Unik gapahuk til utleige i Undredal
Gapahuken Ørnareiret gir deg ei magisk oppleving du seint vil gløyme.
Størrelse og ankomst
- Senger til
- 6 personer
- Antall soverom
- 1
- Areal
- 9 m2
- Ankomst
- tidligst kl 14:00
- Avreise
- senest kl 14:00
- Adresse
- Stokkavegen 3
Reina - Poststed
- 5746 Underdal
Adresse
Plantegning
Beliggenhet
Kontakt utleier
Video
Velg ankomst og avreise
Om utleier
Reina Gard er ei fersk bedrift som starta 01.01.23. Den held til i den vesle bygda Underdal i Indre Sogn, rett ved Underdal stavkyrkje.
Søsknene Anna Elise og Atle tok over familiegarden etter foreldra sine, og starta bedrifta Reina Gard. Me driv med geit, er medeigar I Underdal Stølsysteri som lagar kvit og brun geitost. I tillegg driv me med turisme, og leiger ut det gamle selet vårt på Langhuso, som var ferdig oppussa til utleige våren 2017. Det leiger me ut på airbnb.no. Me leiger også ut gapahuken Ørnareiret. Den stod ferdig i 2016, og har vore utleigd på inatur.no kvar sommar sidan.
Reina Gard
Du finn oss på Facebook og instagram på Reina Gard.
Om hytta
Gapahuken Ørnareiret ligg ovanfor Hovdungo i Undredal, 1000 moh. Ved Ørnareiret har du fantastisk utsikt både utover og innover fjorden. Den vil gje deg ei kjensle av å liggje under open himmel, med soloppgangen som vekkarklokke. Makan til overnatting i eit slikt område skal du leite lenge etter.
Ørnareiret har god plass, med overnattingskapasitet frå seks til åtte personar. Ta med deg mat, sovepose, varme klede og gode vener, så har du alt som skal til for ei heilt spesiell overnatting. Om du skal til Stigen eller Grindafletene, er dette ein fin plass å ta seg ein kvil.
Leige av gapahuken inkluderar følgjande utstyr:
- 2 kokeapparat inkludert gass
- Alt av kjøkkenutstyr
- Basiskrydder og steikeolje
- Madrassar
- Kikkart med stativ
- Førstehjelpsutstyr
- Antibac og toalettpapir, etc.
- Radio
- Bord og stolar
Sjå vedlagte filer for detaljert utstyrsliste.
Det er mogleg å leige bålpanne med rist inkl. ein vedsekk for kr. 325,-
Denne tingar du når du er i gapahuken med vipps. Betalingsinformasjon vil stå på ein plakat, og framgangsmåte vil bli tilsendt på sms.
Hytte-/Avbestillingsregler
Avbestillingsregler
Alle bestillingar av denne hytta belastas på bestillingsdato. Bestiller har rett til å avbestille leigeforholdet inntil 30 dager før leieforholdet starter, og vil da få refundert 85% av leiesummen.
Ved avbestilling mindre enn 30 dager før leieforholdet starter refunderes 50% av leigesummen.
Ved avbestilling mindre enn 3 dager før leigeforholdet starter refunderes 0% av leigesummen.
Vi anbefalar å ha sin reise/avbestillingsforsikring i orden.
Nøkkelhenting
Gapahuken er låst med kodelås, koden og diverse informasjon vil bli tilsendt på sms på utleigedagen.
Turen tek ca 3 timar. Den startar ved ca 50 moh, og Ørnareiret ligg ved ca 1050 moh.
Vatten finn du i ein bekk like før du kjem til gapahuken.
Lurar du på noko, ikkje nøl med å ta kontakt.
Veibeskrivelse
Parker bilen på anvist plass i kart. Gå deretter opp til den store tavla frå Nærøyfjorden Verdsarvpark, der startar stien.
Følg stien til Stigen til du møtar på eit skilt der du tar av til Ørnareiret, eit stykke over stølen Hovdungo.
Klikk her for å sjå kart med vegbeskrivelse, parkering, startpunkt og stien til Ørnareiret.
Zoom inn og klikk på ikona for å sjå beskrivelse.
NB! Denne turen kan vere fysisk krevende pga. veldig bratt stigning. Me tilrår at ein er i god fysisk form før ein legg ut på denne turen. Sjå ut.no for meir info om turen.
Sjå høgdeprofil av stien i vedlagte filer.
Turtips
Sett av ei heil helg i Undredal kombinert med tur til Ørnareiret.
Foreksempel: Ting ei overnatting i Undredal på booking.com/airbnb.no, laurdag til sundag. Reis til Ørnareiret fredag og gå ned att til høgdegarden Stigen og fjorden dagen etter. Avslutt laurdagskvelden med god mat og drikke på Undredal kafe.
Til Stigen er du avhengig av båtransport, me tilbyr dette for kr 500,- per tur.
Undredal har eigen campingplass med servicebygg. Der er det do, dusj og mulegheit for å vaske klede.
Treng du skyss til og frå E-16 ordnar me det og, 150 kr pr tur.
Grånosi på 1586 moh er ein fin topptur frå Ørnareiret.
Er du av den spreke typen kan Ørnareiret også kombinerast med tur til/frå Grindaflethytta.
Følge turistvegen frå langhuso mot grindafletene, ta av stien ved Rosshammrane, gå nordaust og over Stiganosi og ned til gapahuken, det er og ein veldig fin tur.