Veslestua i Rondane. Lita hytte med stor utsikt!
Lita hytte med stor utsikt nær Furusjøen. Fin beliggenheit med dei store Rondetoppane innan rekkjevidde.
Størrelse og ankomst
- Senger til
- 3 personer
- Antall soverom
- 1
- Areal
- 25 m2
- Ankomst
- tidligst kl 15:00
- Avreise
- senest kl 12:00
- Avstand fra vei
-
0 km (sommer)
2 km (vinter)
- Adresse
- Furusjøvegen 208
208 - Poststed
- 2670 Otta
Adresse
Beliggenhet
Kontakt utleier
95818438
Velg ankomst og avreise
Om utleier
Vi som leier ut Veslestua, bur på garden Nordre Veggum. Veslestua er ein del av setra som høyrer til garden vår.
Om hytta
Hytta høyrer til Veggumssetra. Den vart sett opp av Ola Veggum. Attåt å vera gardbrukar, var han kunstmålar.
Denne hytta ( vi kallar den Veslestua) sette han opp for å kunne vere litt for seg sjølv når han måla.
Hytta er lita og den kan følast trong for fleire enn to personar. Her er 3 (4) sengeplasser med ei familiekøye og ei enkeltseng.Seterdrifta tok slutt for omlag 70 år sidan. Vi som bur på garden brukar nå setra som feriestad, og vi held da til i eit seterhus litt oppi bakken.
Det er mange fine turmål på Mysusæter/ Furusjøen/ Kvamsfjellet.
Dei store Rondetoppane er innan rekkjevidde.
Det er fleire fiskevatn å velgja mellom. Fint terreng for småviltjakt.
Gjer merksam på at det er beitedyr i området. Hugs båndtvang. Ver alltid varsam om du møter storfe. Gå ein liten omveg i staden for å gå gjennom flokken. Ku som går med kalv skal ein ha ekstra respekt for. Den kan fort oppfatte deg som ein trussel, spesielt om du går med hund.
Hytte-/Avbestillingsregler
Avbestillingsregler
Kunden har rett til å avbestille leieforholdet inntil 30 dager før leieforholdet startar.
Ved avbestilling mindre enn 30 dager før leieforholdet startar refunderes 50 % av leiesummen. Ved avbestilling mindre enn 7 dagar før leieforholdet startar gis ingen refusjon.
Vi anbefaler alle våre kunder å ha avbestillingsforsikring saman med sin reiseforsikring
Hytteregler
- Brannsløkkingsapparat og røykvarslar skal sjekkast av leietakar ved ankomst.
- Leietakar vaskar etter seg før avreise, og forlet hytta i den stand ein ynskjer å finne den.
- Søppel tek de med til container som står på den store parkeringsplassen ved butikken på Mysusæter.
- Eventuelle skader meldes straks til hytteeier. Leietaker kan bli erstatningsansvarlig for skader som forårsakes av reisefølge/besøkende, inklusiv dyr.
Nøkkelhenting
Kontakt Eva Høgberget på mob. 958 18 438 eller mail evahogbe@gmail.com
Veibeskrivelse
Du kjører Rondanevegen opp til Mysusæter.
Ta til høgre på Furusjøvegen. (bomveg 50.-)
Etter 2 km ser du Veslestua nede i bakken til venstre.
Du er framme!
Turtips
Her finn du forslag til turar, attraksjonar og aktivitetar i området: