Bu ved Nedre Leirungen i Jotunheimen, Vågå.

Triveleg, nyrenovert bu ved vannet Nedre Leirungen. Fint utgangspunkt for fotturar, jakt og fiske i Jotunheimen nasjonalpark. Booking for sommaren og ut året opnar frå fyrst i mai.

Størrelse og ankomst

Senger til
6 personer
Antall soverom
2
Areal
45 m2
Ankomst
tidligst kl 15:00
Avreise
senest kl 14:00
Avstand fra vei
0,2 km (sommer)
2,5 km (vinter)

Adresse

Adresse
Leirungsvegen 77
Poststed
2680 Vågå

Beliggenhet

Kontakt utleier

Vågå fjellstyre

Oskar Pettersen / Knut Øyjordet

99599440 / 909 66277

vaga@fjellstyrene.no

Velg ankomst og avreise

Om utleier

Vågå fjellstyre forvaltar (etter Fjellova) bruksrettane til seter og beite, samt jakt, fangst og fiske i Langmorkje og Nordherad statsallmenningar i Vågå kommune. Langmorkje statsallmenning ligg på sørsida av Ottadalen og med eit areal på vel 884 km². Nordherad statsallmenning ligg på nordsida av Ottadalen (areal på vel 24 km²). Innafor området finn du m.a. Besseggen, Gjende, Sjodalen og Lemonsjøen.

For meir opplysningar sjå heimesida vår: Vågå fjellstyre

Om hytta

 

Lita hytte ved Nedre Leirungen, tett inntil Gjende og grensa mot Jotunheimen nasjonalpark. Hytta vart i 2018/2019 totalrenovert både utvending, og innvendig og framstår nå med god standard.

 

I sommarsesongen er bua nytta nokre helger av Leirungsdalen beitelag, i samband med tilsyn av sau på beite. Dei døgna beitelaget ikkje nyttar bua vil ho bli leigd ut på vanleg måte. 

 

Hytta ligg usjenert til saman med nokre få andre buer, på Gjendehøsida av Nedre Leirungen. Det er tre rom pluss gang i bua. Eitt rom med kjøkenkrok, spiseplass, sofakrok og vedovn, og to soverom. Eine soverommet innheld familiekøye og ei enkeltseng, i andre soverommet er det ei familiekøye. Alt av kjøkenutstyr for vanleg enkelt hushald. Stort uthus, med utedo og lagerplass. Vatn hentar ein anten i Nedre Leirungen, eller i bekken som renn ut frå vatnet. Ta gjerne med drikkevatn. Ved, gass og reinhaldsutstyr er inkludert i leigeprisen. Strøm frå solcelleanlegg til belysning, og det er mogleg å lade mobiltelefonar/gps ol. som kan ladast med 12V (ta med seg eigen ladeplugg ("standard bilplugg") og ladekabel). Gasskjøleskap til oppbevaring av mat. Kjøleskapet er ikkje veldig stort så plass for kjølevare er begrensa (totalt volum på 100 liter, 85 l kjøledel og ein liten fryseboks på 15 l).

 

Nedre Leirungen som ligg rett ved hytta, er eit godt fiskevatn. Det ligg eigen robåt ved Nedre Leirungen som følgjer med ved leige av hytta (motor er forbudt). Det heng redningsvestar til 4 personar i uthuset (dekkjer vektintervall mellom 40-100+ kg). I tillegg til stongfiske har utanbygds også lov til å fiske med oter på Nedre Leirungen. I garnfiskeperioden (15.-30.06 og 01.08-15.09) skal dorging og oterfiske kun skje mellom kl. 10.00 og 17.00 (sjå fiskereglane for meir detaljer når du løyser fiskekort). 

Hytte-/Avbestillingsregler

 

  • Leigetakar disponerer hytta frå kl. 15.00 ankomstdagen til kl. 14.00 avreisedagen. Reiser du ut på fiske/tur på avreisedagen og veit at du ikkje vil vera attende før kl. 14.00 må hytta vera rydda og klargjort før ein reiser ut.
  • Parkering skal skje på plassen før ein kjem til den låste grinda. Sjå opplysningane som ligg under "Veibeskrivelse".
  • Før avreise skal hytta vera vaska, rydda og klargjort for nye gjestar.Det er opphengt plakat med retningsliner og nødvendig utstyr for reinhald i hytta. Hugs å vaske kjøleskap, og ta med alt av matrestar, også tørrvare!
  • For at alle skal få trygge og gode opphald er det viktig at og gjestane tek ansvar for smittevernet. Det er utplassert utstyr for overflate/ hånddesinfeksjon på alle hyttene. 
  • Betjeningspanel for solcelleanlegg er i gangen. Hovudbrytaren må slås på ved ankomst, og skal stå på "AV" når ein reiser. Andre brytarar skal ikkje røyvast.
  • Gjer deg kjent med kor brannslukningsapparatet er, og sjekk at røykvarslarar fungerer. Slå på gassvarslar ved ankomst, og slå den av når du reiser. Gassvarslar er montert på enden av kjøkenbenken nede ved golvet.
  • Gassflasker står i låst skap/ kasse på utsida av veggen. Det er kraner for å stengje/opne for gassen på veggen bak kjøleskåpet, slik at flaska kan stå påkopla ute.
  • Dyner og puter kan brukast, men du må ha med eige sengetøy (laken, putretrekk, dynetrekk), i dei hyttene der det ikkje er dyner må du i tillegg til sovepose ha med laken og putetrekk. 
  • Ved manglande reinhald vil leigetakar bli fakturert for reinhald/ rydding. Kostnad blir avgjort ut i frå arbeidstid som blir brukt for å få hytta i tilfredsstillande stand. Minimum kr. 750,-
  • Det er lov med hund, men hundar skal ikkje liggje i senger eller møbler. Dersom hund skal vera att aleine i hytta skal den vera trygt plassert i bur for å unngå skader på hytta og/eller møbler/inventar. Det står bur i gangen.
  • Eventuelle skader som oppstår på hytta og/eller inventaret skal varslast til ein av fjellstyret sine tilsette.

