Pålbue-ei perle i Nasjonalparkriket

Triveleg hytte ved porten av Jotunheimen, 20 m frå fiskevatn. Supert utgangspunkt for små og store fjellturar, langrenn, toppturar, alpinanlegg, sykling, bading eller rett og slett bare avslapning.

Størrelse og ankomst

Senger til
4 personer
Antall soverom
2
Areal
42 m2
Ankomst
tidligst kl 15:00
Avreise
senest kl 12:00
Avstand fra vei
0 km (sommer)
0,2 km (vinter)

Adresse

Adresse
Bøneslivegen 399
Poststed
2680 Vågå

Beliggenhet

Kontakt utleier

Kristine Snerle

91357512 e.kl 1600

kristine.snerle@gmail.com

Velg ankomst og avreise

Om hytta

Pålbue var opprinnelig ei fiskebu, som er satt opp av min bestefar og søskenbarnet hans i 1928.

Begge bar navnet Pål, og slik vart hytta kalla Pålbue.

Den gamle delen av hytta er i laft, og består av to rom. (Stove og kjøkken/spisekrok) 

 

I 2008 vart hytta bygd på med gang og to soverom. (1 køyeseng og 1 dobbeltseng)

 

I 2012 vart det installert solcellepanel, med belysning primært på soverom, gang og kjøkken.

 

Vatn hentar ein i Melingen/Flokka og det er dunkar/bytter for dette i hytta.

Det er ein utslagsvask i hytta, med kran som er kobla på 12V anlegget.

 

Matkjellaren er ein liten kjellar som er støypt ned i golvet i stua. Den rommar fint mat og drikke for nokon dagar.

 

I tillegg til hytta er det eit uthus på 16 kvm, som blir nytta til vedskjul og utedo.

 

Det henger eit oversiktskart på veggen i hytta

 

 Det er varierande dekning for mobiltelefon i og rett rundt hytta. Men ein skal ikkje bevege seg så langt før ein har forhold for å ringe.

Hytte-/Avbestillingsregler

Kunden har rett til å avbestille leieforholdet inntil 10 dager før leieforholdet startar.

Ved avbestilling mindre enn 10 dager før leieforholdet startar, refunderes 50 % av leiesummen.

Ved avbestilling mindre enn 5 dagar før leieforholdet startar gis ingen refusjon.

Vi anbefaler alle våre leigetakere å ha avbestillingsforsikring saman med sin reiseforsikring

Brannsløkkingsapparat og røykvarslar skal sjekkast av leigetakar ved ankomst.

Leietakar vaskar etter seg før avreise, og forlet hytta i den stand ein ynskjer å finne den. 

Hytta skal fyllast opp med ved.

Søppel tek de med til container som står plassert langs vegen inn mot hytta. (Står på 3 forskjellige plassar, lett synleg).

Husdyr er ikkje tillatt inne i hytta.

Røyking innandørs er ikkje tillat.

Sjå forøvrig vedlegg, som og ligg i hytta.

Nøkkelhenting

Nøkkelutlevering avtalast pr tlf.

 

Adresse til hytta er: Bøneslivegen 399, 2680 Vågå

 

Ca 4 timar kjøring frå Oslo

Ca 4 t kjøring frå Trondheim

Ca 3,5 t kjøring frå Molde

 

Turtips

Kartblad:

Kartverket 078S Dekker området rundt hytta.

Evt lag ditt eiget turkart på: http://norgeskart.no/turkart/?_ga=1.20871536.955452546.1468574525#9/191854/6864860

M-711 kartserien: 1618-1 Vågåmo dekker området hytta ligg i.

For øvrige kart sjekk ut: http://www.kartverket.no/globalassets/kart/m711_kartverket_cmyk.pdf

 

Det er mange fine turmulighetar ut frå hytta, heile året. I tillegg er det eit fint område for bærplukking og evt soppsanking.

Hytta ligg for segs sjølv 20 m frå vannkanten, i eit område som er prega av aktiv sæterdrift og med lange jakt og fiske tradisjonar.

 

KORTARE TURAR MED UTGANGSPUNKT FRÅ HYTTA

Olavshovda og Gråhøe er fotturar vi anbefalar, i tillegg til å gå stien rundt Melingen.

Turstiane går i tilknytning til hytta, i tillegg går skiløypa rett ovanfor på vinterstid. (200 m)

Sjekk http://www.ut.no/kart/ for å få tips på turløyper.

