hovedhuset. Tomgods sorteres ut.
Husdyr er ikkje tillatt innandørs.
Røyking innandørs er ikkje tillat.
Nøkkelhenting
Nøkkelutlevering avtalast pr tlf.
Adresse til hytta er: Øyomsvegen 53
Ca 4 timar kjøring frå Oslo
Ca 4 t kjøring frå Trondheim
Ca 3,5 t kjøring frå Molde
Turtips
KARTBLAD
Kartverket 078S Dekker området rundt hytta.
Evt lag ditt eiget turkart på: http://norgeskart.no/turkart/
M-711 kartserien: 1618-1 Vågåmo dekker området hytta ligg i.
For øvrige kart sjekk ut: http://www.kartverket.no/globalassets/kart/m711_kartverket_cmyk.pdf
KORTARE TURAR MED UTGANGSPUNKT FRÅ HYTTA
Det går mange stiar i tilknytning til hytta, og det er eit meget bra område for villbringbær, blåbær, tyttebær og sopp.
Sjekk http://www.ut.no/kart/ for å få tips på turløyper.
Det er mange skogsvegar/stiar i området, som er fine å sykle på med terrengsykkel.
For informasjon om stisykling i området sjekkar du: https://trailguide.net/ Mulig å få guida lokaltur i nærområdet, dersom interesse.
I tillegg er det eit aktivt landevegsmiljø her i dalen.
Fiske kan ein gjera i Ottaelva, og fisken er fin her. Fiskereglar, prisar osv finn du her: http://www.vaga-fjellstyre.no/index.php/fisk-1/kortsal-og-prisar
Det er kort veg til luftsportsenteret i Vågå, og ein har mogeleghet til å lande på jordet nedanfor hytta dersom ein ynskjer det. Utsikt rett mot exit pkt på Vole.
Crossbanen til Jotunheimen MX ligg 5 min unna. Dersom det er aktuelt å leige mtp å være der, så kan vi stille garasje til disposisjon for evt reparasjon/vedlikehald. I tillegg er det vatn tilgjengelig for vask.
Sjekk følgjande link for skiløypekart: http://www.vagaskispor.no/images/pdf/kart.pdf
Oppdatert løypeinformasjon finn du på: http://www.vagaskispor.no/
KORTE DAGSTURAR MED BIL
Vågåmo: Her finn ein Villaparken, Munchruta, Bokhandelen Kafe (Maten her anbefalast), Pizzabakaren med bowling og storskjerm, Vågå Hotell med svømebasseng og treningsenter, fleire butikkar, herunder Norges minste sportsbutikk. (Besseggen Fjellsport)
Lemonsjøen Alpinsenter, eit familievenleg anlegg der fleire av Norges beste frikjørerar held til, ligg 20 min unna. Sjekk: http://www.lemonsjo-alpinsenter.no/
Besseggen. 1 time unna. Husk at turen er lang og krevjande, og du bør være i form. Sjekk http://besseggen.net/besseggenturen/
Gjendebåten 1 time unna. Ta båten til Memurubu for å gå Besseggen eller langs Gjendevatnet, til Gjendebu for å gå Bukkelægret eller ta den fine turen att og fram med båten Sjekk http://www.gjende.no/ for rutetider og informasjon.
Gjendesheim 1 t unna. Her kan ein leige seg stisykkel eller fatbike, dersom ein ynskjer å prøve dette. https://gjendesheim.dnt.no/ Løypene finn du på https://trailguide.net/ I tillegg kan ein eta særs god middag med lokale råvarer, i trivelige omgivelsar og med god atmosfære.
Bessheim 1 t unna. Ein middag her anbefales! Særdeles god kokk, lokale råvarer og trivelig atmosfære. http://www.bessheim.no/
Heidal og elva Sjoa ligg 30 min kjøring unna. Her finn ein Kiwi butikk, Heidal ysteri, bensinstasjon og fleire raftingselskap. https://www.sjoarafting.no/
Brimiland, med klatrepark, Brimi Sæter, Brimi Fjellstue og Vianvang (Restauranten til Arne Brimi) ligg ca 20 min unna. http://www.brimiland.no/
Vil du ta turen 60 m inn i isen, og sjå og lære om kva som skjedde for 6000 år attende? Då kan du besøke Klimapark2469 på Juvbreen, som ligg 1,5 time unna.Sjekk http://klimapark2469.no/
Turen kan kombinerast med ein stopp på Norsk Fjellsenter i Lom, som ligg 30 min unna hytta. Sjekk http://www.norskfjellsenter.no/
På andre sida av elva for Fjellsenteret ligg Bakeriet i Lom og her anbefalast det å innom å få med seg noko fersk gjærbakst. http://www.bakerietilom.no/
Galdhøpiggen ligg og 1,5 time unna. Her har ein to alternativ. Frå Spiterstulen er det bratt og ein lengre tur, men ein slepp å gå på bre. Sjekk:http://www.spiterstulen.no/turer/galdhopiggen/ Frå Juvasshytta er det kortare og slakare, men ein må krysse Styggebreen på turen og dette krever at ein går i tauglag. Det arrangerast daglege føringar over breen. Sjekk http://juvasshytta.no/
Det er kort avstand til nasjonalparkane Jotunheimen, Rondane og Reinheimen. Litt lenger avstand til Breheimen og Dovrefjell, men godt innafor ein dagstur. Sjekk https://www.nasjonalparkriket.no/ for turtips og informasjon.
KURS /FØRING /GUIDING
Dersom det er ynskjeleg med kurs / føring/ guiding, så driv Ørjan firmaet Gjendeguiden som kan hjelpe deg .