Triveleg tømre 900 moh i Vinje - kanten av Hardangervidda

Triveleg tømre lafta lokalt, med stor vedovn, himmelseng og utedo (inne). Vatn i bekken og flott turterreng ved døra anten du vil til fots eller på ski.

Hyttekalender

INVITER PÅ TUR! Del på

Hyttedetaljer

Størrelse og ankomst

Senger og utstyr til
4 personer
Antall soverom
1
Areal
50 m2
Ankomst
tidligst kl 12:00
Avreise
senest kl 12:00
Avstand fra vei
0,3 km (sommer)
4 km (vinter)

Annet

Husdyr tillatt
Ja

Utstyr og fasiliteter

Oppvarming
Stor vedovn
Toalett
Tørrklosett innerst i vindfang
Vann
Bekk rett ved
Kokemuligheter
Gass
Sengetoy
Dyner og puter til 4 personar. Trekk og laken evt lakenpose må taes med, evt sovepose
Kjøkkenutstyr
Gryter og stekepanne, kaffekjele, bestikk ++

Veibeskrivelse

Frå E134 ta av ved Edland og køyr vidare vestover gjennom bygda. Ta av opp mot Arabygdi (362). Etter ca 3.8 km ta av til venstre inn Songavegen (obs bomveg kr 40,-)

Frå Rauland følg (362) mot Arabygdi/ Edland. Ca 35 km frå krysset i Rauland sentrum til avkøyring inn til høgre inn Songavegen (obs bomveg kr 40,-)

 

På Songavegen følg asfal/ hovudveg heile tida. Parkering på høgre hånd 20 meter før asfalten sluttar (ca 4 km frå bomkasse).

 

Vinterstid køyr så langt det er brøyta og parker på øverste parkering. Nærmare info får du ved bestilling.

Om oss

Rune og Margit busatt i Vinje. 

Kontakt oss

Rune Aarhus

41202406

aarhus.rune@gmail.com

Lenker på denne siden

  • Ingen lenker

Om hytta

Hytta "Mjølberget" ligg idyllisk til ved ein liten bekk i Vinje kommune om lag 900 moh. Ca 4 km frå hovudvegen mellom Rauland og Haukeligrend. Det er ca 300 m frå parkering som er langs vegen inn til Songavatnet sommarstid. Vinterstid er det ein fantastisk skitur på omlag 4 km og området er vanligvis svært snorikt.

 

Hytta er ei lafta tømre med open løysing for kjøkken, stoge og ein krok med himmelseng (smal dobbeltseng ca 120). I tillegg er det eit adskilt soverom med køye, eit vindfang med ved i og litt lagringplass, innerst i vindfanget er det dør inn til ein liten utedo. Oppvarming er ein stor vedovn og det er ikkje innlagt strøm. Ved ligger i vindfanget.

 

Kjøkkenutstyr er der til enkle middager og det er kokeplater på gass. Drikkevatn i bekken, 15 meter bak hytta.

 

Rundt hytta er det fint turskiterreng vinterstid. Du finn ingen oppkøyrde skiløyper, men mange moglegheiter for å tråkke eigne spor. Hytta ligg slik at du kan fortsette rett tover Hardangervidda til Finse om du måtte ynskje. Vegetasjonen rundt hytta er spredt fjellbjørk.

 

Moglegheiter for fiske i Songavatn.

 

Ta med kr 40,- til bomveg..! / vinterstid er det parkering der brøytinga på vegen stoppar. Me har gratis parkering for deg som leiger hytta. Ellers er det 100,-/ døgnet.

 

Vegen er ikkje brøyta og på seinhausten (oktober/november/desember) må ein vere klar over at det kan komme snø, sjekk derfor værmelding før du bestiller evt sjekk med eier før du bestiller. Vinterdekk er eit must og kjetting kan vere kjekt å ha med.

 

Hytteregler/Avbestillingsregler

Du skal forlate hytta slik du ynskjer å kome til hytta.

 

Ved skal berast inn i vedkassa før du går, kjøkkenbenk fri for matrestar og smuler. Søppel takast med til container ved vegen. Golv skal vere sopa/ vaska ved behov. Alt av bestikk kjelar etc skal vere vaska opp.

Nøkkelhenting

Etter avtale med utleiger

Turtips

Flatafjødd - 1108 moh, ein fin og barnevennleg tur rett ut i frå hytta. Fin kveldstur. http://ut.no/sted/5.1-67146/ 

 

Toppturar - Gluggvarden 1300moh er eit fint alternativ på turski, ynskjer du brattare utfordringar er Vaadalen ein liten køyretur unna med rundt 800høgdemeter der du finn store flankar, renner og glissen fjellbjørk. Husnuten (1609) er ein fantastisk tur. Ellers finn du mange fine turar i nærområdet, det er heller ikkje langt å køyre til Haukelifjell skisenter eller Raulandsfjell.

 

Moltetur - Songaområdet har rikeleg med moltemyrar, er du heldig kan du plukke desserten rett ved hytteveggen.

 

Sykkel - Du finn mange og lange grus- og kjerrevegar i området som er nydelege å sykle på. Ta for eksempel ein tur inn til Gjøsløys eller over Songadammen på sykkel. Kart og turtips vil du og finne å hytta.

 

Urdbøuri - Nord Europas største steinur nokre kilometer frå avkøyring av hovudvegen retning Arabgdi. Store kampesteinar gjer og området attraktivt for buldring.

 

Fiske: Berunuten Vest i Songa og Rauland statsallmenning er nærmast.

 

Småviltjakt: Rjupejakt er freda for 2015 både på Berunuten og Rauland statsalmenning

Andre aktuelle tilbud