 

Reglar for avbestilling:

  • Ved avbestilling meir enn 4 veker før leigestart blir 85% av leigesummen attendebetalt.
  • Ved avbestilling mindre enn 4 veker før leigestart blir 75% av leigesummen attendebetalt.
  • Ved avbestilling mindre enn 2 veker før leigestart blir 50% av leigesummen attendebetalt.
  • Ved avbestilling mindre enn 1 veke før leigestart blir 25% av leigesummen attendebetalt.
  • Ved påbegynt leigeforhold mindre enn 1 døgn før leigestart blir det ikkje attendebetalt leige.

Varsel om avbestilling skal sendast på e-post til fjellstyret, vaga@fjellstyrene.no.

Nøkkelhenting

Nøkkel heng i kodeboks ved døra. Kode blir oppgjeve på kvittering frå Inatur når booking er bekrefta, og betalt. Nøkkel til grinda heng i hytta, det blir difor ein liten rusletur for å få henta den. 

Veibeskrivelse

I barmarkssesongen: Sving av Fv 51, og kjør ned Leirungsvegen mot Nedre Leirungen, ca 1,5 km frå Maurvangen. Etter ca 300 m, kjem ein til ei låst grind.

Parkering SKAL skje på plassen ved grinda, det er trangt ved enden av vegen og ikkje plass til å parkere mange bilar der. Difor må plassen vera ledig for dei som skal fiske, drive tilsyn med beitedyr eller eigarar av dei andre hyttene. Men dei som leiger bua får nøkkel til grinda (sjå om nøkkel lenger nede på sida), slik at dei kan frakte bagasje og utstyr til enden av vegen, laste av og kjøre bilen tilbake til parkeringsplassen. Følg vegen over brua, heilt til enden (smal og ganske dårleg grusveg). Vegen sluttar ved fyrste hytta som ligg nede ved vatnet (kjøring forbi dette punktet er ikkje lov). Det er da ca 200 m. å gå bort til bua. Bua er brunbeisa og ligg til høgre saman med eit mørkare uthus. Tidleg om våren/seint om hausten er det ikkje sikkert Leirungsvegen er brøytt, ein må da parkere ved Fv. 51, det er vanlegvis plass til å parkere på innsida av vegen. 

Om vinteren må ein gå frå Maurvangen på ski. Følg vegen oppover mot Valdresflya, ta av ned Leirungsvegen og følg den bortover mot buene.

Fv. 51 over Valdresflya er vinterstengt mellom Beitostølen og Maurvangen (i utgangspunktet i perioden 15.12-15.04, men dette kan variere etter vær- og snøforhold). På hausten/våren kan vegen bli stengt på stutt varsel når værforholda tilseier det. Det lønner seg difor å sjekke oppdaterte vegmeldingar om ein kjem frå Valdressida.

Det er rutegåande trafikk innover Sjodalen kun i høgsesongen i sommarhalvåret, ein er difor avhengig av privatbil elles i året.

Turtips

Bua er eit godt utgangspunkt for turar både haust, vinter og vår. Det går fleire umerka turstigar i retning Gjende og Gjendehøe, og det går stig rundt Nedre Leirungen, og oppover i retning Knutshøe. DNT-ruta mellom Gjendesheim og Haugseter går også forbi rett austfor bua. Om vinteren er det mange moglegheiter for fine skiturar både i og utanfor oppkjørte løyper. Innover Valdresflya, på sørsida av Gjende er det fleire 2000-meters toppar å velgje mellom, toppar som er populære turmål også på våren. 

Vågå fjellstyre har eit godt tilbod til dei som vil drive jakt og fiske, på heimesida finn du meir informasjon om tilboda. På austsida av Valdresfly-vegen er det treningsfelt for fuglehund, som er open i tida 21.08-14.09, elles er det i februar og mars lov å trene fuglehund i heile statsallmenningen (utanom Jotunheimen NP) mot løysing av treningskort. Stongfiske startar 15. mai. Om vinteren er det opna for isfiske på alle vatn. 

Jakt- og fiskekort, samt treningskort for fuglehund kan løysast her på Inatur (eller på ei av turistbedriftene i området).

 

Andre aktuelle tilbud