Flott hytte på Sognefjellet, ved Norges mest spektakulære fjellområde.
Innfallsporten til Norges mest spektakulære fjellområde! Benytt tida til å fiske, jakte småvilt, gå tur, eller berre nyte ei god bok i hytteveggen.
Størrelse og ankomst
- Senger til
- 8 personer
- Antall soverom
- 3
- Areal
- 60 m2
- Ankomst
- tidligst kl 16:00
- Avreise
- senest kl 14:00
- Avstand fra vei
-
0 km (sommer)
15 km (vinter)
- Adresse
- Sognefjellsvegen
5365 - Poststed
- 6877 Fortun
Adresse
Beliggenhet
Kontakt utleier
Velg ankomst og avreise
Om utleier
Luster Austre Fjellstyre har ansvar for å forvalte Luster Austre Statsallmenning i henhald til lovverk.
Fjellstyret har ansatt fjelloppsyn/dagleg leiar som tar seg av daglege gjøremål.
Om hytta
Hytta ved Prestesteinsvatnet ligg rett ved Sognefjellsvegen og har bilveg heilt fram. Ho vart bygd i 2002 og teken i bruk i 2003. Storleik på 60 kvadratmeter pluss uthus med do og bod. Den har 3 soverom og 8 sengeplassar (6 senger og 2 på sofaen), vaskerom, stove med kjøkenkrok, gang og vindfang. Hytta vart i 2019 oppgradert med solcelleanlegg, men kun til 12 volt.
Rv 55 over Sognefjeller opnar til 1 mai kvart år og stengjer i oktober/november/desember basert på snømengder. I perioden Sognefjellet er stengt må ein gå på ski eller truger for å kome seg til hytta
Hytte-/Avbestillingsregler
Leietakar vaskar før avreise og forlet hytta i den stand ein ønskjer å finne den.
Kunden har rett til å avbestille leiga inntil 30 dagar før bestilt ankomst. Luster Austre fjellstyre refunderar 75 % ved slik avbestilling. Ved avbestilling mindre enn 30 dagar før leigeforholdet startar, refunderast 50 % av leigesummen. Ved avbestilling mindre enn 14 dagar før leigeforholdet startar, gjev vi ingen refusjon.
Dersom værforhalda gjer til at rv 55 over Sognefjellet vert stengt på begge sider av fjellet, same dag av leigeforhaldet kan ein få refundert opptil 50 % av leiga.
Nøkkelhenting
Døgnet vert rekna frå kl 16 00 til kl. 14 00 dagen etter.
Veibeskrivelse
Køyr rv 55 opp på Sognefjellet. Kjem du frå vest så kjøyrer du over demningen ved Øvre Hervavatn og videre gjennom dei karakteristiske bergodalbane dumpane. Ein køyre forbi hytta som ligg ned mot Prestasteinsvatnet, for så å ta av på ein grusveg og kjøyrer tilbake mot vest. Det er omlag 4.5 km frå demningen til der ein skal ta av på grusvegen.
Kjem du frå aust så køyrer du forbi Sognefjellshytta og Sognefjellet sommerskisenter ca. 3.5 km og så ta av på ein grusveg og kjøyr mot vest. Ein ser ikkje hytta frå rv 55 når ein kjem frå aust.
NB:
Grusvegen ned til hytta vert ikkje lenger brøyta. Om snødd att kan man parkere ved hovudvegen over hytta. Ca 100 meter gange frå hovudveg ned til hytta.
Vegen over Sognefjellet er vinterstengd!
Rv 55 over Sognefjellet er open frå 1 mai til november/desember.
Hytta er vinterstengt frå midten av oktober til starten av mai.
Turtips
Hytta ligg ved grensa til Jotunheimen nasjonalpark, med sine mange flotte turmål.
Det er flott moglegheit til å gå på ski i området til langt ut på sommaren, Sognefjellet sommerskisenter ligg ikkje langt unda!
Det er også mange flotte fiskevatn i området, og det ligg båt tilgjengeleg for dei som har kjøpt fiskekort ved Prestasteinsvatnet, Øvre og Nedre Hervavatn.