Sjekk følgjande link for skiløypekart: http://www.vagaskispor.no/images/pdf/kart.pdf

Oppdatert løypeinformasjon finn du på: http://www.vagaskispor.no/

Det blir og arrangert orienteringsløp i området, og det er utarbeida egne o-kart for området. Sjekk http://www.tormodskilag.no/blog/post/88886/vellykka-orienteringshelg-i-dalen?ispage=false 

I tillegg har Heidal Il turorientering i området på sommaren. Sjekk: http://www.sel.kommune.no/turorientering-en-fin-sommeraktivitet.5243391-137314.html 

Det er mange grusvegar i området, som er fine å sykle på med terrengsykkel. Lite trafikk og barnevenleg.

For informasjon om stisykling i området sjekkar du:  https://trailguide.net/ Gråhøtur er beskrive her: https://trailguide.net/1151

Fiske kan ein gjera i Melingen eller Flatningen, og fisken er fin her. Litt større fisk å få på Flatningen enn på Melingen.Fiskereglar, prisar osv finn du her: http://www.vaga-fjellstyre.no/index.php/fisk-1/kortsal-og-prisar

 

KORTE DAGSTURAR MED BIL

Lemonsjøen Alpinsenter, eit familievenleg anlegg der fleire av Norges beste frikjørerar held til, ligg 30 min unna. Sjekk: http://www.lemonsjo-alpinsenter.no/

Heidal og elva Sjoa ligg 15 min kjøring unna. Her finn ein Kiwi butikk, Heidal ysteri, bensinstasjon og fleire raftingselskap. https://www.sjoarafting.no/ 

Brimiland, med klatrepark, Brimi Sæter, Brimi Fjellstue og Vianvang (Restauranten til Arne Brimi) ligg ca 30 min unna. http://www.brimiland.no/

Besseggen. 1 time unna. Husk at turen er lang og krevjande, og du bør være i form. Sjekk http://besseggen.net/besseggenturen/

Gjendebåten 1 time unna. Ta båten til Memurubu for å gå Besseggen eller langs Gjendevatnet, til Gjendebu for å gå Bukkelægret eller ta den fine turen att og fram med båten Sjekk http://www.gjende.no/ for rutetider og informasjon.

Gjendesheim 1 t unna. Her kan ein leige seg stisykkel eller fatbike, dersom ein ynskjer å prøve dette. https://gjendesheim.dnt.no/ Løypene finn du på https://trailguide.net/

Bessheim 1 t unna. Ein middag her anbefales! Særdeles god kokk, lokale råvarer og trivelig atmosfære. http://www.bessheim.no/ 

 

Vil du  ta turen 60 m inn i isen, og sjå og lære om kva som skjedde for 6000 år attende? Då kan du besøke Klimapark2469 på Juvbreen, som ligg 1,5 time unna.Sjekk  http://klimapark2469.no/

Turen kan kombinerast med ein stopp på Norsk Fjellsenter i Lom, som ligg 1 t unna hytta. Sjekk http://www.norskfjellsenter.no/

På andre sida av elva for Fjellsenteret ligg Bakeriet i Lom og her anbefalast det å innom å få med seg noko fersk gjærbakst. http://www.bakerietilom.no/ 

Galdhøpiggen ligg og 1,5 time unna. Her har ein to alternativ. Frå Spiterstulen er det bratt og ein lengre tur, men ein slepp å gå på bre. Sjekk: http://www.spiterstulen.no/turer/galdhopiggen/  Frå Juvasshytta er det kortare og slakare, men ein må krysse Styggebreen på turen og dette krever at ein går i tauglag. Det arrangerast daglege føringar over breen. Sjekk http://juvasshytta.no/ 

 

Det er kort avstand til nasjonalparkane Jotunheimen, Rondane og Reinheimen. Litt lenger avstand til Breheimen og Dovrefjell, men godt innafor ein dagstur. Sjekk https://www.nasjonalparkriket.no/ for turtips og informasjon.

 

 KURS /FØRING /GUIDING

Dersom det er ynskjeleg med kurs / føring/ guiding, så driv vi Gjendeguiden AS.

https://www.gjendeguiden.no/

https://www.facebook.com/gjendeguiden/ 

Vi gjennomfører sjølve kurs innafor:

- Skred (Grunnlegjande, redning og vurdering)

- Stisykling

- Topptur

 

 

 

Andre aktuelle tilbud